norsk tidend

Ytringsfridom utan nynorsk

Jan Inge Sørbø skulle gjerne sett at tilhøvet mellom bokmål og nynorsk blei tematisert av kommisjonen. Foto: Agnete Brun

Kommisjonen lanserte den 15. august utgreiinga si om kåra for ytringsfridommen i Noreg. Utgreiinga har namnet «NOU 2022: 9: En åpen og opplyst offentlig samtale». Mandatet til kommisjonen var å «med utgangspunkt i Grunnloven § 100 […] utrede de sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene for ytringsfrihet i dagens samfunn.» Norsk Tidend har snakka med kommisjonsmedlem Jan Inge Sørbø. Sørbø er forfattar og professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Han har svart på spørsmåla frå Norsk Tidend over e-post.

Innstillinga er utan dissens. Kva var dei vanskelegaste sakene/punkta å bli samde om
– Det var fleire spenningar. Til dømes korleis ein skal vekta fordelar og farar ved ny teknologi. Her peikar kommisjonen så avgjort på faremoment med store teknologiselskap, og farane ved manipulasjon gjennom nye media, men legg også stor vekt på dei positive sidene ved ny teknologi – at det rett og slett er blitt lettare å ytra seg. Når eg les NOUen, ser eg at den nok er vel så mykje prega av optimisme som av otte for manipulasjon. Hadde eg skrive den åleine, ville det kanskje sett litt mørkare ut. Men begge delar er med,» svarar Jan Inge Sørbø.

Toleranse og mangfald

– Ein svært interessant diskusjon handlar om omgrepa toleranse (som vi tek inn som ei fjerde grunngjeving for ytringsfridom) og mangfald. Medlemmer med bakgrunn i minoritetsmiljø opplevde ordet toleranse som negativt i situasjonar der dei blir bedne om å «tola såpass», medan dei opplever mangfaldsordet meir positivt. Mens andre opplever mangfaldsordet som tvitydig, ved at mangfald blir brukt til å skvisa ut dei som ikkje er tilstrekkeleg for mangfald på ulike felt.

– Svaret vart å bruka begge ord, og definera dei skikkeleg. Men diskusjonen viser kor viktig det er at ulike grupper får skildra situasjonen frå sine erfaringar, seier Sørbø.

Vi har jo ikkje diskutert forholdet mellom bokmål og nynorsk særleg mykje.

Jan Inge Sørbø

Er det noko du sjølv saknar i utgreiinga? Noko du meiner burde fått meir plass?
– Det er jo store tema vi ikkje skulle skriva om, som akademisk ytringsfridom (som Kierulf-utvalet har skrive om), og forlagsbransjen, som sjølvsagt spelar ei viktig rolle.

– Og sidan Norsk Tidend spør: Vi har jo ikkje diskutert forholdet mellom bokmål og nynorsk særleg mykje, bortsett frå å bruka nynorsk-rørsla som eit strålande døme på korleis ei gruppe brukar ytringsfridommen til å definera sin identitet og si sak, parallelt med Hauge-rørsla, bonderørsla, arbeidarrørsla osv.

Norsk for alle behov

Kva meiner du er den største trusselen mot norsk språk i dag? Kva kan me gjera for å motarbeida dette?

– Ein kan vel seia at vi har lukkast for godt med å bruka engelsk. Barn blir så eksponert for engelsk så massivt og så tidleg, at dei svært lett går over på engelsk. Det fører til at norsk går ut av bruk t.d. i fleire og fleire akademiske samanhengar, i næringslivet osv. Ein kan ikkje løysa det problemet med å få ned kunnskapen i engelsk (som ofte er dårlegare enn folk trur sjølv), men vi må halda fram med å bruka norsk på alle område, halda fram med å omsetja, dikta, syngja og disputera på norsk. Det må finnast norsk for alle behov og alle nivå.

[…] vi må halda fram med å bruka norsk på alle område, halda fram med å omsetja, dikta, syngja og disputera på norsk. Det må finnast norsk for alle behov og alle nivå.

Jan Inge Sørbø

– Kommisjonen stadfestar at bokmål og nynorsk er jamstilte målformer i dag. Har nynorsk vanskelegare kår enn bokmål som ytringsspråk i dag? Dersom ja: meiner du, eller kommisjonen, at dette er eit problem?
– Nynorsk har vanskelegare kår, rett og slett fordi færre brukar det, og i mange område av landet er både kunnskapane om og haldningane til nynorsk problematiske. Dermed vil færre ta det i bruk.»

– På den andre sida har vi svært mange gode nynorske skribentar, både journalistiske og skjønnlitterære, som demonstrerer at nynorsk er fullt brukbart i alle slags debattar. Dårlege kår for nynorsken er eit problem i den grad det har «nedkjølande effekt», dvs. at motviljen mot nynorsk får folk til å teia stilt eller skifta målform.

Er det eit problem for ytringsfridomen at ulike avisredaksjonar praktiserer forbod mot nynorsk i spaltene sine?
– Ja, utan tvil. Men tendensen har vel vore at dei er blitt mindre firkanta enn før.

Er det nokon spesiell grunn til at dette ikkje er kommentert i utgreiinga?
– Det viktigaste i vårt mandat var å analysera endringane sidan sist kommisjon, som leverte i 1999. Dei store endringane er knytt til ny teknologi og fleire og større minoritetsgrupper. Men vi kunne godt sagt noko om det. Og skal nokon takast for at det ikkje vart gjort, så må det vel bli meg

Er det greitt å forby nokon av dei norske språka i offentlege ytringsflater?  
– I utgangspunktet inneber jamstillinga at dei som gir ut skrifter, sjølv kan avgjera om dei skal koma på nynorsk eller bokmål. Så spørsmålet er knytt til debattforum i desse publikasjonane, og der synest eg det er problematisk at folk ikkje får velja sitt eige språk.

– Eg synest Dag og Tid har ei god linje: Alt redaksjonelt stoff er på nynorsk, men lesarinnlegg på bokmål kjem på trykk. Elles ville ein stengt ute nokre innlegg. Det same burde bokmålsavisene praktisera.

Har staten eit særleg ansvar for å ta vare på nynorsk som eit ytringsspråk?
– Staten har ansvar for å styrkja og halda oppe norsk språk, nynorsk inkludert. Det ligg vel i mållova.

Du kan lese Språkrådets kritikk av saka her.

Vemund Norekvål Knudsen