norsk tidend

Språket som ikkje fekk vera med

Kari Traa gjorde det i si tid, og seinare har fleire andre følgt etter. Nynorskspråklege verksemder byter til bokmål for å bli funne på nett. – Algoritmane kan endrast, men Google høyrer nesten ikkje på nokon utanfrå, seier ein av Noregs fremste på nettsøk.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Kristin Lemme på Voss driv verksemda Flor, som sel arbeidsklede for kvinner. Som moderne klesbutikkar flest har Flor ei nettside og ein nettbutikk, dit dei vil at både forhandlarar og kundar skal finne vegen. Frå oppstarten i 2018 var Lemme trufast mot bruks- og hjartespråket nynorsk i marknadsføringa. Men gradvis gjekk det opp for henne at kostnaden ved det var stor.

– Ingen søkjer etter «arbeidsklede»

– Folk søkjer ikkje etter «arbeidsklede», men «arbeidsklær», anten dei brukar nynorsk eller bokmål sjølve. Og jamvel om Google tilbyr gode måtar å annonsera på, er me avhengige av å bli funne gjennom det vanlege søket. Så sjølv om me sette oss inn i nettverda så godt me kunne, og bruka alle triksa me fann i boka, vart konklusjonen at ulempa ved å halda på nynorsk vart for stor for oss, seier Lemme.

Alle nettsideplattformer gjev redaktøren høve til såkalla «metatagging»: å leggja inn bokmålsord «på bakrommet», som synonym. Der kan Lemme og kollegaene skriva inn «arbeidsklær», slik at folk finn fram til dei sjølv om dei søkjer på «arbeidsklær». Problemet er berre at dei uansett vil kome mykje lågare på trefflista enn dei nettbutikkane som skriv «arbeidsklær» gjennomgåande på eiga side, rett og slett fordi Google under skanninga av sida kjem over fleire tilfelle av «arbeidsklær».

Det sat langt inne, men i november 2020 gjorde Kristin Lemme og Flor det vanskelege valet. No er heile nettstaden deira på bokmål, og nynorsk er reservert for dei delane av verksemda der dei ikkje er avhengige av nettsøk. Det smerta langt inn i hjarta.

– Det er ikkje tvil om at det var vanskeleg for meg. Eg kjende jo at me miste identiteten vår, og det er skikkeleg kjipt, seier Lemme.

Flor la om nettsida til bokmål tidleg i 2021.

Kristin Lemme forsikrar at det så absolutt ikkje er motvilje mot nynorsk frå kundane som gjer at Flor har bytt marknadsspråk.

– Eg trur tvert imot det har vore ein fordel å bruka nynorsk i marknadsføringa. Ein skil seg ut, og eg fekk aldri negative tilbakemeldingar på at me var ei nynorskverksemd.

Lemme seier at alle nettsider Flor kjenner til, som har lukkast med marknadsføring på nynorsk, har ei parallellside på bokmål. For Flor var ikkje det aktuelt.

– Det vil bli for mykje arbeid – og dermed for dyrt – for oss å vedlikehalda både ein nynorskversjon og ein bokmålsversjon.

Flor har allereie merka meir trafikk på nettstaden etter å ha gått over til bokmål, fortel Lemme. Ho er likevel klar på at ho vonar ikkje alle nynorskverksemder gjer som dei.

– Eg håpar verkeleg ikkje alle gjev opp. Om den dagen skulle koma at «alle» veit kven Flor er, og folk søkjer på namnet vårt, då skal me byta tilbake til nynorsk. Det er eg fast bestemt på.

Ei anna som i si tid starta opp med klesproduksjon på Voss, er Kari Traa. No er verksemda til Kari Traa den aller største i Noreg på ullundertøy og tur- og treningsklede til kvinner. I byrjinga profilerte også Kari Traa seg mest på nynorsk, men dei gjekk temmeleg raskt over til bokmål, fortel Kari Traa.

– Me slutta av same grunn som Flor. Skulle me konkurrera med andre i same bransje, vart me «tvinga» til å ta eit slikt grep.

Traa legg ikkje skjul på at ho er lei seg for språkskiftet.

– Eg synest det er trist at Kari Traa som merkevare lyt vera med på å byggja ned nynorskbruken ute i samfunnet. Me ville jo bruka nynorsk, sidan det også har med identiteten til merkevara å gjera.

Kari Traa ser ikkje bort ifrå å bruka meir nynorsk i marknadsføringa om teknologien skulle bli betra.

– Blir det gjort endringar i søkjemotorane, vil me sjølvsagt vurdera å bruka meir nynorsk.

Klesgiganten Kari Traa på Voss gav seg tidleg med marknadsføring på nynorsk fordi dei ikkje vart funne gjennom nettsøk, fortel Kari Traa. Foto: Britt Embry

– Har aldri vurdert berre bokmål

På Voss ligg også Myrkdalen Fjellandsby, som driv turistverksemd med mellom anna hotell og alpinanlegg. Dei har valt å ha ein bokmåls- og ein nynorskversjon av nettsida si. Det er slett ikkje grunna eventuelle kundar som ikkje vil lesa nynorsk, fortel merkevareansvarleg Margrethe Alm.

