Verving

Medlemer er sjølve grunnlaget for ein medlemsorganisasjon. Mange medlemer sender eit tydeleg signal til styresmaktene om at det er mange som bryr seg om nynorsk her i landet.

Di fleire medlemer Noregs Mållag har, di større er sjansane for politisk gjennomslag, og di større nettverk får organisasjonen vår. Fleire kan bli aktive tillitsvalde, og økonomien vert tryggare. Auke i medlemstal gjev mykje positiv merksemd. Derfor har me høgt fokus på verving.

Medlemskap oppsummert:

– Pris: 200 kr for ny medlem
– Frå 1. oktober gjeld det også for året etter. (Ca 390 kr etter det.)
– Plassert i lokallaget som ligg nærast adressa
– Husstandsrabatt for medlem nr. to på same adresse

Korleis verva

Start med familie, vener og naboar
Spør «Vil du bli medlem?»
Send kontaktinfo til medlem@nm.no (namn, adresse, e-post, mobil og fødselsdato) – me sender giro.
eller
Medlemen kan melda seg inn slik:
– Senda NYNORSK til 2490
– www.nm.no/bli-medlem
– Vippsa 200 kr til 90540 (hugs kontaktinfo som melding)

Den store verveveka

1.–7. oktober kallar me verveveka. Målet er at det skal bli lettare å spørja folk om å bli medlem, og markera ein pangstart for resten av vervehausten. Me skipar vervetevling mellom lokallaga, der fem av dei beste vervelaga er med i trekninga om bokpakker. Me lagar også verveinnhald til sosiale medium kvar dag. Dei siste åra har me verva over 100 nye mållagsmedlemer i løpet av denne veka.

Tips til lokallaga:

– Planlegg vervinga på styremøte
– Finn ei målsetjing eller eit tal – runde tal, eller historiske rekordar å slå
– Legg ein strategi som kan fungere i lokalmiljøet dykkar
– Innlegg på Facebook med lokal vri
– Lag liste med potensielle medlemer
– Stå på stand når noko «skjer»
– Ting standutstyr i Krambua
– Skriv namn på ei liste på stand, og send inn

Her finn du gode argument til vervinga.

Dei siste åra har medlemstalet i Mållaget auka med fleire tusen, men me trur potensialet er endå større.

Verv i veg!