norsk tidend

Vil gje nynorskopplæring for lærarstudentar

Ein del lærarstudentar får ikkje nynorskundervisning på studiet. No seier lærestadene at dei vil ta tak.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Ei kartlegging av nynorskundervisninga på lærarstudiet har avdekt at ein del lærarstudentar ikkje får nynorskundervisning, skreiv Norsk Tidend i april i år. Det gjeld studentar som skal undervise 5.–10. trinn og ikkje har valt fordjuping i norsk.

– Ikkje god nok praksis

Rapporten avdekkjer stor skilnad mellom lærestadene, og Norsk Tidend har no vore i kontakt med dei utdanningsinstitusjonane som ikkje gjev studentane nynorskundervisning i det heile. Alle er raske til å vedgå at den noverande praksisen ikkje er god nok. Både NTNU, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Søraust-Noreg, Nord universitet og Høgskolen i Østfold opplyser om at dei har planar om å gjere endringar som sikrar at alle studentane er kompetente til å drive nynorskundervisning. Fleire skriv at det er utfordrande å få integrert undervisninga i nynorsk på eit studium der studentane ikkje har norsk som fag, men at dei jobbar med å finne løysingar.

Behov for eit løft

Nestleiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre er svært nøgd med at lærestadene no tek tak.

– Det skulle jo eigentleg berre mangle, men vi skal likevel gle oss over positive endringar og gje utdanningsinstitusjonane ros for at dei tek grep. Det er lett å gløyme at alle lærarstudentar må kunne nynorsk, ikkje berre dei som underviser i norsk, meiner Sætre.

– Absolutt alle lærarar skal undervise på nynorsk på nynorskskular. Det er viktig at studentane blir mint på det undervegs i studiet og får kompetansen som skal til. Noregs Mållag får stadig rapportar om lærarar som ikkje kan nynorsk, så det er verkeleg behov for eit løft i lærarutdanninga. Vi håpar lærestadene nyttar høvet til ei skikkeleg evaluering også av nynorskopplæringa generelt.

Nestleiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre er nøgd med at lærarutdanningane vil gje alle studentane nynorskopplæring. Foto: Dina Rygg Eide

Planlegg ikkje tilsyn

Forskrift om lærarutdanning gjer det klart at lærarstudentane skal meistre både bokmål og nynorsk. Direktoratet som skal sikre kvaliteten på høgare utdanning i Noreg, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), har ikkje ført tilsyn med korleis lærestadene etterlever kravet om undervisningskompetanse i både bokmål og nynorsk.

Tilsynsdirektør Øystein Lund seier det er positivt at institusjonane no vil ta tak i nynorskundervisninga slik dei er plikta til, men at NOKUT ikkje har planar om å sjekke at det faktisk blir gjort.

– Når NOKUT skal vurdere kva rettleiings- og kontrollaktivitetar vi skal prioritere, tek vi utgangspunkt i det samla kunnskapsgrunnlaget vi har. Eit av verkemidla våre er å føre tilsyn. Det er eit ressurskrevjande verkemiddel, både for oss og dei vi fører tilsyn med. Per i dag har vi ikkje konkrete planar om å gjennomføre tilsyn med nynorskopplæringa ved lærarutdanningane.

Kartlegginga av nynorskundervisninga for lærarstudentar er gjord av Eli Anne Eiesland, førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg og leiar for Nasjonalt fagorgan for nordisk språk og litteratur.