norsk tidend

Skandinavane og nasjonalspråket

I Noreg er det den politiske venstresida og sentrumspartia som fyrst og fremst vil verna språket vårt mot engelsk. Men i nabolanda våre er kampen for nasjonalspråket blitt ei sak for partia på ytste høgre fløy.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

«Mit håb er, at vi efter valget får vedtaget en sproglov, der knæsætter en aktiv sprogpolitik, så vi kan få vendt udviklingen til gavn for det danske sprog i stedet for den afvikling, vi oplever i visse dele af erhvervslivet og på uddannelsesinstitutionerne. Dette sa kultur- og skulepolitisk talsperson i Dansk Folkeparti, Alex Ahrendtsen, til Den Danske Sprogkreds, ei foreining som «arbejder for at bevare det danske sprog som fundamentet for dansk kultur og samfund» i mars i år. 

Her på berget har ei ny språklov vore i emning i mange år og gjennom fleire regjeringar. Til sist vart det noverande kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande frå Venstre som skulle gjera alvor av planane; i haust sende ho eit framlegg til ny språklov på høyring. I framlegget står det mellom anna: «Fordi posisjonen til norsk i dag er […] under press frå engelsk i fleire sektorar, føreslår departementet å slå fast i ei eiga føresegn i språklova kva status norsk språk skal ha i Noreg.» 

Vår eigen kulturminister er med andre ord heilt på linje med den danske politikarkollegaen sin i å ønskja å verna om nasjonalspråket. Men Alex Ahrendtsen tilhøyrer eit parti som allmennpolitisk ligg temmeleg fjernt frå dei som frontar språkkampen i Noreg. Dansk Folkeparti er eit høgrepopulistisk parti. Dei profilerer seg særleg på å vera innvandringskritiske og til dels kritiske til klimauroa. Ved valet tidlegare i år fekk partiet 8,7 % av røystene, men var ved valet i 2015 Danmarks nest største parti med over 20 %. 

Kultur- og skulepolitisk talsperson i Dansk Folkeparti, Alex Ahrendtsen. Foto: Nils Svalebøg / Jysk Fynske Medier

– Språkrøkt er ikkje noko ein gjer

Rasmus Glenthøj er lektor, ph.d., ved Syddansk Universitet. Han har vigd mykje av karrieren sin til spørsmål som gjeld forholdet mellom Noreg og Danmark, og var mellom anna ansvarleg for 1814-programmet til Fondet for dansk-norsk samarbeid. Glenthøj fortel at språkleg proteksjonisme i stor grad er ei sak for den politiske høgresida i Danmark. 

– Dei som er opptekne av å bevara dansk språk og snakkar høgt om det, vil ein spesielt finna innanfor Dansk Folkeparti, og også til ein viss grad innanfor De Konservative. Å høyra til dømes unge høgt utdanna danskar med andre allmennpolitiske orienteringar prata om dette som ei sak, vil vera svært uvanleg. Det gjeld særleg om dei orienterer seg til venstre for midten. Slike haldningar ville ikkje passa inn i biletet ein i Danmark har av folk på venstresida. Språkrøkt, altså å prøva på å styra, ta vare på og verna språket, det er ikkje eigentleg noko ein synest ein skal gjera. 

Og det kan vera grunnar til at Dansk Folkeparti får ha kampsakene sine i fred. Representantane til partiet er nemleg ikkje redde for å provosera. Mellom anna har den tidlegare nemnde kultur- og skulepolitiske talspersonen Ahrendtsen presentert ein teori om kvifor kvinner på venstresida er meir liberale til innvandring enn han meiner dei burde vera, i eit innlegg på nettstaden fyens.dk: «Nogle gange tænker jeg på, hvorfor venstreorienterede kvinder synes, det er så berigende at importere mellemøstlige mænd med et forældet og ofte farligt kvindesyn, og jeg kan ikke slippe tanken om, at der ligger en urgammel undertrykt seksuel drift og lurer i disse kampkvinder. Draget som de er af et lønligt håb om en omgang Fifty Shades of Grey». Av andre utspel kan det nemnast at tidlegare leiar i partiet, Pia Kjærsgaard, har lagt skulda for valnederlaget tidlegare i år på det ho kallar «klimatullingar». 

Rasmus Glenthøj seier det er stor skilnad på Noreg og Danmark i synet på språkleg proteksjonisme, og at skilnaden har historiske forklaringar. 

