aktuelt

Stor medlemsvekst i Mållaget!

Denne veka passerte me fjorårets rekordhøge medlemstal på 13 581, og er no oppe i 13 600 medlemer, det høgste på 31 år.

Noregs Mållag har dei siste åra opplevd ein medlemsauke på fleire tusen medlemer, og styrer no mot endå eit rekordår.

Tidlegare i haust sette styret seg eit ambisiøst mål om 14 000 medlemer innan året er omme, og verveaksjonen er i full sving. Lokallag over heile landet vervar, og berre sidan 1. oktober har Mållaget fått 310 nye medlemer.

– Fleire medlemer gjev større kraft bak krava våre, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Han oppmodar folk om å tenkje etter om dei har nokon dei kan spørje om å bli med.

– Den viktigaste grunnen til at folk ikkje er med i ein organisasjon, er fordi folk ikkje har spurt dei. Eg har fått verva ein del i år fordi eg skamlaust spør om folk har lyst til å vere medlem.

Kvifor bli medlem i Noregs Mållag? Les argumenta her.

At Mållaget er i vekst, gjer at vi blir sett på som noko meir enn ein språkorganisasjon, noko som representerer ei heil folkerørsle.

– Eg ser tydeleg at sentrale aktørar innanfor det politiske miljøet og pressa har merka seg at Noregs Mållag er ein organisasjon i vekst. Det er fint å oppleve at det vert tillagt vekt, og det gjev oss grunn til å sikte endå høgare, seier leiar Peder Lofnes Hauge.

– Vi ser at folk vender seg til Mållaget for hjelp når dei kjenner at språket deira er under press. Det er mange små og store slag vi kjempar rundt i landet. Dei aller største slaga som står no snart, handlar om den nye opplæringslova og språklova. Vi vonar vi får viktige gjennomslag når Stortinget snart skal drøfte og vedta den nye språklova.

Les om Noregs Mållag sitt arbeid for å påverke språkpolitikken

For å pirre konkurranseinstinktet, skipar me vervetevling mellom lokallaga våre. Dei tjue laga som får flest nye medlemer i løpet av 2020 vinn flotte bokpakker, som dei kan gje til lokale barnehagar og skular. Her kan alle hjelpe lokallaget sitt opp og fram!

Den 1. desember er dette stillinga i toppen:

LokallagNye i 2020
Bergen Mållag54
Oslo Mållag45
Volda Mållag16
Stavanger Mållag15
Nidaros mållag14
Suldal Mållag13
Kvam Mållag12
Jæren Mållag11
Sogndal Mållag10
Borgund Mållag9
Mållaget i Kristiansand9
Senjamållaget9
Vinje Mållag9
Førde Mållag8
Hareid Mållag8
Sandefjord og Sandar Mållag8
Askøy Mållag7
Bjørnafjorden Mållag7
Kvinnherad Mållag7
Skedsmo Mållag7