norsk tidend

Tor Jonsson – fattigguten frå orddyrkarbygda

Det er dei mjuke kjærleiksdikta alle kjenner han for, men Tor Jonsson hadde ein av dei skarpaste pennane Noreg har fostra. I kampen mot fattigdom, urettferd, streng pietisme og bygdedyr var han vår alles faneberar. I år det 70 år sidan Jonsson tok livet sitt, berre 34 år gamal.

TEKST: HÅVARD TEIGEN

Eg takkar barndomsheimen
for hat i heilag einseimd
og grøda som det gav.

Frå diktet «Barndomsheimen»

«Det var jo meg han skrev om. Om min barndom og hvordan jeg hadde hatt det. Ikke til å begripe. Jeg ble helt slått ut.» Slik skildra Arthur Arntzen sitt fyrste møte med Tor Jonsson-diktet «Barndomsheimen» i eit intervju med avisa Nordlys – blank i augo.

Arntzen har heilt sidan denne oppdaginga for over 60 år sidan vore ein stor beundrar av Tor Jonsson som «fattigdomens diktar framfor nokon». Også etter at den gamle fattigdomen vart utrydda, har nye generasjonar oppdaga denne diktaren, som kan vere både var og hard.

Fattigguten

Barndomen til Tor Jonsson treng ingen misunne han. Han voks opp på ein husmannsplass i Lom. Foreldra fekk knust draumen om å bli jordeigarar da dei tapte ei rettssak om å få kjøpe plassen som var heimen deira, eit tap Tor Jonsson opplevde som svært urimeleg. Mora var sjuk store delar av bandomen hans, og faren døydde tidleg. Barndomsopplevingane kom til å prege Tor Jonsson heile livet.

Skulen vart ei velsigning for fattigguten. Han viste seg fram som svært gåverik, og talentet vart godt hjelpt av lærarane han hadde. Lom var ei orddyrkarbygd som trekte til seg mange ressurspersonar og gav vokster for sine eigne.

Barndomsheimen til Tor Jonsson i Lom, «Prestekroken». Med nokre korte opphald vart han buande her i lag med mora og ei syster heilt til mora døydde i 1950. Då flytta han til Oslo. Tor Jonsson tok livet sitt i januar 1951. Foto: Hans P. Hosar

Lærarane på skulane i Lom var for det meste glødande norskdomsforkjemparar. Lom var ein av kommunane på Austlandet som tidlegast vart nynorskkommune, og bygda hadde eit miljø av ressurssterke personar som hadde brukt målreising som plattform for ein breiare kulturkamp. Dei mobiliserte til dømes for demokratiet og røysta mot kongedøme i 1905 slik også mange kommunar i det nynorske kjerneområdet gjorde. Det same miljøet og dei same slektene var sterkt knytte til grundtvigianismen gjennom at det vart etablert friskule i kommunen. Dei førte ein kamp mot kyrkjeleg indoktrinering der symbolsaka vart at elevane ikkje skulle pugge, men tenkje sjølve. Kampen mot å pugge Pontoppidans forklaringar var den symbolske kampsaka.

Fem av lærarane til Tor Jonsson, som for det meste var glødande norskdomsfolk. F.v. Olav Kvåle, Marie Andberg, Torkil Naterstad, Doro(thea) Heyerdahl og Erik Rudser. Rudser har det meste av æra for det tidlege språkskiftet til nynorsk i Lom, i 1899. Foto: Gudbrandsdalsmusea AS

Etter folkeskulen vart Tor Jonsson elev ved Lom og Skjåk framhaldsskule, som var særleg kjend for å vere ein god skule med flinke lærarar. Lærarane såg talentet og las opp for klassa det han skreiv. Til ein av lærarane sine, Doro(thea) Heyerdahl, skreiv han i brev seinare at det var «[…] ei lukkeleg tid. Framhaldsskulen ga oss meir enn vi skjøna den gongen».

Etter framhaldsskulen vart det ikkje meir skulegang på Tor Jonsson, sjølv om han hadde sjansen. Ein annan av lærarane, Randi Bojer, var dotter til den kjente forfattaren Johan Bojer. Ho fekk far sin til å tilby pengestøtte slik at Jonsson kunne få gymnas og høgare utdanning. Han var for stolt til å ta imot tilbodet. Men dette var ei av mange hendingar der lærarar gav han sjølvtillit.

Lom og Skjåk framhaldsskule 1931–32. Tor Jonsson står som nummer seks frå venstre lengst bak. Jonsson var eit skulelys og omtala framhaldsskulen som «ei lukkeleg tid» i eit seinare brev til lærar Doro Heyerdahl (framme t.h.). Foto: Kristian Stakston

Også elles i lokalmiljøet hadde Tor Jonsson sterke føredøme, som kan vere med på å forklare kvifor han valde å gjere skrivinga til ein leveveg. Olav Aukrust var ein kanonisert diktar, ikkje berre lokalt, men også nasjonalt. Han var frå same grenda. I nabobygda Skjåk, der Jonsson hadde mange slektningar, hadde Tore Ørjasæter fått eit namn som lyrikar. Det var også mange andre med god og kvass penn i dette miljøet, og grobotnen vart lagt for skribenten Tor Jonsson.

