norsk tidend

Vil utvide den nynorske litteraturen

Deltakarar ståande frå venstre: Helene Larsen, Camilla Haugen, Soma Lotfollahi, Christina Violeta Thrane Storsve, Bjarne Bjørnevik, Amelia Gomez Snerte, Maria Abdli. Sitjande frå venstre: Mona Huang, Marta Tveit, Alexander Petersen, Kristina Kassab Liland

Bøkene våre speglar ikkje samfunnet vi lever i, seier Samlaget. 11 deltakarar på forlagets nye forfattarskule skal gjere noko med det.

TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES

– Då Samlaget utlyste ein forfattarskule for dei med minoritetserfaring, så var det for godt å takke nei til. Det kjendest nesten som universet ba meg om å sende inn ein søknad, seier Bjarne Bjørnevik lattermildt.

Vil gjere meir

I januar var det tid for første samling i Samlagets nye forfattarskule. Der møttest elleve håpefulle forfattarspirer, alle med ei form for minoritetserfaring i bagasjen. Forfattarskulen er eit samarbeid mellom nynorskforlaget og tankesmia Minotenk.
– Samlaget har arbeidd for å betre mangfaldet innanfor den nynorske litteraturen i nokre år no. Men så hadde vi eit ynske om å gjere meir. Derfor tok vi kontakt med Minotenk, seier Sigmund Løvåsen, prosjektleiar for forfattarskulen.
Han fortel at Samlaget nyleg såg tilbake på utgjevnadane sine for dei siste ti åra, og såg at bøkene ikkje spegla det samfunnet vi lever i i dag.
– Og Samlaget er oppteke av at den nynorske litteraturen og det nynorske språket skal vere relevant. Då må det også kome stemmer frå ulike hald.

Minoritetsblikket

I løpet av året skal deltakarane vere med på fem samlingar. Der skal dei, i samspel med etablerte forfattarar, gå inn på ulike sjangrar. I tillegg får dei utdelt kvar sin mentor, som kan følgje dei opp i tida mellom samlingane. Det Bjarne Bjørnevik ser mest fram til, er å lytte til dei andre.
– Eg er no komen til eit punkt der skrivinga er ein stor del av kvardagen min. Då blir det interessant å høyre kva erfaringar dei har gjort seg.
– Kva synest du om at Samlaget framhevar minoritetar på denne måten?
– Det synest eg er veldig bra. Fleire bokutgjevnadar dei siste åra viser at vi ikkje berre treng minoritetsstemmer, men også at storsamfunnet finn det veldig interessant å sjå verda med eit minoritetsblikk, seier Bjørnevik.

Bjarne Bjørnevik er éin av elleve deltakarar på Samlagets forfattarskule. Foto: Saba Hatzimarkos

Rommar alt

Sjølv har Bjørnevik diagnosen cerebral parese. Han tykkjer det er litt rart å tenke på seg sjølv som ein minoritet.
– Først og fremst er eg ein norsk, kvit mann frå Sunnmøre, seier han.
Han har skrive dikt sidan 2013, og poesi er den uttrykksforma han likar best.
– Eit dikt har plass til alt. Du kan skrive om estetikk, etikk, historie, kjærleik, død, politikk, ideologi.
Han trekkjer pusten.
– Det er ei konsentrert uttrykksform som likevel har plass til veldig mykje.
– Kva tema skriv du mest om sjølv?
– Eg tenker ikkje på den måten, eg lèt intuisjonen bestemme. Men det finst heilt sikkert tema som går igjen, svarar han.

For meg er språk ein nøkkel til ein måte å vere i verda på.

Soma Lotfollahi, deltakar på Forfattarskulen

Flykta frå Iran

Soma Lotfollahi er også blant dei elleve som skal delta på forfattarskulen. Ho likar å lese skjønnlitteratur, og skreiv sjølv ei novelle for å få plass på skulen.
Lotfollahi kom til Noreg som 12-åring. Ho og familien tilhøyrde den kurdiske minoriteten i Iran, og flykta frå undertrykking og diskriminering i heimlandet.
Ho er usikker på om ho kan bli forfattar, men ser på forfattarskulen som ein start.
– Eg ville vere med for å sjå om eg har nokre litterære evner, seier ho.

Soma Lotfollahi skriv ikkje nynorsk sjølv, men ser på den som ei utfordring. Foto: Privat.

Ekstra spenning

Ho kallar seg sjølv ein språknerd. Etter å ha hatt norsk som andrespråk på ungdomsskulen og vidaregåande, tek ho no ein master i nordisk språk og litteratur.
– Gleda over norsk språk har berre vakse fram i meg, fortel ho.
Nynorsk vil vere arbeidsspråket på forfattarskulen, opplyser Samlaget. Men det er ikkje krav om at nynorsken må vere feilfri. Lotfollahi skriv ikkje nynorsk til vanleg.
– Det er ikkje mitt naturlege språk, men eg ser på det som ei utfordring.
Då ho var yngre, lærte ho seg sjølv gresk og budde i Aten i eit år. Ho er interessert i språk og korleis dei fungerer.
– For meg er språk ein nøkkel til ein måte å vere i verda på. Så for meg gir nynorsken berre ei ekstra spenning.

Knausgård er helten

Lotfollahi har opplevd å vere ein minoritet heile livet. Ho fortel at ho har opplevd mykje rasisme i Noreg. Ikkje frå etniske nordmenn, men frå andre frå Midtausten. Ho likar å skrive om det å kjenne seg framandgjort, å ikkje passe inn.
– Føle seg nervøs heile tida, ikkje trygg nok. Og så likar eg å skrive om nære relasjonar. Om kjærleik, tilhøyrsle, nærleik. Det er spanande.
– Har du førebilete innanfor litteraturen?
– Om vi tenker dagens forfattarar, er det definitivt Knausgård. Han skriv godt om det som mange kan kjenne seg igjen i. Sjølv om eg ikkje alltid er einig i utleveringa av familien hans,
så er han min helt, seier ho.

Deira verd, deira kampar

Jo fleire bøker vi les av dei med minoritetserfaring, dess betre kan vi forstå kvarandre, trur Lotfollahi.
– Sjølv om tekstar er skrivne av minoritetar, kan andre kjenne seg igjen. Vi kan setje oss inn i deira verd og deira kampar.
På masterstudiet las ho og medstudentane boka Jeg lever et liv som ligner deres av Jan Grue.
Grue har ein medfødd muskelsjukdom, og boka hans handlar om det å leve i ein sårbar kropp.
– Det kan vere noko for alle i den boka. Og slike bøker kan bygge ei bru av forståing og empati med dei som lever annleis liv, trur ho.


Forfattarskulen

• Skulen går over eitt år med fem helgesamlingar. Den første var i januar.
• ´Han er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og tankesmia Minotenk.
• Skulen er for skrivande med minoritetserfaring. Det kan vere nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing, seksuelle minoritetar, kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.
• Deltakarane er over 18 år og har enno ikkje debutert som forfattarar.
• Nynorsk er arbeidsspråk gjennom kurset.