– Den indre språkkampen i Noreg, altså kampen mellom bokmål og nynorsk, har halde språkspørsmålet varmt hos dykk. I Danmark har det ikkje vore nokon indre språkstrid på 150 år. Den vart avslutta allereie i 1864, ved den andre slesvigske krig, då Danmark måtte avstå mykje land med mange tyskspråklege til Tyskland. Når det ikkje lenger fanst tyskspråklege i Danmark som kjende seg som tyske, hadde ein ikkje noka indre språkleg spenning, og då vart språkspørsmålet ein mindre viktig del av nasjonsbygginga. For sosialdemokratane i Danmark har til dømes språk aldri vore noka sak i det heile. 

Nasjonale synspunkt og ideologiar er meir mangfaldige enn mange trur, seier Glenthøj. 

– Det nasjonale er ein kompleks storleik som har ein tendens til å bli forbunde med høgresida. Men det nasjonale kan koplast opp mot alle ideologiar, også dei på venstresida. 

– Lite interesse for språkvern 

Til skilnad frå dei andre skandinaviske landa har Sverige ei språklov som gjev eit visst vern for svensk språk. I lova står det mellom anna, i § 5: «Som huvudspråk är svenskan samhällets gemensamma språk, som alla som är bosatta i Sverige ska ha tillgång till och som ska kunna användas inom alla samhällsområden.» Men korleis står det eigentleg til med interessa for språk i landet? 

Dick Harrison er professor i historie ved Lunds universitet. Han meiner, som fleire andre historikarar og statsvitarar Norsk Tidend har vore i kontakt med, at den politiske interessa for språk i Sverige er svært lita. Harrison meiner den jamne svensken ikkje opplever det svenske språket som truga. 

– Sverige var ei stormakt på 1600-talet og vart verande Nordens sterkaste stat inn på 1900-talet. Det svenske språket har difor aldri hatt nokon naturleg fiende. 

Om nokon skulle engasjera seg i språkproteksjonistiske spørsmål i Sverige, er det den politiske høgresida, meiner Harrison. 

– Det politiske partiet som dette er ei mest nærliggjande sak for, er Sverigedemokraterna. Slik den politiske situasjonen er i Sverige, hadde det vore svært politisk ukorrekt for venstresida å krevja sterke tiltak for å verna om det svenske språket. Eg har veldig, veldig vanskeleg for å førestilla meg at noko menneske der skulle koma på den idéen. 

På nettstaden til Sverigedemokraterna kan ein mellom anna lesa dette: «Sverigedemokraterna vill stärka svenska språket ytterligare, inom både det offentliga och det privata, vare sig det gäller ren informationsförmedling eller medborgardialog. Därför vill vi se över språklagen.» Det er historiske forklaringar på at språk ikkje er ei sak for venstresida, meiner Harrison. 

– Språkspørsmål er nasjonalt ladde, og i Sverige har nasjonalismen sidan slutten av 1800-talet blitt forbunden med konservativ politikk på høgresida. I Noreg vart det som kjent tvert om, der vart nasjonalismen eit radikalt prosjekt. 

– Meir nyansert 

Olle Josephson er professor emeritus i nordisk språk ved Stockholms universitet og tidlegare direktør i Språkrådet i Sverige. Han er samd med Dick Harrison i at interessa for språk ikkje er stor hjå medelsvensson.

– Språket har ikkje på langt nær den same symbolverdien i Sverige som i Noreg, eg vil faktisk meina at Sverige er det landet i Skandinavia der språk har minst symbolverdi. Den jamne svensken har eit pragmatisk forhold til språk. Me har rett nok sett ei auka interesse for språk generelt dei siste femten–tjue åra, men eg trur ikkje ein kan seia at det gjeld spørsmål som handlar om språkvern. 

Josephson meiner likevel biletet av kven som vil engasjera seg i språkvern i Sverige, er noko meir nyansert enn Dick Harrison vil ha det til. 

– Om ein brukar ordet proteksjonisme, er det nok rett at dette ikkje er ei sak andre enn høgresida hadde hatt så lyst til å ta i. Og det er rett at språkvern mot engelsk har vore ei sak som mange forbind med krefter på den politiske høgresida, fyrst og fremst Sverigedemokraterna. Men det finst òg dei på den politiske venstresida i Sverige som tek til orde for vern av svensk mot anglifisering. Eit døme har me i foreininga Språkförsvaret, ein frivillig organisasjon som jobbar for saka. I den finst det mange folk på venstresida. 

