Søk nynorskstipend!
Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar?
Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. I 2025 gjekk Nynorskstipendet til Kornelia Melsæter for førestillinga «Det var ein gong eit språk» som skal på turne til ungdomsskular på Austlandet og Espen Moe Breivik for å skape innhald i sosiale medium om politikk retta mot unge vaksne.
Det er ei stor spennvidde mellom stipendmottakarane. Sjå lista her. Stipenda skal gå til prosjekt som fremjar nynorsk på område der han frå før er lite brukt. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.
Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport innan prosjektåret er slutt. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale.
Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Søknaden må innehalde problemstilling og mål, arbeidsform/metode, tidsplan, budsjett, CV og ev. referansar til tidlegare arbeid. Frist for å sende inn søknad er 15. februar til nm@nm.no