– Me skulle helst hatt berre ein nynorskversjon. Den einaste grunnen til at me har ein bokmålsversjon, er for å koma høgare opp i vanlege søk. Men det er nynorskversjonen som er standardversjonen av sida vår, så søkjer du til dømes berre på «Myrkdalen», kjem du inn på den.

Ho fortel at dei brukar ganske mykje ressursar på å vedlikehalda to identiske versjonar av nettstaden sin, men at det er verdt det.

– Me har aldri vurdert berre å ha nettstad på bokmål. Nynorsk handlar om identiteten vår, seier Alm.

Men det finst òg nynorskverksemder som held fast på nynorsken.

Yvonne Aga Romøren held til i Øvre Årdal og driv nettbutikken kortlevert. no, som sel helsingskort og ymse anna småtilfang. Ho har valt å marknadsføra seg berre på nynorsk. På mange måtar trur ho, som Kristin Lemme i Flor, at det er ein fordel.

– Eg trur eg tener litt på det. Før eg starta opp, var eg litt redd for at det skulle vera ei ulempe overfor kundar som ikkje sjølve brukar nynorsk. Men det har synt seg å vera tvert imot, eigentleg, sjølv om dei fleste av kundane mine er frå Austlandet. Folk skjønar liksom at dette er «ekte vare», når dei ser at sida er på nynorsk.

Kortlevert.no er eit «einkvinnesprosjekt» der Romøren sjølv gjer absolutt alt, og ho har greidd å skaffa seg eit levebrød ved hjelp av nesten berre nettbutikken. Men ho ser ikkje bort frå at ho hadde nådd fram til fleire og dermed selt meir om ho hadde marknadsført seg på bokmål.

– Eg har flest treff på annonsering i sosiale medium og i Google, og litt via søk. Sjølv om eg flittig brukar dei moglegheitene eg veit om for å gjera sida søkbar, særleg gjennom metatagging, trur eg det kan vere ei ulempe å bruka nynorsk dersom eg vil nå ut til flest mogeleg.

Nettbutikken Kortlevert har så langt valt å berre profilera seg på nynorsk.

Men for Yvonne Aga Romøren er det likevel ikkje eit alternativ å gå over til bokmål, eller å vedlikehalda parallellversjonar av nettsida – enno.

– Eg har aldri tenkt på å ha å ha parallellversjon på bokmål før, men utelukkar det ikkje i framtida dersom det blir naudsynt.

– For lite for Google å tena på det

Så kva seier ekspertane på det vi kallar søkjemotoroptimalisering – «vitskapen» om kva som skal til for at søkjemotorane skal finna deg? Er nettsideprofilering på nynorsk eit garantert tapsprosjekt, eller finst det rom som nynorskverksemdene ikkje har funne?

Roar Eriksen er kanskje den i Noreg som veit aller mest om kva som skal til for å vera synleg på nett. Han har arbeidd med problemstillinga i over 20 år, i periodar også for Google, og han har eit stort nettverk blant dei som jobbar der. No driv han sitt eige føretak, Eriksen Education, og har hjelpt tallause norske føretak – store som småe, nynorskverksemder inkludert – med å få meir trafikk på nettsidene sine.

Sjølv om Eriksen på si eiga nettside lovar at han kan hjelpa dei fleste, har han ikkje noka gladmelding til målfolket. Han seier det rett og slett er umogeleg å nå like høgt opp i Google-søk som ei bokmålsverksemd, om du har nettsider berre på nynorsk.

– Googlesøket handterer i grunnen berre bokmål, og skjønar ikkje kva det skal gjera med nynorsk. Søkjer du på «innskotspensjon», vil du få spørsmålet «mente du ‘innskuddspensjon’?».

Nettsøkekspert Roar Eriksen har ikkje tru på at kultur- og likestillingsminister Abid Raja får påverka Google. Foto: privat

Eriksen meiner nynorskverksemder difor må gå vegen om bokmål.

– Fordi dei aller fleste søkjer på bokmål, er mitt klare råd er å ha ein parallellversjon av nettsida på bokmål. Sjølv om ein kan gjera nokre grep for å auka trafikken på sida ved hjelp av til dømes googleannonsar, utgjer det ein liten del av det totale kundepotensialet.

Men er det noko nynorskverksemder som berre vil ha nettstad på nynorsk kan gjera, for å få meir trafikk på sidene? Eriksen seier somme kan vera hjelpte av å kjøpa ord som er viktige for dei, som Google gjev høve til gjennom annonseringsordninga si.