Språkengasjerte svenskar på venstresida vil vera nøye med å ikkje bli sette i bås med høgresidenasjonalistar i språklege spørsmål, seier Josephson. 

– Eit forsvar for svensk ville alltid koma saman med eit forsvar for vern av immigrantspråk. Det er for å sikra at kritikken blir retta mot anglosaksisk kulturimperialisme og monokultur, og ikkje mot fleirspråklegheit.

Sjølv om Olle Josephson ikkje utelukkar språkleg engasjement på venstresida, meiner han at det engasjementet for språkvern som Sverigedemokraterna har vist, kan hindra andre parti i å uttala seg om saka. 

– Det har faktisk vore ein diskusjon i Sverige om Sverigedemokaterna har lagt beslag på spørsmål som gjeld den svenske kulturarven. Den diskusjonen har ikkje spesifikt handla om språk, men om andre svenske kulturuttrykk. Eit døme er at Sverigedemokraterna for nokre år sidan føreslo at ein skulle gjeninnføra undervisning i svensk folkedans i skulen. Den svenske folkemusikkrørsla var svært negativ til Sverigedemokraterna sitt syn på folkedans og folkemusikk, med grunngjevinga at folkemusikken er ein del av noko internasjonalt som heile tida får impulsar utanfrå. Ein liknande debatt kunne absolutt tenkjast å oppstå i saker som gjeld språk òg. Eg meiner det er påfallande kor lite interessert det politiske sentrum og venstresida er i å prata om spørsmål som gjeld den svenske kulturarven. 

– Større språkleg engasjement i Noreg
Svein Ivar Angell er professor i historie ved Universitetet i Bergen og har arbeidd mykje med spørsmål som gjeld nasjon og nasjonsbygging. Han meiner det er tvillaust at det er større engasjement for språk i Noreg enn i Sverige og Danmark. 

–Språk er viktig for fleire her i landet. Noreg er ein ung nasjon, og det gjer at det norske språket er knytt til identiteten vår på ein heilt annan måte enn i nabolanda. Den norske tospråkssituasjonen gjer til dømes at me har eit pågåande offentleg ordskifte om norsk språk. Gjennom språkstriden har me også fått eit institusjonelt apparat med medlemsbaserte masseorganisasjonar som jobbar for språk, som Noregs Mållag, og noko slikt finn du jo ikkje i nabolanda våre. Dette meiner eg også er forklaringa på eit større engasjement i kampen for å unngå domenetap for nasjonalspråket enn i Sverige og Danmark. 

Angell presiserer at ein òg i Noreg vil finna folk frå fleire politiske ståstader som pratar norskens sak. 

– Inntrykket mitt frå innsida av akademia er at synspunkta i større grad lèt seg dela inn etter fagleg enn politisk tilhøyrsle.

Svein Ivar Angell meiner likevel det heilt klart er skilnad på korleis nasjonalismen har arta seg i Noreg, sett opp imot Sverige og Danmark, og at det kan påverka kven som uttaler seg positivt om saka. 

–I Noreg vart nasjonalismen fyrst og fremst, om enn ikkje berre, eit radikalt og samfunnsomformande prosjekt. Eitt utslag av dette er at ein framleis finn dei fremste forsvararane av nynorsken i partia frå sentrum og utover på venstresida. I Sverige og Danmark tok nasjonalismen andre former. Det er difor ikkje overraskande at det er dei høgrenasjonalistiske fløypartia i Sverige og Danmark som i stor grad har teke eigarskap til spørsmålet om språkleg proteksjonisme. 

Tidlegare kulturminister Linda Hofstad Helleland frå Høgre ytra eit offentleg ønske om å verna om norsk kultur medan ho var statsråd. Svein Ivar Angell meiner utspelet var mislukka og eit døme på at det norske klimaet er annleis enn i nabolanda. 

– Utspelet vitna om eit forsøk frå høgresida på å monopolisera omsorga for norsk kulturarv. Men det går ikkje, for i Noreg er det fullt mogeleg både å vera radikal og samstundes forsvarar av den norske kulturarven, mellom anna den språklege.