norsk tidend

Om kjønnsoverskriding i norsk språkhistorie

Foto: Anita Grønningsæter Digernes

Språkhistoria kan fortelja oss ein heil del om førestillingar om kjønn og seksualitet.

TEKST: RUNAR JORDÅEN, historikar og førstebibliotekar ved Skeivt Arkiv

Spora etter skeiv historie i Noreg er spreidde og vanskelege å finna før midten av 1900-talet. Prestar, juristar og forfattarar har ofte føretrekt å ikkje utbrodera dei konkrete overskridingane av kjønns- og seksualitetsnormene av frykt for at sjølve talen om det tabuiserte kunne verka skadeleg. Likevel: Spora ligg der, godt gøymd i rettsprotokollar og anna arkivmateriale. Rettssaker der menn har blitt dømd for sex mellom menn er ein viktig kjeldetype, og dei kan ofte gi oss eit fascinerande innblikk i levde liv, identitetar og fortidige tankemåtar.

«Tvetulling»

Då eg for nokre år sidan såg nærmare på ei slik sak, dukka det opp eit ord eg tidlegare berre så vidt kjende til. Saka gjaldt ein 65 år gammal bakar som blei dømt for seksuelle forhold til menn på 1890- talet i Porsgrunn. I saka blei det også referert til ein episode nokre år tidlegare:

En gang blev han i Skien beskyldt for at være Tvetulling, hvilket var skrevet op paa en Paplap, der var Ophængt […] og som Følge heraf blev han af flere Mandfolk antastet.

Denne passasjen er interessant av fleire grunnar: omgrepet «tvetulling» verkar å vera eit kjend omgrep både for dommaren og befolkninga i Skien på slutten av 1800-talet.
Når nokon hang opp ein lapp om at vedkommande var «tvetulling», resulterte det openbert i at han blei oppsøkt av ei rekke menn. Av dette kan me kan henda gå ut frå at folk i Porsgrunn oppfatta det slik at ein «tvetulling» var ein person som var tilgjengeleg for tilnærmingar frå menn.

Men kva for eit ord er dette? Må passasjen tolkast slik at det er synonymt med «homoseksuell mann»? Omgrepet «homoseksualitet» var på dette tidspunktet nett introdusert
i det norske språket, men det var neppe særleg kjend utanfor små kretsar, og så vidt me veit hadde det berre stått på trykk i lærebøker i psykiatri og legetidsskrift. Skal me tru denne kjelda, var tvetulling derimot eit så kjend omgrep at det kunne hengast opp lappar om det på gata i ein norsk småby og bli tolka på ein bestemt måte.

Rettssaka frå Porsgrunn gir ikkje noko særleg meir å bygga på når det gjeld tydinga og bruken av ordet. Men ho inspirerte meg til å undersøka vidare korleis dette omgrepet har vore brukt.

I litteratur og folkespråk

Går me til skriftspråket, finn me at ordet slett ikkje berre har vore eit lokalt skjellsord. Ordbog over det danske sprog er eit omfattande historisk ordboksverk over dansk- og felles dansk-norsk -skriftspråk. Her finn me oppslagsordet tvetulle og avleiingar av det (tvetulling, tvetullet). Av dette framgår det at ordet har vore brukt på svensk (tvatola), norsk (tvitola, tvitoling), islandsk (tvítóli, tvítólingur) ned- ertysk (tweetuler) og nordfrisisk (twitule).

Opphavet til ordet er tvi (to, dobbel) og norrønt tól, (reiskap, jf engelsk tool). Tydinga er i føl-
gje ordboka «tvekønnet individ; hermafrodit; undertiden nedsæt., om kvindagtig mand». I tillegg har ordet vore brukt biletleg – om noko som verken er det eine eller det andre.

Brukt om menneske

Omgrepet har altså hatt utbreiing i Norden og Nord-Tyskland. Fulltekstsøk på Nasjonalbiblioteket viser også at det førekjem i norsk skjønnlitteratur, mellom anna i tekstar av Knut Hamsun, Kristoffer Uppdal og Jens Bjørneboe.

Norsk Ordbok er eit omfattande verk over nynorsk og norsk talemål. Ifølgje dette er «tvitulling» eller «tvitoling» ofte nytta om «tvikjønna» eller «kjønnslause» dyr, særleg geiter og høns som ikkje verpar. I tillegg finst det førekomstar der det er brukt om menneske. I grunnlags- materialet for ordboka finn ein det også brukt om menneske som eit skjellsord. I eit tilfelle er det forklart som «halvt mann og halvt kvinne».

Dialektord

Ein finn også omgrepet i mange lokale dialektordbøker. Dette gjeld til dømes Kvam i Hardanger der det blir forklart som «fysisk unormalt utvikla person». På Voss blei også forma «tvitutling» nytta og i ei ordliste over vossamålet blir det forklart som «tvekjønna individ, hermafroditt».

Også i nyare tid har omgrepet vore nytta, ei kvinne som var fødd i 1927 og vaks opp på landsbygda i Hordaland kunne til dømes fortelja at ho frå ungdommen hugsa fleire menn som oppførte seg «damete», særleg når dei hadde drukke. Desse blei kalla for tvitullingar.

