norsk tidend

Ytringsfridom skal det vere

Runar Mæland er født i 1988 og bur i Bergen. Han er kommunikasjonsrådgjevar og filosof. Han var medlem i arbeidsprogramnemnda til Noregs Mållag 2021-2022

Nynorsk har frå byrjinga av vore eit ytringsfridomsprosjekt. Historia om dette prosjektet kan fortelja oss mykje om eit emne Ytringsfridomskommisjonen har oversett, nemleg sambandet mellom språk, makt og fridom

MED HJELP FRÅ Ivar Aasen vil eg her gi nokre ansatsar til korleis me kan setja omgrep på dette sambandet. Ytringsfridom var ikkje berre ein føresetnad for at Aasen kunne utvikla og ta i bruk det nye landsmålet. Ytringsfridom var også ein sentral del av grunngjevinga for prosjektet: fridomen til å kunna bruka eit språk som er eins eige, som speglar kven ein er, og som ikkje er pådytta utanfrå. Ved å gi folket eit skriftspråk med røter i talemål og erfaringar frå heile landet har prosjektet nynorsk utvida og utjamna ytringsfridomen i Noreg.

Faktisk var ytringsfridom allereie eit sentralt tema i den første teksten Ivar Aasen gav ut på det nye landsmålet. I «Samtale mellem to bønder», prenta i Morgenbladet i 1849, let Aasen to namnlause bønder samtala om dei politiske omveltingane i Europa på denne tida. Den eine bonden har lese avisene. Den andre spør og grev. Saman analyserer og reflekterer dei over situasjonen. Dei har det som i Grunnlova heiter ei «open og opplyst offentleg samtale», som skal bidra til «sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet».

Tilbake til temaet for samtalen. I land etter land på kontinentet hadde folket reist seg mot styresmaktene med krav om fridom og like rettar. Rota til problema, slik bøndene ser det, er at styresmaktene ikkje har lytta til folket. I staden har dei lagt lok på ytringsfridomen, men resultatet vart berre at det kokte over. I Noreg hadde styresmaktene vore lurare, og difor var det heller ikkje trong for noko opprør her til lands: «den Friheiti, som andre Folk hikar aa trøyter seg ette, henne heve me alt havt i lang Tid.»

«Trykkefrihed bør finde Sted»

Den «Friheiti» som bøndene snakka om, var sjølvsagt den som kom med grunnlova frå 1814, og som blant anna slo fast (i § 100) at «Trykkefrihed bør finde Sted». Det var radikalt for si tid, men ikkje utan føredøme. Allereie i 1766 hadde Riksdagen i Sverige, inspirerte av opplysingsfilosofane som tala for likskap og toleranse, vedteke å avskaffa førehandssensuren med sin «Tryckfrihetsförordning». Fire år seinare blei Danmark-Noreg det første landet i verda som lovfesta ein uavgrensa trykkefridom.

Trykkefridomstida førte til ein boom av publikasjonar (rett nok av temmeleg varierande kvalitet). I Noreg kom blant anna ei rad utgjevingar med kritikk av danskeveldet og krav om større nasjonal sjølvstende.

Nye makthavarar såg fort at dei stod i fare for å mista kontrollen over kva folk tenkte, meinte og uttrykte. Dei konkluderte med at fridomen hadde gått for vidt, og frå 1772 blei trykkefridomen gradvis stramma inn både i Sverige og i Danmark-Noreg. I 1799 var sensuren tilbake her til lands. Også i Frankrike, der ytringsfridomen var blitt knesett gjennom Erklæringa om menneske- og borgarrettar i 1789, var skruen gradvis og kraftig blitt stramma til. (Som Aasen skreiv i sin satiriske «Lovtale yver Culturen»: «D’er no gamall Observance / at for mycket Tolerance / berre vekkjer Arrogance / Polemik og Repugnance.»)

Denne politiske utviklinga var bakteppet då Eidsvollmennene gjekk inn for at «Trykkefrihed bør finde Sted» i den nye, norske nasjonen: Dei ville tilbake til ordninga som gjaldt før gjeninnføringa av sensuren i 1799, og som hadde vore så viktig for framveksten av den nasjonale tanken i Noreg.

Den nye grunnlova blei dermed ei av dei mest liberale i verda for si tid – og ulikt i andre land, der konservative og autoritære straumdrag vann fram, stod den norske ytringsfridomsparagrafen seg over tid. Paragraf 100 i grunnlova, den om ytringsfridom, stod urørt i bortimot 200 år – til Stortinget i 2004 vedtok ei lovbrigde etter framlegg frå den førre ytringsfridomskommisjonen. (Setningane om ein «open og opplyst offentleg samtale» og så vidare, sitert ovanfor, kom inn då).

