norsk tidend

– Styresmaktene må gripe inn for å betre nynorskopplæringa

IKKJE NYNORSKOPPLÆRING: Høgskolen i Østfold, her ved avdelinga i Halden, er blant institusjonane som opplyser om at det ikkje blir nynorskopplæring for studentane på GLU 5–10 neste år. Foto: Glenn Thomas Nilsen / Indre24.no

– Det må bli sterkare offentleg styring av nynorskopplæringa til lærarstudentane, meiner fleire tilsette på lærarutdanningane i ei fersk masteroppgåve. Oppgåva avslører dårlege haldningar til nynorskopplæring på fleire av institusjonane.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

I Norsk Tidend 4/2020 kom det fram at ikkje alle lærarstudentar får opplæring i både bokmål og nynorsk, trass at lovverket krev det. Dette gjeld studentar på grunnskulelærarutdanning (GLU) 5.–10. som ikkje har valt fordjuping i norsk, ved nær halvparten av alle høgskular og universitet som utdannar lærarar.

Alle lærestadene lova bot og betring, og Norsk Tidend har no teke ein spørjerunde for å finne ut korleis det går med arbeidet. Sjølv om fleire av institusjonane seier dei har byrja å jobbe med saka, kjem lovbrotet til å halde fram for mange studentar det komande studieåret.

Dette er stoda for nynorskundervisning på dei aktuelle lærarutdanningane dette studieåret:

Høgskulen på Vestlandet: Med unntak av ein test for studentar på femte studieår blir det ikkje undervisning eller vurdering i nynorsk dette studieåret, opplyser assisterande instituttleiar Morten Rønning. Dette gjeld studiestadene Bergen og Stord, i Sogndal er det undervisning i nynorsk.

Høgskolen i Østfold: Det blir ikkje nynorskundervisning dette studieåret, opplyser dekan ved avdeling for lærarutdanning Kjersti Berggraf Jacobsen.

Nord universitet: Det blir eit opplegg med nynorskundervisning, opplyser faggruppelærar ved lærarutdanninga Morten Einar Edvardsen. Han seier detaljane ikkje er klare, men at opplegget er obligatorisk og at kompetansen til studentane blir vurdert.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU): Det blir testa ut nynorskundervisning, opplyser studieprogramleiar Anne Berit Lyngstad. Ho seier opplegget framleis kjem til å vere eit pilotprosjekt på utprøvingsstadiet, og at det ikkje vil inngå i studieplanane eller gje studiepoeng. Lyngstad vil difor ikkje seie noko meir om omfang og vurderingsmåte enn at det er lagt opp til «opplæring i og vurdering av ulike aspekt ved nynorsk.»

Universitetet i Søraust-Noreg: Det blir ikkje nynorskopplæring dette studieåret, opplyser programleiinga.

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet: Det både har vore og er eit opplegg for nynorskopplæring, med arbeidskrav, på andre studieår, opplyser studieprogramleiar Kristin Isaksen. Opplysningane som har blitt gjeve om at studiestaden ikkje gjev nynorskopplæring, er såleis ikkje rette. Men opplæringa kan bli betre, og dette blir det jobba vidare med, seier Isaksen.

– Sterkare styring

Ida Marie Jegteberg har nyleg levert ei masteroppgåve ved Høgskulen på Vestlandet om nynorskopplæring på GLU 5–10, der ho mellom anna har intervjua representantar ved fleire av lærarutdanningane. Manglande leiaroppfølging er ein nøkkel til kvifor det ikkje skjer endringar, meiner Jegteberg.

– Dei gjennomgåande utfordringane eg fann i studien, er både kven som skal ha ansvaret for å gjennomføre vurderinga og opplæringa når det ikkje er norskfaget, men også at leiingane fråskriv seg ansvaret for dette. Det er svært personavhengig kva som blir gjort, og det kan endre seg frå år til år ut frå kven som underviser i dei ulike faga.

Jegteberg seier òg at fleire av informantane hennar har fortalt om dårlege haldningar til nynorsk blant sentrale tilsette på lærarutdanningane, og fleire har etterlyst sterkare offentleg styring av kravet til nynorskopplæring.

– Det trengst klårare retningslinjer frå styresmaktene slik at praksisane på dei ulike utanningsinstitusjonane blir meir like og ikkje avhengig av einskilde fagpersonar. Det trengst også ei haldningsendring blant dei tilsette for at opplæringa i nynorsk skal bli betre for studentane.