norsk tidend

Språkplan og nynorskstyrking ikkje følgt opp

ER PÅ SAKA: Evy Beate Stykket er ikkje fornøyd med oppfølgjinga av målbruksplanen, men seier at politikarane skal følgje opp saka i komande valperiode.

Denne saka er skriven i eit samarbeid mellom Bø Blad og Norsk Tidend.

TEKST:
VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN, NORSK TIDEND;
MARTA KJØLLESDAL, BØ BLAD

Midt-Telemark vedtok ein målbruksplan i 2019. På fire år er det ikkje kome konkrete tiltak for å nå måla.

– Temaet nynorsk og dialektar blir diskutert. Vi er medvite om det, men det er ikkje noko konkret som er blitt løfta eller vedtatt politisk, svarar Evy Beate Stykket (V), leiar i Utval for kultur og oppvekst.

Ikkje følgt opp

Målbruksplanen til Midt-Telemark kommune er eit overordna dokument som styrer språkpolitikken i kommunen. Planen omhandlar alt frå opplæring, til kultur og oppvekst og den daglege interne og eksterne kommunikasjonen til kommunen.

Målbruksplanen har som ambisjon å gi like vilkår til både nynorsk og bokmål, og ønskjer å styrkje dialektbruken i kommunen.

Det skal i utgangspunktet kome oppdateringar på språkarbeidet i kommunen kvar fjerde månad. Ein gjennomgang av Norsk Tidend og Bø blad viser at dette ikkje har skjedd ein einaste gong sidan målbruksplanen blei vedteke i 2019. Det stadfestar også både politikarar og administrasjon i Midt -Telemark kommune.

– Eg veit at det ikkje har kome noko status på om måla i planen er nådde. Det må sjølvsagt følgjast opp, seier Evy Beate Stykket (V), leiar av utval for kultur og oppvekst.

Stykket gir hyppige utskiftingar i den administrative leiinga og økonomisk press i kommunen skulda.

– Det har vore fleire nedskjeringar siste åra. Då har kanskje ikkje målbruksplanen vore høgast på prioriteringslista, diverre, svarar ho over telefon. I planen er det laga ei oversikt over kva dokument og saker som skal skrivast på nynorsk og bokmål. Det står også at språket på heimesidene skal veksle mellom bokmål og nynorsk. I tillegg skal både bokmål og nynorsk ha gode kår, og særleg nynorsken skal styrkjast.

– Litt av tanken var at ein ikkje skulle gå for eit typisk «Minst 40 prosent nynorsk» type mål. Vi ønska noko meir konkret som er enklare å følgje med på og følgje opp, seier Evy Beate Stykket (V).

Lite nynorsk: – Det er ein glipp

Undersøkinga til Norsk Tidend og Bø blad viser derimot at det nesten ikkje finst nynorsk på heimesidene til kommunen.

– Vi ser av innhaldet at vi ikkje har ei god nok balanse mellom dei to skriftspråka og skal vidare setje fokus på dette, svarar kommunen i eit offisielt svar til Bø blad og Norsk Tidend. Det er vedteke at Kommunalplan for Helse og omsorg skal vere på nynorsk, men han er på bokmål. I tillegg er kommunedelplan for flyktningpolitikk og kommunedelplan for oppvekst på nynorsk, endå dei skal vere på bokmål i følgje målbruksplanen.

– Dette er ein glipp, svarar kommuneadministrasjonen.

Kommunen: Framleis eit stykke å gå

Midt-Telemark kommune har vedtatt å vere tospråkleg. Det er likevel vedteke at alle skriv frå statsorgan til kommunen skal vere på nynorsk. Kommuneadministrasjonen fortel Norsk Tidend og Bø blad at staten «i varierande grad» sender skriv på rett skriftspråk, altså på nynorsk.

– Det er ikkje laga rutiner for tilbakemelding dersom ein ser at dokument har kome på feil skriftspråk, legg dei til.

Det er altså tilfeldig om kommunen klagar på at skriv og dokument frå staten kjem på bokmål heller enn nynorsk.

I målbruksplanen er det også skrive at Midt-Telemark kommune skal «Sikre at kommunen i det heile har ein språkleg praksis i tråd med lovar og regelverk, og at alt eksternt språk er i samsvar med gjeldande rettskriving.»

– Tilsette som er i skriftleg kontakt med innbyggjarar og andre blir oppfordra til å bruke eit godt og klart språk. Det er fortsatt ein veg å gå i å lykkast med dette arbeidet, svarar kommunen på spørsmål frå Norsk Tidend og Bø blad.

Politikarar: Vil følgje opp tettare

Trass i manglande oppfølgjing av målbruksplanen, er Evy Beate Stykket på sin side stort sett nøgd med målbruksplanen til no, gitt den økonomiske situasjonen og dei store utskiftingane i administrasjonen.

– Vi følgjer språkfordelinga på saker slik det skal, minus kommunedelplanen for helse og omsorg, seier Evy Beate.

Er det planar om ei oppdatering/ rullering av målbruksplanen slik at han også er relevant om, til dømes, ti år frå no?

– Den ligg ikkje inne i planstrategien, og det skulle den kanskje ha gjort!

– Fordi det ikkje er rapportert på målbruksplanen slik det skal, kom det spørsmål om målbruksplanen på kommunestyremøtet i juni i år. Så svaret er vel eigentleg: nei, det er ikkje ein plan no, men me er på saka!

Norsk Tidend og Bø blad tek kontakt med Sigbjørn Hjelmbrekke, som er medlem i utval for kultur og oppvekst for Raudt og tidlegare leiar i Telemark Mållag. Vi spurte han kva han synest om at målbruksplanen ikkje er fulgt opp godt nok.

IKKJE MOTVILJE: Sigbjørn Hjelmbrekke (R) trur ikkje det handlar om motvilje i kommunen. Han innrømmer også at han som målmenneske kunne gjort meir. Han er tidlegare leiar i Telemark Mållag.

– Eg burde som målmenneske tatt meir ansvar. Eg etterlyste rapportering og status frå målbruksplanen i fjor haust og fekk eit munnleg svar som ikkje er protokollført. Det står ingenting i årsrapporten om dette, og eg har ikkje fått svar på spørsmålet endå.

Også Hjelmbrekke peiker på økonomiske utfordringar og store utskiftingar i administrasjonen som årsaker til at planen ikkje er fulgt opp.

– Eg trur ikkje det er snakk om motvilje. Det er mykje anna som skjer, seier han.

Er det noko som er gjort politisk for at planen kan følgjast betre opp?

– Det er no vedteke at Utval for kultur og oppvekst skal få rapport på måloppnåinga i målbruksplanen, slik at det ikkje berre er kommunedirektøren som legg fram ein rapport. Då vil det bli enklare å følgje opp med politiske tiltak, og ansvaret blir meir fordelt, svarar Hjelmbrekke.