norsk tidend

Stor støtte for digitale nynorskkrav.

Foto: Magne Langåker

TIDLEGARE I ÅR omtalte Norsk Tidend LNK-undersøkinga som gjekk ut til rektorane i medlemskommunane. No følgjer LNK opp med ei undersøking som er sendt ut til IKT-sjefane i medlemskommunane til LNK: 85 kommunar og 3 fylkeskommunar. Det er kome inn 33 svar på vegner av 49 kommunar og 3 fylkeskommunar.

Funna frå denne undersøkinga er ikkje tidlegare publiserte.

Norsk Tidend har høyrt med Svein Olav Langåker, leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, om funna.

– Kven tar avgjersla om kva læremiddel ein skal bruke?

– Det er i stor grad skulane sjølv som bestemmer kva læremiddel dei skal bruke. Undersøkinga fortel
oss at skulane då sit mellom borken og veden: dei kan velje å halde nynorskstien rein og dermed måtte
seie nei til ein del læremiddel. Då er det mange verktøy skulane ikkje får tatt i bruk, og dei risikerer å gi eit
dårlegare tilbod.

– Innkjøp av maskinvare er det kommunane som bestemmer. Her har verken Google eller Apple nynorske operativsystem eller skriveprogram. Kring 30 prosent av skulane bruker skriveprogram utan brukande ordliste og stavekontroll. Det er svært skadeleg at elevane får raude strekar når dei skriv rett nynorsk.

Stør regulering og politiske tiltak

– Kva meiner IKT-sjefane kan bli gjort med situasjonen?

– Dei fortel oss at det er vanskeleg å stå åleine, og at ein derfor treng regulering. Mykje av ansvaret ligg sjølvsagt hos lærebokforlaga.

– Om ein ser på tabellen som viser kor godt læremidla verkar på nynorsk, er det tidvis svært varierande svar. Det er dødt løp mellom «har fleire manglar på nynorsk» og «fungerer minst like godt på nynorsk». Korleis kan opplevingane sprike så stort?
– Dette er tal frå den andre undersøkinga.
Det kan kome av at det i hovudsak er rektorane som har svart på undersøkinga, og det kan variere
i kva grad rektorane har sett seg inn læremidla som blir brukte. Her er det forskjell mellom små og store skular.
– Enkelte rektorar sender inn skrivefeil direkte til forlaga. Andre har ikkje tid til å setje seg så mykje inn i dei digitale læremidla.

Bruk forbrukarmakta

– Kva meiner du må bli gjort med situasjonen
for digitale læremiddel i skulen?

– Me må få kommunane til å bruke marknadsmakta si som forbrukarar. Det er 80 000 elevar med nynorsk i grunnskulen, men alle skal jo ha nynorsk på eit visst nivå. Så eigentleg ville det gagne alle om mykje meir var tilgjengeleg med fulle funksjonar på nynorsk.
– I dag er anboda frå kommunane fyrst og fremst retta mot pris og leverandør, ikkje knytt til læremiddel eller maskinvare. Det er altså ikkje produsentane som blir stilte til ansvar. Leverandørane opererer gjerne med ein katalog av tilbod. Dersom kommunane kjem med krav til kva dei skal levere, er ein redd det kan bli for dyrt eller at ein vil miste tilbod. Det vil vere enklare å stille krav til produsentane av læremidla.

33 % av kommunane stiller ikkje krav om nynorsk ved kjøp av programvare til bruk i kommunen.
Over 50 % gjer det av og til eller berre til enkeltprogram. 48,5 % av IKT-sjefane meiner LNK burde
hjelpe med å lage rettleiar for innkjøp. 27,3 % av kommunane svarar at eit innkjøpssamarbeid kunne vore aktuelt. 42,4 % er usikre på kva LNK bør gjere med situasjonen.»

– Kva krav meiner du kommunane
kan og bør stille til produsentane?

– Alt utstyr burde kome ferdig installert og sett opp på nynorsk. Det
kan til dømes vere knytt til FEIDE-brukaren din, slik at alt automatisk kjem på nynorsk. Den digitale identiteten til elevane bør vere heilt og fullt på nynorsk, svarar Langåker.

– Så er det jo også slik at alle læremiddel bør kome ut i både bokmåls- og nynorskversjonar, legg
han til.

Samarbeid kan gi resultat

– Kva gjer de med funna frå undersøkinga?
– Me kjem til å lage ein rettleiar for korleis lage gode anbod, i samarbeid med kommunane i
LNK. Det er også fleire kommunar som ønskjer å snakke saman om innkjøpssamarbeid, og andre typar samarbeid.
– Me har god kontakt med kommunane og har trua på ei betring. Både fleire kommunar og LNK har
kome med høyringssvar til opplæringslova. Eg kan også leggje til at Tonje Brenna er blitt spurt om nokre av funna i undersøkinga vår, så det er kjende problem også frå regjeringshald,
avsluttar Langåker.

Vemund Norekvål Knudsen