aktuelt

Berre 130 medlemer att til 14 000!

– I dag har vi passert 13 870, smiler Peder Lofnes Hauge.

Siste åra har Noregs Mållag auka med fleire tusen medlemer, og i år blir endå eit rekordår.

– Fleire medlemer gjev større kraft bak krava våre, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Han oppmodar folk om å tenkje etter om dei har nokon dei kan spørje om å bli med.

– Den viktigaste grunnen til at folk ikkje er med i ein organisasjon, er fordi folk ikkje har spurt dei.

Kvifor bli medlem i Noregs Mållag? Les argumenta her.

– Eg har fått verva ein del i år fordi eg skamlaust spør om folk har lyst til å vere medlem.

Tidlegare i haust sette styret seg eit ambisiøst mål om 14 000 medlemer innan året er omme, og verveaksjonen er i full sving. Lokallag over heile landet vervar.

Berre no i desember har det kome til 200 nye medlemer. Dei nye medlemene kjem frå Alta i nord, Lyngdal i sør, Værlandet i vest, og Elverum i aust.

Førre medlemsrekord i Mållaget var i 1989. Då var det 13 927 medlemer i organisasjonen.

– At Mållaget er i vekst, gjer at vi blir sett på som noko meir enn ein språkorganisasjon, noko som representerer ei heil folkerørsle, seier Peder Lofnes Hauge.

– Eg ser tydeleg at sentrale aktørar innanfor det politiske miljøet og pressa har merka seg at Noregs Mållag er ein organisasjon i vekst. Det er fint å oppleve at det vert tillagt vekt, og det gjev oss grunn til å sikte endå høgare.

– Vi ser at folk vender seg til Mållaget for hjelp når dei kjenner at språket deira er under press. Det er mange små og store slag vi kjempar rundt i landet. Dei aller største slaga som står no snart, handlar om den nye opplæringslova og språklova. Vi vonar vi får viktige gjennomslag når Stortinget snart skal drøfte og vedta den nye språklova.

Les om Noregs Mållag sitt arbeid for å påverke språkpolitikken

For å få målfolk i konkurransehumør skipar vi vervetevling mellom lokallaga våre. Dei tjue laga som får flest nye medlemer i løpet av året vinn flotte bokpakker, som dei kan gje til lokale barnehagar og skular. Her kan alle hjelpe sitt eige lokallag opp og fram!

Den 16. desember er dette stillinga i toppen:

LokallagNye i 2020
Oslo Mållag68
Bergen Mållag64
Nidaros mållag22
Kvam Mållag18
Sogndal Mållag18
Stavanger Mållag18
Suldal Mållag17
Volda Mållag17
Jæren Mållag14
Borgund Mållag13
Mållaget i Kristiansand13
Førde Mållag11
Hå Mållag11
Rauma Mållag11
Gloppen Mållag10
Nord-Aurdal Mållag10
Odda Mållag10
Vinje Mållag10
Sandefjord og Sandar Mållag9
Sandnes Mållag9
Senjamållaget9
Ørsta mållag9