– Vonar KrF landar rett
Sidemålskarakteren i spel i utkastet til partiprogram.
– Sidemålskarakteren er i spel i programutkastet til KrF, og det blir avgjerande viktig at landsmøtet landar på å halde på eigen karakter, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Han meiner eigen sidemålskarakter sikrar likeverd mellom dei norske språka i skulen, og meiner karakter i sidemål ved sida av karakter i hovudmål er avgjerande for at opplæring i sidemålet skal bli prioritert i ein karakterstyrt skule.
Han meiner vidare at KrF skriv klokt om utfordringane til mindretalsspråket nynorsk, men håpar dei legg inn fleire av Noregs Mållag sine konkrete krav. I programutkastet til KrF står det at dei vil «sikre en reell likestilling mellom bokmål og nynorsk i Norge. Et språk i mindretalsposisjon har et vanskeligere utgangspunkt enn et språk som benyttes av flertallet. Det må derfor være en prioritert oppgave å løfte nynorskens status som bruksspråk, og fjerne hindringer som nynorskbrukere møter».
– Dette viser at KrF forstår at språka våre har ulike vilkår og at det er ei politisk oppgåve å jamne det ut. Om dei går for eigen sidemålskarakter og legg inn fleire av våre konkrete tiltak, ligg alt til rette for at KrF blir ein viktig alliert også i komande periode, seier Peder Lofnes Hauge.
Før programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedteke fem politiske hovudkrav. Desse er:
1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga.
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett.
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar.
5: Eit løft for nynorsk kultur.
Noregs Mållag har fem krav til partia:
https://www.nm.no/lokallaga/4631-2/fem-krav-til-partia/