Men i dette ligg det òg ei anna historie. Heilt fram til 2014 var den norske grunnlova ikkje skriven på norsk, men på arkaisk dansk – paradoksalt nok, kanskje, med tanke på grunnlova si rolle i å frigjera oss frå danskeveldet. Det fortel om at Noreg er eit land som fekk pådytta eit språk og eit styre utanfrå, og som har strevd lenge med å finna sin eigen plass og identitet. Dette òg hadde Ivar Aasen mykje å seia om.

Grunnlaget til fridom

Han meinte nemleg ikkje at alt var såre vel med «Friheiti» i landet. Rett nok hadde me ikkje fått ei autoritær vending i politikken, slik ein hadde sett i andre land, der folket hadde vendt seg mot styresmaktene. Men i fleire tekstar gir han uttrykk for at den grunnlovsfeste ytringsfridomen ikkje var tilstrekkeleg. Den gav ein formell fridom som var viktig nok – men så lenge folk blei pådytta ein kultur og eit språk som ikkje var deira eige, var ikkje fridomen reell og meiningsfull.

I «Ettersleng til 17de Mai» spør han om folket i samtida verkeleg kunne kalla seg frie. «Fær du klæda deg som du vilde, og fær du tala og kveda som du vilde? Nei, Granne, du kann gjerna kjennast ved di: du er bastad og bunden paa alla Sidor, du fær inkje røra deg utan etter Notar og Takt og Mode.» Her handlar det ikkje om statleg sensur eller rettslege sanksjonar, men om sosiale normer som i praksis legg føringar på kor frie folk er til å vera seg sjølv. Det folkelege, det norske, det som høyrde landsbygda til, var rekna som noko mindreverdig, noko som ikkje var godt nok; i dette låg ein ufridom. Aasen såg noko paradoksalt i at folk feira 17. mai og heldt festtalar om fridomen, samstundes som dei i ord og handling
ikkje viste seg som frie folk.

Aasen kjem tilbake til temaet i «Tale fyre tome stolar», der han sirklar inn kva han meiner er «den rette Fridomen». Dette er ikkje ei fridom frå alle normer og rettelege styresmakter («Mot rett og sanning må allting vika», heiter det som kjend i «Etterstev»). Aasen vender seg syrleg mot «sjølvvalde Regjeringar av Modeherrar og Modefruer, som sitja i dei store Byom sud i Heimen og gjera Loger, um kor Folk skulo klæda seg og byrsta seg, eta og drikka, ganga og standa, heilsa og takka». Den rette fridomen handla kort sagt om å kunna vera seg sjølv, om å kunna gå rett i ryggen utan å måtta leggja av seg det ein kjenner seg heime i.

Dei «sjølvvalde regjeringane» Aasen snakkar om hadde det me i dag kan kalla ei hegemonisk makt: ei makt til å påverka verdiane og normene i samfunnet i kraft av ei høgare sosial stilling. Aasen utfordra dette hegemoniet, både gjennom det han skreiv, men endå meir gjennom språket han fann og brukte og delte. Premissen for landsmålet var at det heimlege og folkelege var godt nok, og at alle nordmenn skulle gjelda som «jamningar» både i språket og i samfunnet. Makta til dei sjølvvalde regjeringane måtte demokratiserast. For som Aasen så fint sa det i «Gagnløysa»: «Dan Mann som heve Magti, fær Friheiti nog; men fær du liti Magt, fær du liti Friheit og.»

Tarjei Vesaas sette ord på dette i diktet han skreiv til 100-årsjubileet for Aasens Ordbog over det norske folkesprog: «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld / den stille og vise nedbrytaren av grenser, den rolege og sikre oppbyggaren i eit folk / Det klåre ljoset attved sanningane, med bod om kven vi er, og kva vi sjølve har, og at vi alle bur her.»

Open og opplyst offffentleg samtale?

Ytringsfridomskommisjonen som la fram si utgreiing om stoda for ytringsfridomen i Noreg i august i fjor («En åpen og opplyst offentlig samtale», NOU 2022: 9) har ikkje heilt oversett denne historia. Dei nemner henne som døme på at ei gruppe har tilkjempa seg «retorisk medborgarskap» – eit omgrep dei har henta frå UiBprofessor Anders Johansen. Det er eit godt omgrep, som ymtar om at det å kunna delta i ein offentleg samtale på lik line med andre borgarar har nokre strukturelle føresetnader.

Men kommisjonen går ikkje vidare i analysen av språket som vilkår og medium for ytringsfridom. Som språkdirektør Åse Wetås med fleire peika på, tematiserer ikkje kommisjonen språk i det heile. Språkhaldningar og språklege barrierar er ikkje drøfta som emne i rapporten, sjølv om språk trass alt «er ein føresetnad for å kunna ytra seg», som Wetås sa; «Kommisjonen har ikkje sett på dei reelt ulike kåra folk har til å ytra seg på sitt språk i Noreg i dag» (Norsk Tidend nr. 4, 2022).