Samfunnsengasjementet

Tor Jonsson er mest kjend som lyrikar, særleg av dei ikoniske kjærleiksdikta «Nærast når du er borte» og «Norsk kjærleikssong». I løpet av livet gav han ut tre diktsamlingar. Men Jonsson var ein mykje meir allsidig forfattar enn mange veit. Han skreiv også mykje prosa – særleg for dei småe og fattige, og alltid i opposisjon til trongsyn og autoritetar. Debuten som skribent fekk han i Arbeidermagasinet 17 år gamal. For å livberge seg var han spaltist og skreiv i ei rekke aviser og blad, og i to korte periodar var han journalist og redaktør.

På mange måtar reflekterer lyrikaren og prosaforfattaren to ulike sider ved Jonsson. Han er såkalla «sentrallyrikar»; universelle tema som døden og kjærleiken dominerer. Det er langt frå tilfeldig at biografien om han, skriven av Ingar Sletten Kolloen og utgjeven i 1999, fekk tittelen Berre kjærleik og død. Som lyrikar er han også sår og sårbar, kjenslevar og personleg utleverande. Han skreiv nesten ikkje kampdikt, i motsetnad til åndsbrør på venstresida i politikken som Rudolf Nilsen og Arnulf Øverland. Prosaforfattaren er på si side hardtslåande, ofte nesten brutal. Det er i desse tekstene han fører ein politisk kamp på venstresida i sosialdemokratiet. Han var medlem i Ap det meste av livet sitt, men melde seg ut da partiet gjekk inn for Nato-medlemskamp.

Det var med andre ord heilt forskjellige tema som prega lyrikken og prosaen. Men det var eitt unntak: Jesus og kyrkja. Dette er i ulike variantar tema både i dikt og artiklar.

Mange har diskutert og analysert om forfattaren var gudleg. Det er ingen tvil om at han såg på Jesus som ein stor og revolusjonær helt. Men både i dikt og prosa gjekk han i strupen på presteskapet. «Jesus hadde eit stort program, men så vart det berre kyrkje av det», skreiv han. I heimbygda var han lite plaga av pietismen, men da han kom til Ål som redaktør av Hallingdølen i 1946, inkluderte han pietistane i sin kamp mot dei som rekna seg for herrens utsende på jorda. Den mest kjente artikkelen Tor Jonsson skreiv som redaktør i Hallingdølen, hadde tittelen «Skyer på Guds himmel». Forteljargrepet var å skildre kor forferdeleg det var å kome ned frå fjellet der livet og tankane levde fritt og ned til den pietistiske bygda. Eitt av dei 50 nye dikta har også tittelen «Skyer på guds himmel» og er eit veritabelt oppgjer med helveteslæra. Første verset starta slik:

Du skremde gleda or mi barnesjel
og graset gulna i ditt fotefar.

Tor Jonsson var ikkje berre sentrallyrikar, men i likskap med Olav Aukrust og Jakob Sande var han også folkelivsskildrar. Meir originalt, og mindre vanleg, er det at han også var humorist. Humoren hans er ikkje ukjent, Sparre Olsen gjev mange eksempel i boka «Tor Jonsson-minne», og Halldis Moren Vesaas skriv at dei to ofte enda opp med mykje humor seg imellom.

Tor Jonsson i lag med Einar Skjæraasen (i midten) og Jan-Magnus Bruheim i 1950. Foto: NTB / NTB

Men spøk og humor fekk også verseform både i folkelivsskildringane og i kommentarar av samfunnet i dag, oftast dikt han skreiv som journaltist og redaktør. Dette er høvesdikt, altså dikt skrive for tida og tilhøva, men det hindrar ikkje at mange av dei skildrar fenomen som vi kjenner att.

«Vårknipe» er gammalt uttrykk for at det vart knapt med føde til dyra, men ordet kunne brukast i overført tyding. Diktet «Vårknipe i redaksjonen» er eit dikt som har fått ny aktualitet i ei tid der avisene har kvitta seg med journalistar, manglar stoff og fyller opp med store bilete samstundes som den minste halsvondt minner oss om pandemien:

Vi sit og snufsar med
kvar vår snue
og veit kje kva vi skal ta oss til.
Ingen er det å intervjue.
Det beste er vel å teie still.

Jonsson og språket

«Ordet» er det første diktet i den første diktsamlinga til Tor Jonsson, Mogning i mørket. Da storprosjektet Norsk Ordbok 2014 vart avslutta med eit festskrift i 2016, fekk det tittelensin frå dette diktet, Livet er æve, og evig er ordet: Norsk ordbok 1930–2016. I ettertid ser vi at dette også var eit programdikt for det forfattaren skulle få som fanesaker. Sjølvsagt var diktet på nynorsk. Det finst berre eit fåtal eksempel på at Tor Jonsson prøvde seg med bokmålstekster trass at han gjennom det meste av vaksenlivet publiserte i bokmålsaviser som Dagbladet og Arbeiderbladet.