– Men det vil uansett vera eit dårlegare alternativ enn parallellversjon på bokmål. I Noreg kjem i snitt 80 % inn på nettsider via såkalla organisk søk og 20 % via annonsar. Då seier det seg sjølv at det er ei stor ulempe å ikkje gjera seg så tilgjengeleg som råd gjennom søk.

Eriksen seier det også er vanskeleg å finna tiltak som nynorskbrukarar kollektivt kan gjera for å gjera Google betre til å fanga opp nynorsksider.

– Google baserer seg i stor grad på kunstig intelligens. Så om nynorskbrukarar googlar på bokmål og er flinke til å trykkja på nynorsktreffa som måtte koma opp, vil det gjera Google flinkare til å leita fram nynorsktreff. Men det er såpass mange klikk som skal til, at det neppe er realistisk å få gode resultat ved hjelp av den metoden.

Ifølgje Roar Eriksen hadde det vore mogeleg for Google å tilpassa teknologien til den norske språksituasjonen gjennom å endra algoritmane sine, som kort fortklart er oppskrifta på korleis søkjemotorane skal arbeida. Det har dei gjort for til dømes dei to spanske språka, kastiljansk og katalansk. I Spania kan folk sitja i Madrid og googla på kastiljansk, som er det største av dei spanske skriftspråka, og likevel få opp treff på katalansk, som blir bruka hovudsakleg i Barcelona og området rundt, av kring ni millionar menneske. Men fordi talet på nynorskbrukarar er mykje lågare, og eit slikt arbeid er svært tidkrevjande for Google, har han lita tru på at det same privilegiet vil koma nynorsk til del.

– Det er mest sannsynleg for lite for Google å tena på det. Spansk er blant verdsspråka, og ni millionar brukarar er ein god del meir enn ein halv million.

Men kan Google finna på å gjera noko med dette for å vera greie? Mange tenkjer på Google som berre marknadsorientert, men teknologigiganten har tidlegare delteke i eit prosjekt som retta merksemda mot truga språk, så det er ikkje uhøyrt at dei gjer noko ut av rein godvilje. Men Roar Eriksen meiner det heller ikkje vil hjelpa å appellera til Google sitt gode hjarta i dette tilfellet, heller ikkje om sjølvaste kulturminister Abid Raja engasjerer seg.

– Nei, det gjer ikkje noko til eller frå om Raja ringjer Google for å få fiksa opp i dette, heller ikkje om han tilbyr dei pengar. Google høyrer nesten ikkje på nokon utanfrå. Den einaste eg reknar med kunne ha ein sjanse om han tok ein telefon, er presidenten i USA, Joe Biden.

– Misser kontrollen over samfunnsutviklinga

Leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag seier den vanskelege situasjonen for nynorskverksemder må prioriterast høgt av regjeringa.

– Regjeringa kan ikkje slå seg til ro med at Google er vanskelege å påverka. Dei store teknologigigantane som har så mykje makt, må òg ha eit ansvar for språkmangfaldet. Det er frykteleg leitt at norske verksemder meiner dei må velja vekk nynorsk på nett, seier han.

– Dersom dei meiner noko som helst med den komande språklova, må regjeringa gjera noko, meiner leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag. Foto: Jannica Luoto

– Ifølgje språkpolitikken vår skal det vera like lett å vera nynorskbrukar som bokmålsbrukar, og dette er eit døme på at det ikkje er slik. Når store verksemder som Kari Traa må bruka bokmål for å konkurrera, er det klart at nynorsk blir mykje meir marginalisert i det norske samfunnet enn det hadde trengt å bli. Det er kulturministeren nøydd til å ta på alvor.

Norske styresmakter bør generelt vera urolege for at dei gjev frå seg mykje makt til private IT-selskap, meiner Lofnes Hauge.

– Akkurat denne saka handlar om språk og kultur, men den sterke posisjonen til desse selskapa er jo ein del av eit mykje større bilete. Dei påverkar ein enormt stor del av sfæren til borgarane også når det gjeld område som ytringsfridom og personvern. Dersom styresmaktene ikkje tek tak i dette, misser dei kontrollen over samfunnsutviklinga.

Peder Lofnes Hauge meiner det kan vera ei løysing å tilby nynorskverksemder økonomisk kompensasjon for ha råd til å profilera seg på nynorsk, medan vi ventar på betre løysingar.

– Dersom det kan hjelpa verksemder med å bli verande nynorskbrukarar, er eg positiv til det som eit mellombels tiltak.

Men på sikt er det betre teknologi som gjeld, meiner Peder Lofnes Hauge.

– Denne våren får vi ei ny språklov, der det blir slått fast at nynorsk treng eit særskilt vern. Dersom regjeringa meiner noko som helst med at dei har eit særskilt ansvar for nynorsk, og at dei skal jamna ut skeivskapane som finst, då er dette eit veldig tydeleg døme på noko dei må ta tak i.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja har sagt til Stortinget at han er i dialog med Google Norge om nynorsk og nettsøk.