norsk tidend

Supervervar Live

Nestleiar og supervervar Live Havro Bjørnstad har verva over 100 medlemer til Mållaget. Norsk Tidend har spurt henne om dei beste vervetipsa hennar.

– Gratulerer med å ha verva over 100 stykk! Korleis får du det til?

– Det er eigentleg berre å spørja! Anten spør eg folk direkte når eg pratar med dei, eller så sender eg ei melding. Ein hovudgrunn til at mange ikkje er medlemer i Mållaget, er at ingen har spurt dei. Så berre spør!

– Kven er det du har verva?

– Vener, familie, kollegaar, det meste eigentleg. Eg har også verva på foreldremøte i barnehagen, og på andre typar møte. Men det er sjølvsagt enklast å verva folk ein kjenner, for dei er jo nær deg av ein grunn!

Har du nokre vervetips?

– Det beste tipset er å alltid ha med seg vervemateriell. Då har du noko å peika på for å forklara korleis ein melder seg inn. Men det kan også vera noko å gje til dei du vervar, som ein slags premie. Glitrande nynorsk-klistremerke, til dømes! Det er ein verve-vinnar. Og så funkar det med bakst! Bak bollar eller ei kake til lunsjen på fredagar. Det kan du lokka mange med.

– Møter du motstand, eller blir du beden om å argumentera for kvifor ein skal melda seg inn i Mållaget?

– Nei, det er sjeldan. Eg opplever at det lite kontroversielt å bli med i Mållaget, nynorsk er ei ganske enkel sak å fremja. Eg trur mange har lyst til å vera ein god alliert, anten dei skriv bokmål eller nynorsk.

– Viss eg må seia noko om kvifor, så brukar eg oftast å seia at det er bra for nynorsken når mange vil vera med i Mållaget. Det gjev oss ei sterkare røyst, og då får me lettare gjennomslag for gode tiltak. Men fyrst og fremst brukar eg berre seia «meld deg

– Så du berre spør folk, og så vert dei med i mållaget? Det er jo nesten litt magisk?

– Jepp, det er heilt magisk! Eg har jo også nokon strategiar for korleis ein skal koma inn på temaet nynorsk i ein samtale, som gjer det lett å spørja «du er ikkje medlem i Mållaget, du då?». Det kan vera så enkelt som å seia «åå, det ordet du brukte der var fint!» eller «eg var på møte i Mållaget i går». Ein har sjølvsagt lov å lata som ein har vore på møte også, berre for å starta samtalen – ei kvit lygn på vegner av nynorsken, det må vera lov!

– Og så er det veldig enkelt å verva folk ved å prata om Jon Fosse. I fjor hang eg opp eit banner på lunsjrommet på jobb med bilete av Jon Fosse, der det sto «ver ein medgangssupportar du òg». Då blei det fart på innmeldingane!