Hørve, kværkje og båing

Jakta på utbreiinga og bruken av omgrepet tvitulling sette meg også på sporet av andre ord og uttrykk. Nynorsk etymologisk ordbok inneheld fleire ord med omtrent same tyding: Det gjeld hørve, som blir forklart som «tvekjønnethet». Dessutan gjeld det «kværkje», eit ord som er i slekt med korkje (altså verken), og har tydinga «stakkars vantrevent væsen, tvetulle». Til slutt gjeld det «baading» eller «båing».

Eit nærmare blikk på det siste viser at det hadde relativt stor utbreiing i Midt-Noreg. Me finn ordet i Norsk Ordbok forklart som «person som er båe kjønn; tvitoling, hermafroditt». I setelarkivet til ordboka ligg det dokumentasjon på ordet frå heile Trøndelag med ulik uttale (boing, båing, båeng m.a.). Ein finn det òg i Os i Østerdalen.

«Lesbisk kjærlighet»

Det finst også eit mylder av andre ord som har vore nytta om kjønns- og seksualitetsoverskridingar. Medan omgrep som homoseksualitet, biseksualitet, fetisjisme, transvestisme og transseksualitet blei brakt inn i det norske språket gjennom medisinske tidsskrift og lærebøker på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, hadde ein tidlegare hatt omgrep som sodomi og pederasti som blei brukt av juristar og teologar. Dei hadde også ei viss folkeleg utbreiing.

Ordet homoseksualitet fekk i løpet av 1900-talet større utbreiing, kortformer som homo og homse blei etter kvart også tatt i bruk. Ei slangordbok frå 1950-talet oppgir følgjande ord for homoseksuell mann: sodagutt, bakstreber, soper, mannemann, dill-dallmann og pipefeier.

«Jomfruer»

Omgrepet «lesbisk» og «lesbisk kjærlighet» blei også brukt i medisinsk faglitteratur frå slutten av 1800-talet, men var mindre brukt enn homoseksualitet (sjølv om ein finn nokre treff på det i avisene frå 1920-talet og framover). Homoseksualitet blei lenge først og fremst assosiert med menn.

Kulturvitaren Tone Hellesund har i si forsking vist at borgarskapskvinner som levde einsleg eller saman med andre kvinner i liten grad blei tolka i lys av det nye omgrepet homoseksualitet før langt ut på 1900-talet. Dei kunne rettnok bli oppfatta som lite kvinnelege, men desse «peppermøene» blei stort sett oppfatta som respektable kvinner og ikkje kopla til det nye seksualitetsvokabularet.

Omgrepet «homofile» lansert

I 1951 gav den norske seksjonen av Forbundet av 1948 ut sin første brosjyre. Her blei oppgåva til organisasjonen definert som å «forsvare de menneskelige rettigheter for den minoritet i samfunnet som utgjøres av mennesker med homo- og biseksuell innstilling til kjærlighetslivet». I tillegg blei omgrepet «homofile», som allereie var i bruk i Danmark og internasjonalt i homorørsla, lansert på norsk. Sjølv om omgrepet «lesbisk» ikkje var heilt ukjend på denne tida, ser det ut for at det var først i samband med den lesbiske feminismen på 1970-talet at omgrepet blei hyppigare brukt.

Minoritetar og vidare forsking

Omgrepa som har vore brukte, fortel oss ein heil del om skiftande syn på kjønn og seksualitet gjennom tidene, og nærmare studiar av den skeive språkhistoria kan gi oss ei utdjupa forståing av dette. Orda fortel om makt, fordommar og endra syn på den menneskelege seksualiteten. Ikkje minst fortel dei oss at det har eksistert eit medvit om at visse personar kunne høyra heime i andre kategoriar enn dei normative kjønns og seksualitetsformene.

Det er få kjelder som kan fortelja noko skeiv historie i Noreg førmidten av 1900-talet, og dette gjeld i endå større grad nasjonale minoritetar og urfolk. I den samanhengen er det interessant at det ifølgje ei ordbok frå 1945 på rotipa (norsk romani) finst eit ord for «sodomitt» – truleg i tydinga mann som har sex med menn: bykalar. I ei nyare ordbok finn me også ordet «gavo mors» som er omsett med «homoseksuell».

Når det gjeld samisk, kjenner eg ikkje til nokon tilsvarande ord anna enn bonju (skeiv) som er tatt i bruk idenne tydinga først i seinare år.

Eit nærmare blikk på korleis ord har oppstått og endra innhald kunne vore eit interessant tilskott til kjønns- og seksualitetshistoria. Føremålet med denne artikkelen har vore å presentera nokre av orda og uttrykka eg har kome over i mi forsking som historikar. For ei djupare forståing trengst meir systematiske undersøkingar.

Dette er ein forkorta versjon av teksten som ligg ute på Skeivt Arkiv. Heile teksten – pluss kjeldetilvisingar – kan de lese her.