aktuelt

Rekordstort mållag krev nynorsk inn i Grunnlova

Peder Lofnes Hauge (Foto: Kristianne Marøy)

– Det er på høg tid at Grunnlova slår fast at norsk er nasjonalspråket i Noreg, og at nynorsk og bokmål er skriftspråka. Nynorsk må inn i Grunnlova, seier Peder Lofnes Hauge, som også tek attval for to nye år.

Noregs Mållag samlar seg til landsmøte i Trondheim frå fredag 19. til sundag 21. april. Då vil eit krav om å få norsk språk og jamstilling mellom nynorsk og bokmål inn i Grunnlova, stå sentralt. 

Peder Lofnes Hauge meiner det vil gje den formelle likestillinga ein sterkare og tydelegare rettsleg status, og at dette vil vere særleg viktig for nynorsken.

Noregs Mållag har opplevd enorm medlemsvekst dei siste åra, og hadde i fjor det høgste medlemstalet sidan 1985, med 15 682 betalande medlemer. Mållagsleiaren meiner det er eit offensivt mållag som no samlar seg til landsmøte.

– Det er stor vilje til strid i mållaget. Vi er i vekst og skal krevje meir i åra som kjem! Det vi vedtek på landsmøtet denne helga, må bli nasjonal politikk.

Landsmøtet skal mellom anna diskutere opplæringspolitikk, lærarutdanninga og språkteknologi. Det siste meiner Lofnes Hauge blir avgjerande viktig for nynorsken i åra som kjem.

– Vi må forstå korleis språkteknologien påverkar språka våre, og styresmaktene må stille krav til at teknologiutviklinga har med seg språkperspektivet. Digitale løysingar må forstå nynorsk. Berre slik kan det bli like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar, også i den digitaliserte kvardagen. 

I høve landsmøtet deler Mållaget ut både Målprisen 2024, Målblome, nynorskstipend og Nynorsk barnelitteraturpris. Det vert også valgt nytt styre til Noregs Mållag. Sakspapir og dagsorden er lagde ut her: https://www.nm.no/om/landsmote-2024/ 

Ynskjer du meir informasjon om landsmøtet, ta gjerne kontakt:
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, 951 22 689, e-post: peder.hauge@nm.no 

Hege Lothe, org- og info.rådgjevar, 926 48 348, e-post: hege.lothe@nm.no