aktuelt

SV vil nynorsken vel, men er for lite konkrete

Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV, må bli meir konkrete i nynorskpolitikken. (Foto: SV)

– Det er ikkje tvil om at SV er eit nynorskparti, men dei må bli meir konkrete, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Sosialistisk Venstreparti skriv i programutkastet sitt at dei vil “sørge for gode vilkår for demokratisk deltakelse for brukere av begge målformer gjennom en aktiv politikk for nynorsk”.

– Den aktive nynorskpolitikken er viktig. Nynorsk treng særleg vern som det minst brukte av dei to norske språka, og må vurderast særskilt, seier Peder Lofnes Hauge. Han skulle ynskje SV var meir konkrete.

– Vi har levert ei liste med fem krav til dei politiske partia. Veljarane må få vite kva partia meiner om desse sakene. Det må SV rydde opp i fram mot andreutkastet.

Peder Lofnes Hauge er fornøgd med at SV vil “sikre nynorsk i opplæringen og gi nynorskelever like gode vilkår i skolen som bokmålselever”.

– Det er ikkje tilfelle i dag, når mange nynorskelevar har ein skulekvardag som er dominert av bokmålet, med lærarar som ikkje er gode nok i å gje opplæring i og på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Før programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedteke fem politiske hovudkrav. Desse er:

1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga.
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett.
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar.
5: Eit løft for nynorsk kultur.

Les framlegg til nytt arbeidsprogram for SV 2025-2029.