Ytringsfridom utan nynorsk
 
					Kommisjonen lanserte den 15. august utgreiinga si om kåra for ytringsfridommen i Noreg. Utgreiinga har namnet «NOU 2022: 9: En åpen og opplyst offentlig samtale». Mandatet til kommisjonen var å «med utgangspunkt i Grunnloven § 100 […] utrede de sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene for ytringsfrihet i dagens samfunn.» Norsk Tidend har snakka med kommisjonsmedlem Jan Inge Sørbø. Sørbø er forfattar og professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Han har svart på spørsmåla frå Norsk Tidend over e-post.
–  Innstillinga  er  utan  dissens.  Kva  var  dei  vanskelegaste  sakene/punkta  å  bli  samde  om  
–  Det  var  fleire  spenningar.  Til  dømes  korleis  ein  skal  vekta  fordelar  og  farar  ved  ny  teknologi.  Her  peikar  kommisjonen  så  avgjort  på  faremoment  med  store  teknologiselskap,  og  farane  ved  manipulasjon  gjennom  nye  media,  men  legg  også  stor  vekt  på  dei  positive  sidene  ved  ny  teknologi  –  at  det  rett  og  slett  er  blitt  lettare  å  ytra  seg.  Når  eg  les  NOUen,  ser  eg  at  den  nok  er  vel  så  mykje  prega  av  optimisme  som  av  otte  for  manipulasjon.  Hadde  eg  skrive  den  åleine,  ville  det  kanskje  sett  litt  mørkare  ut.  Men  begge  delar  er  med,»  svarar  Jan  Inge  Sørbø.
Toleranse og mangfald
– Ein svært interessant diskusjon handlar om omgrepa toleranse (som vi tek inn som ei fjerde grunngjeving for ytringsfridom) og mangfald. Medlemmer med bakgrunn i minoritetsmiljø opplevde ordet toleranse som negativt i situasjonar der dei blir bedne om å «tola såpass», medan dei opplever mangfaldsordet meir positivt. Mens andre opplever mangfaldsordet som tvitydig, ved at mangfald blir brukt til å skvisa ut dei som ikkje er tilstrekkeleg for mangfald på ulike felt.
– Svaret vart å bruka begge ord, og definera dei skikkeleg. Men diskusjonen viser kor viktig det er at ulike grupper får skildra situasjonen frå sine erfaringar, seier Sørbø.
Vi har jo ikkje diskutert forholdet mellom bokmål og nynorsk særleg mykje.
Jan Inge Sørbø
–  Er  det  noko  du  sjølv  saknar  i  utgreiinga?  Noko  du  meiner  burde  fått  meir  plass?
–  Det  er  jo  store  tema  vi  ikkje  skulle  skriva  om,  som  akademisk  ytringsfridom  (som  Kierulf-utvalet  har  skrive  om),  og  forlagsbransjen,  som  sjølvsagt  spelar  ei  viktig  rolle.
– Og sidan Norsk Tidend spør: Vi har jo ikkje diskutert forholdet mellom bokmål og nynorsk særleg mykje, bortsett frå å bruka nynorsk-rørsla som eit strålande døme på korleis ei gruppe brukar ytringsfridommen til å definera sin identitet og si sak, parallelt med Hauge-rørsla, bonderørsla, arbeidarrørsla osv.
Norsk for alle behov
– Kva meiner du er den største trusselen mot norsk språk i dag? Kva kan me gjera for å motarbeida dette?
– Ein kan vel seia at vi har lukkast for godt med å bruka engelsk. Barn blir så eksponert for engelsk så massivt og så tidleg, at dei svært lett går over på engelsk. Det fører til at norsk går ut av bruk t.d. i fleire og fleire akademiske samanhengar, i næringslivet osv. Ein kan ikkje løysa det problemet med å få ned kunnskapen i engelsk (som ofte er dårlegare enn folk trur sjølv), men vi må halda fram med å bruka norsk på alle område, halda fram med å omsetja, dikta, syngja og disputera på norsk. Det må finnast norsk for alle behov og alle nivå.
[…] vi må halda fram med å bruka norsk på alle område, halda fram med å omsetja, dikta, syngja og disputera på norsk. Det må finnast norsk for alle behov og alle nivå.
Jan Inge Sørbø
–  Kommisjonen  stadfestar  at  bokmål  og  nynorsk  er  jamstilte  målformer  i  dag.  Har nynorsk  vanskelegare  kår  enn  bokmål  som  ytringsspråk i  dag? Dersom  ja:  meiner  du,  eller  kommisjonen,  at  dette  er  eit  problem?
–  Nynorsk  har  vanskelegare  kår,  rett  og  slett  fordi  færre  brukar  det,  og  i  mange  område  av  landet  er  både  kunnskapane  om  og  haldningane  til  nynorsk  problematiske.  Dermed  vil  færre  ta  det  i  bruk.»
–  På  den  andre  sida  har  vi  svært  mange  gode  nynorske  skribentar,  både  journalistiske  og  skjønnlitterære,  som  demonstrerer  at  nynorsk  er  fullt  brukbart  i  alle  slags  debattar.  Dårlege  kår  for  nynorsken  er  eit  problem  i  den  grad  det  har  «nedkjølande  effekt»,  dvs.  at  motviljen  mot  nynorsk  får  folk  til  å  teia  stilt  eller  skifta  målform.
–  Er  det  eit  problem  for  ytringsfridomen  at  ulike  avisredaksjonar  praktiserer  forbod  mot  nynorsk  i  spaltene  sine?
–  Ja,  utan  tvil.  Men  tendensen  har  vel  vore  at  dei  er  blitt  mindre  firkanta  enn  før.
–  Er  det  nokon  spesiell  grunn  til  at  dette  ikkje  er  kommentert  i  utgreiinga?
–  Det  viktigaste  i  vårt  mandat  var  å  analysera  endringane  sidan  sist  kommisjon,  som  leverte  i  1999.  Dei  store  endringane  er  knytt  til  ny  teknologi  og  fleire  og  større  minoritetsgrupper.  Men  vi  kunne  godt  sagt  noko  om  det.  Og  skal  nokon  takast  for  at  det  ikkje  vart  gjort,  så  må  det  vel  bli  meg
–  Er  det  greitt  å  forby  nokon  av  dei  norske  språka  i  offentlege  ytringsflater?   
–  I  utgangspunktet  inneber  jamstillinga  at  dei  som  gir  ut  skrifter,  sjølv  kan  avgjera  om  dei  skal  koma  på  nynorsk  eller  bokmål.  Så  spørsmålet  er  knytt  til  debattforum  i  desse  publikasjonane,  og  der  synest  eg  det  er  problematisk  at  folk  ikkje  får  velja  sitt  eige  språk.
– Eg synest Dag og Tid har ei god linje: Alt redaksjonelt stoff er på nynorsk, men lesarinnlegg på bokmål kjem på trykk. Elles ville ein stengt ute nokre innlegg. Det same burde bokmålsavisene praktisera.
–  Har  staten  eit  særleg  ansvar  for  å  ta  vare  på  nynorsk  som  eit  ytringsspråk?
–  Staten  har  ansvar  for  å  styrkja  og  halda  oppe  norsk  språk,  nynorsk  inkludert.  Det  ligg  vel  i  mållova.
Du kan lese Språkrådets kritikk av saka her.
Vemund Norekvål Knudsen