Rett nok har det skjedd mykje sidan Aasen si tid. Dansken er blitt til dansknorsk eller «bokmål», som gir plass til eit større norsk ordtilfang og meir folkelege uttrykksmåtar. Den språklege toleransen er mykje større i dag, noko nynorsken og målrørsla skal ha ein stor del av æra for. På mange måtar og i mange samanhengar er det kanskje enklare å vera nynorskbrukar enn nokon gong. Men framleis er det til dømes svært mange nynorskelevar som byter til bokmål i løpet av skulegangen, slik Nynorsksenteret og Språkrådet nyleg har dokumentert, trass i at det har vore eit uttrykt politisk mål å hindra dette. Og framleis er det lite eller ingen nynorsk å sjå i mange av dei store riksmedia – sjølv i dei avisene som formelt har oppheva sine nynorskforbod, slik som VG.

Dette kan tolkast som at folk har frie val, og at dei brukar fridomen sin til å velja bort nynorsk. Rettsleg sett er det i alle fall slik. Men som me har sett, er makt meir enn juss. Stoda kan òg tolkast som at det finst eit språkleg hegemoni som påverkar folk sine verdiar og val, slik at dei vil og vel noko anna enn dei elles ville gjort. Negative haldningar til nynorsk kan i praksis vera i vegen for ytringsfridomen ved at nynorskbrukarar blir mindre trygge i møte med eit bokmålsdominert samfunn, og ved at bokmålsbrukarar ikkje får god tilgang til ytringar på nynorsk. I dag blir slike negative haldningar reproduserte, frå lærarutdannarar til lærarar til elevar som tek med seg haldningane opp gjennom utdanningssystemet
att. Skulane kjøper inn datamaskiner, nettbrett og programvare utan støtte for nynorsk, ofte grunngitt i praktiske eller økonomiske omsyn, eller fordi alternativa rett og slett ikkje finst. Dette fortel elevane at nynorsk ikkje er noko ein kan venta å møta eller få støtte for overalt.

Ytringsfridomskommisjonen går grundig inn i drøfting av internett som «infrastruktur for ytringsfridomen». Kommisjonen peikar på at digitale plattformselskap som Microsoft, Google og Facebook har stor makt over denne infrastrukturen, og at denne makta må møtast med motmakt – både gjennom statleg regulering og tilsyn og gjennom vaktsemd og oppfølging frå sivilsamfunnet. Det er godt sagt. Men heller ikkje her kjem kommisjonen inn på den språklege sida av problematikken, sjølv om plattformselskapa openbert har stor makt også over språket vårt gjennom å setja rammer for kva
språk me kan møta og bruka.

Norsk generelt – og nynorsk spesielt – er eit lite språk i verda. Det gjer oss sårbare når det kjem til utvikling av ny språkteknologi, som chatrobotar og taleattkjenning, fordi dei krev store mengder språkdata som er krevjande å oppdriva for små språk. Dette forsterkar presset i favør av større språk. Så lenge nynorsk og andre små språk heng etter i teknologiutviklinga, er det også lett for at dei kan bli oppfatta som rare og annanrangs, slik at negative haldningar blir forsterka.

Opp til oss

Alt dette er døme på ting Ytringsfridomskommisjonen kunne tatt opp. Når dei ikkje har gjort det, får me andre ta opp hansken, med hjelp og inspirasjon frå Aasen og dei som har følgt etter han i målkampen. For kva er konsekvensen viss nynorsk blir ytterlegare marginalisert, både overfor bokmålsdominansen nasjonalt og engelskdominansen globalt? Språket vårt speglar erfaringar, kvardagar og måtar å sjå verda på i samfunnet der språket har utvikla seg. Det peikar tilbake på språkbrukaren og fortel ei historie om oss; det «ber bod om kven vi er, og kva vi sjølve har», som Vesaas sa det. Utan høve til å møta og bruka språket i ulike samanhengar, kan også kjensla av å kunna «sjå seg fritt ikring» gå tapt. Med færre nynorskbrukarar og mindre nynorskkunnskap blir samfunnet i stort fattigare på ord, seiemåtar og dermed måtar å sjå verda på. Viss det lokale og nasjonale blir oppfatta som noko annanrangs i forhold til det store og globale, kan me igjen måtta spørja med Aasen om me er frie folk eller trælar.

Heldigvis er biletet langt frå berre svart. Me har ein sterk og grunnlovsfesta ytringsfridom med djupe historiske og kulturelle røter. Denne kan me bruka til å setja våre eigne ord på tilværet og til å seia frå når utviklinga går feil veg. Ny teknologi og digitale plattformer gir ikkje berre vanskar, men også moglegheiter, blant anna til å samla og dokumentera språket, til å få opp tekstproduksjonen på nynorsk og til å treffa og tala med likesinna. Me har grunnlaget til fridom; så er altså resten opp til oss.