norsk tidend

Rettar fingeren mot staten

Eirik Ulltang Birkeland har omsett om lag 130 bøker frå bokmål til nynorsk.

Mykje av problemet med seine læremiddel på nynorsk er knytta til læreplanreformene, meiner
både forleggar og omsetjar.

TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES

– Skulestart er ein frist som ikkje flyttar på seg. Då er det 800 000 elevar som skal byrja på skule, og dei skal ha læremiddel. Vi er alltid opptekne av å ha læremidla klare, seier Ulv Pedersen, forlagsdirektør i Gyldendal og leiar av læremiddelutvalet i Forleggerforeningen.
Likevel kjem fleire lærebøker på nynorsk for seint til skulestart. Sidan i fjor haust har 25 skular –
både grunnskular og vidaregåande skular – meldt frå til Mållaget om éi eller fleire bøker som mangla i august. Kvifor er det slik?

Omsetjing er hovudregel

Pedersen fortel at forlaga vanlegvis brukar tre til ni månadar på ei lærebok, alt etter storleik og kompleksitet. Først arbeider dei med manus saman med forfattarane. Dette brukar dei mykje tid på. Når tida kjem for å tilarbeide teksten til boksidene, vert teksten tatt ut og sendt til omsetjing.
– Våre forfattarar skriv på bokmål, så omsetjing er hovudregelen. Det er slik prosessane våre er lagde opp.
Etter at teksten er sendt til omsetjing, går bokmålsboka vidare til produksjon. Dette tek 3–4 veker.
– Når vi kan levere nynorskversjonen, avheng av kor lang tid omsetjinga tek. Vanlegvis kjem den
3–4 veker etter bokmålsversjonen, forklarar Pedersen.
Han understrekar at det kan ta lengre tid med bøker til norskfaget. Parallellitetskravet – kravet om at læremiddel skal liggje føre på nynorsk og bokmål til lik tid og til lik pris – gjeld heller ikkje for norskfaget.

Ulv Pedersen er forlagsdirektør i Gyldendal, og leiar av læremiddelutvalet i Forleggerforeningen. Foto: Gyldendal

Treffer hardare

Vanlegvis er bokmålsbøkene klare på våren, helst før påske. Nynorskproduksjonen blir ofte ferdig i løpet av sommaren, ifølgje Pedersen.
– Kvifor er det likevel bøker som kjem for seint?
– Mykje av problemet med seine læremiddel er knytt til læreplanreformene. Dei nye læreplanane
var først klare i november 2019 og skulle takast i bruk allereie hausten 2020.
Det kan førekome forseinkingar for både bokmåls- og nynorskbøker, ifølgje Pedersen.
– Men det treffer nynorskutgåvene hardare, fordi dei ligg etter i den prosessen vi har lagt opp.

Mykje av problemet med seine læremiddel er knytt til læreplanreformene

Ulv Pedersen

Det siste leddet

Eirik Ulltang Birkeland, ein frilansar basert i Bergen, er ein av dei som arbeider med å omsetje lærebøker til nynorsk. Det varierer kor mykje tid han får på seg.
– Nokre gongar er det avtalt i god tid at den og den boka kjem då og då. Andre gongar ringjer forlaget og seier: Hei, kan du ta denne i løpet av 14 dagar?
Birkeland får fila og gjer sin del av jobben. Etter at han har sendt det tilbake til forlaget, får han eit
digitalt eksemplar tilbake når det grafiske er på plass. Han ser over og melder tilbake om eventuelle rettingar.
– Ein kan føle seg som det siste leddet i ei lang kjede. Om ting har gått litt trått tidlegare i prosessen, så kan eg forstå om forlaga vil hente seg litt inn.

Eirik Ulltang Birkeland har omsett om lag 130 bøker frå bokmål til nynorsk. Foto: Privat

Etterlyser meir tid

Birkeland meiner det ikkje er forlaga ein må rette skytset mot, når det gjeld forseinka lærebøker. Han reagerte då tidlegare statssekretær Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet uttalte i Norsk Tidend i fjor at forholda ligg til rette for at lærebøkene skal kome til riktig tid.
– Då har dei ikkje nok innsikt i prosessen. Fakta er at forlaga jobbar på spreng for å få lærebøker også på bokmål klare til skulestart.
– Kva er løysinga, slik du ser det?
– Det som ville ha hjelpt, var å forlenge tida frå læreplanen blir vedteken, til han blir innført. Det er det staten som kan gjere noko med. Då får forlaga betre tid til å gi ut lærebøkene, og dei vil kome ut på begge målformer i tide.

Fakta er at forlaga jobbar på spreng for å få lærebøker også på bokmål klare til skulestart

Eirik Ulltang Birkeland

– Har fått tid

I samband med fagfornyinga har det vore meir tid for både skulane og dei som utviklar læremiddel, til å setje seg inn i dei nye læreplanane før dei blir tatt i bruk, samanlikna med tidlegare. Det meiner statssekretær Kristina Torbergsen hjå Kunnskapsdepartementet.
– Dette er også første gong læreplanprosessen har vore så open og involverande. Forlaga har derfor hatt tid på seg til å starte arbeidet med utvikling av læreplanar tidlegare, sjølv om dei heilt sikkert kunne ha ønskt seg meir tid, seier ho.
– Så du meiner at forholda ligg til rette for at bøker på begge målformer skal kunne kome til same tid i dag?
– Ja, det er riktig, og det er lovfesta. Det er eit viktig krav i opplæringslova, som regjeringa ynskjer å vidareføre, svarar Torbergsen.