Språkval var viktig for Jonsson, og spørsmålet var: Skulle han følgje i fotspora til dei store diktarane som hadde trakka opp diktarstigen i desse bygdene? Olav Aukrust skreiv dikt som var på konservativ nynorsk eller dialekt. Venen Tore Ørjasæter skreiv også eit konservativt nynorsk. Jonsson starta i same tradisjon slik lærarane hans også hadde undervist, men gjekk over til det som den gongen kanskje kan kallast eit radikalt austlandsnynorsk. Han var også overtydd om at nynorsken laut normaliserast skulle skriftspråket få utbreiing. Med dette utgangspunktet polemiserte han mot det han kalla «dialektpusleriet».

I artikkelen «Kongstanken i målstriden», der han også stod fram som samnorskmann, skreiv han mellom anna: «Mange lærarar brukar den metoden i norskundervisninga at borna skal nytte dei formene som ligg nærast dialekten. Dette er i strid med eit nasjonalt målreisingsarbeid, og er kanskje ei av årsakene til at borna går over til bokmålet straks dei er ferdige med skulen. Dei har lært eit lokalfarga nynorsk i staden for eit landsmål.»

Lever forfattarskapen vidare?

Det er brei semje om at Tor Jonsson var ein stor lyrikar, og det er nå ingen som er i tvil om at mange av dikta hans vil leve vidare. Det er større usemje om dimensjonane hans som prosaforfattar.

Nesten alle er samde om at han hadde ein god penn. Det var ikkje tilfeldig at ein nynorsking fekk spalteplass og open dør også i Oslo- og rikspressa. Diskusjonen går på om prosatekstene toler tidas tann. Eit synspunkt er at han førte ein kamp mot det gamle samfunnet, bonde- og slektssamfunnet, som var eit samfunn som ebba ut. Var han ein heimstadsforfattar i snever forstand, altså ein forfattar som ikkje kopla mellom det lokale og det globale, det spesielle og det allmenne? Eg meiner det som har skjedd i ettertid, viser at dei tema han tok opp også var relevante i framtida. Utval av artiklane og prosaen har kome i nye bøker gong etter gong og sjølvsagt ikkje berre fordi dei er godt skrivne. Seinast i 2016 vart det meste samla i boka Eit ord er eit under. Dette er eineståande. Etter mitt syn er hovudforklaringa på at Tor Jonsson kjem att gong etter gong også som prosaforfattar, val av tema. Religion og konflikt mellom liv og lære og fattige som offer er døme. Han var glødande pasifist, og krig, fred og nasjonalisme går att i mange artiklar, spissformulert som i artikkelen «Fri oss frå fedrelanda».

Tor Jonsson avslutta livet med ein overdose tablettar, på ei hytte han leigde på Ingierstrand ved Bunnefjorden. Han vart funnen av Tarjei Vesaas og døydde nokre dagar seinare på Ullevål sjukehus. Jonsson er gravlagd i Lom. Foto: Lom kommune

Eit tilbakevendande tema hjå Tor Jonsson er tronge bygdesamfunn. Ordet «bygdedyret» er faktisk eit nyord som stammar frå han (35 000 googletreff). Med god hjelp av essaysamlinga Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, sett saman av biograf Ingar Sletten Kolloen, har det vorte eit omgrep alle har høyrt om og kjenner til. Jonsson sjølv brukte ordet berre éin gong. Teksta heiter «Liket» og handla om ein ungdom som tok sitt eige liv på grunn av det som seinare har vorte kalla mobbing. Denne teksta har skuleverket ofte brukt for å få til samtalar om mobbeproblemet. På den måten har mange i ung alder vorte kjent med forfattaren.

Mange, ikkje minst i heimbygda, trudde det var Lom som var «offeret» når Tor Jonsson skreiv om bygdesamfunnet. Slik var det ikkje. I ungdomen og tidleg forfattarkarriere knytte han saman det han las med det han opplevde og gav tekstene meir allmenn karakter. Seinare, i storbyen Oslo og som redaktør i Hallingdølen, utvida eigne erfaringar seg. I diktet «Bygdabøygen» skriv han: «Borte fann eg heime att.»

—–

Sjølv om Tor Jonsson kom frå små kår og vart ein intellektuell, slutta han ikkje å vere fattig. Berre nokre månader før han tok livet sitt, kom han innom redaksjonen til Norsk Tidend for å selje eit dikt til spottpris fordi han ikkje hadde pengar til vottar og fraus så på fingrane. Dette var ein første versjon av diktet som gav tittelen til diktsamlinga som kom ut etter hans død. Tittelen var Ei dagbok for mitt hjarte.

Håvard Teigen er leiar i Tor Jonsson-laget og professor emeritus i historie.