16. april 2012 la Kulturdepartementet fram eit endringsframlegg til lov om stadnamn, som ei oppfølging av stortingsdokument nr. 8:58 (2007–2008). Landsmøtet i Noregs Mållag, samla til møte 27.–29. april 2012, meiner det er bra at skrivemåten av gardsnamn framleis skal fastsetjast av Statens kartverk, fordi dei er stadnamn og kulturminne med interesse for alle. Les meir
|
Norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule skal reviderast, og kunnskapsminister Kristin Halvorsen har bedd Utdanningsdirektoratet laga eit framlegg til ny læreplan i norsk. Les meir
|
| |
I samarbeid med musikkfestivalen Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso inviterer Kvam Mållag til å gjendikta blueslegenda Robert Johnson. Les meir
|
– Det mest påfallande med språkutviklinga i Sogn og Fjordane er at bruken av nynorsk står så sterkt og er så stabil, medan endringane er så store mange stader elles i landet, seier Ottar Grepstad. Les meir
|
| |
Forskar Hanna Lehti-Eklund kom til landsmøtet i Noregs Mållag for å innleie om sidemålsordninga i Finland. Ho har forska på svenskundervisninga i finsk skule, og meiner at undervisninga er betre enn sitt rykte. Les meir
|
- Eg vart rasande då norskseksjonen min på Vinstra vidaregåande skule fekk brev om vi ville signere eit opprop mot sidemålsordninga, seier Nina Berge Rudi, nyvald styremedlem i Noregs Mållag. Les meir
|
| |
På budsjettet til Noregs Mållag er det sett av 200 000 kroner som er øyremerkt lokale organisasjonstiltak. Alle lokallag og fylkeslag kan søkje om desse pengane. Hovudtildelinga i år blir på styremøtet i juni. Søknadsfrist for denne tildelinga er 20. mai. Les meir
|
Aud Søyland er blitt ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Les meir
|
| |
Oddny Miljeteig, gruppeleiar for Bergen SV, vart invitert til landsmøte for å få takk for det formidable vervearbeidet ho har gjort for Mållaget. Ho vart møtt med ståande applaus og trampeklapp. Her kan du lese hennar tale til landsmøtet. Les meir
|
Fråsegn vedteken på landsmøtet: Læreplanen for norsk skule er eit grunnlagsdokument med eit ordtilfang som har stor påverknad på både munnleg og skriftleg språkutvikling. Læreplanen er eit sentralt fagleg grunnlag i lærarutdanninga, og han er i dagleg bruk i undervisninga i skulen. Les meir
|
| |
Fråsegn vedteken på landsmøtet: Landsmøtet i Noregs Mållag ber sokneråd, bispedømeråd og Kyrkjerådet om å arbeida aktivt for å sikra at born som har eller skal ha nynorsk som hovudmål, får trusopplæringsmateriell på sitt eige språk, slik born med bokmål som hovudmål får det. Les meir
|
Fråsegn vedteken på landsmøtet: Alle born fortener å møte både nynorsk og bokmål i barnehagen. Les meir
|
| |
Fråsegn vedteken på landsmøtet: Landsmøtet i Noregs Mållag er glad for dei mange positive tiltaka som har blitt sett i verk for å styrkje samisk språk dei seinare åra, særleg innanfor kulturfeltet. Likevel er landsmøtet uroa for vilkåra for unge som veks opp og skal halde på samisk språk. Les meir
|
Håvard B. Øvregård vart i dag attvald som leiar på Landsmøtet i Noregs Mållag. Ny nestleiar er Janne Nygård, student og avtroppande leiar i Norsk Målungdom. Les meir
|
| |
– Det er med stor ære Noregs Mållag gjev Målprisen 2012 til den fremste representanten for nynorsk skriftkultur i dag: Jon Fosse, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Til trampeklapp frå salen vart prisutdelinga kunngjort på landsmøtet. Les meir
|
Jostein 0. Mo vil hjelpe frivillige lag å få lagslovene sine på nynorsk. På landsmøtet i Mållaget vart han tildelt 50 000 kroner i nynorskstipend for å setje i gang dette arbeidet. Les meir
|
| |
Merete Bratsberg Aae er lærar på Averøy på Nordmøre. Ho får stipend til å lage ein felles sidemålsblogg der ungdom kan bidra og skrive om tema som ungdom er opptekne av. Les meir
|
Margit Ims bur i Bø i Telemark og er aktiv i Bø Mållag. Ho er lærar på Kvitsund gymnas i Kviteseid. Ho heldt eitt av fire førebudde innlegg til kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Les meir
|
| |
– Me må spørje oss korleis me kan styrke nynorsk som hovudmål. Det handlar ikkje om sidemål eller ikkje sidemål, forsikra kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Ho trur både meir læremiddel på nett på nynorsk og eit ekstra studiepoeng for å ha nynorsk som hovudmål kan medverke til å stogge målbytet. Les meir
|
Slik byrja Håvard B. Øvregård si tredje leiartale til landsmøtet i Noregs Mållag: For eller mot språk? Lære meir eller lære mindre? Dette er norsk sidemålsdebatt! Les meir
|
| |
Øystein A. Vangsnes held landsmøtetale til landsmøtet. Emne for tala var om kunnskap frå den internasjonale forskingsfronten og overføringsverdien til den norske språksituasjonen. Les meir
|
Marit Eikemo er tildelt Nynorsk litteraturpris 2011 for boka Samtale ventar. Prisen er på 30 000 kroner og det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som står bak prisen. Les meir
|
| |
Nynorsk barnelitteraturpris 2011 går til Asbjørn Rydland for boka Med eld i hjartet. Prisen er på 30 000 kroner og det er Noregs Mållag som står bak prisen. Utdelinga er ved opninga på landsmøtet i Noregs Mållag. Les meir
|
– Eg trur at om ein samanliknar fyrste veke og siste veke i prosjektet vil ein sjå ei heilt klår forbetring i nynorskkunnskapane, fordi me har jobba konsentrert og fått tett oppfølging, seier Halvor Solhjem Njerve, elev på Elvebakken vgs. Les meir
|
| |
I dag var Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og Janne Nygård, påtroppande nestleiar, på besøk hjå Elvebakken vgs i Oslo. Der vart dei fortald om den gode sidemålsundervisninga på skulen. Les meir
|
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kjem på landsmøtet i Noregs Mållag fyrstkomande fredag. Ho vil møta eit Noregs Mållag med klare utfordringar til ministeren. Les meir
|
| |
– Haldningane til svenskfaget i den finske skulen er langt betre enn det som kjem til uttrykk i media, seier forskar Hanna Lehti-Eklund. Ho kjem til landsmøtet i Noregs Mållag for å innleie om sidemålsordninga i Finland. Les meir
|
Buskerud fylkeskommune søkjer for andre gong på eit år om å gjere endringar i norskfaget. Denne gongen skuldar dei på Kristin Halvorsen. Les meir
|
| |
Venstre gjer det klart at dei er eit stødig språkparti. På landsmøtet vedtok dei fråsegna: "En styrket språkopplæring". Og slår fast: Sidemålsopplæring skal fremdeles være en del av norskfaget og Venstre vil beholde egen karakter i sidemål. Les meir
|
Hovudutvalet for utdanningssektoren i Buskerud fylkeskommune vedtok i januar at dei ynskjer å søkje Utdanningsdirektoratet om å starte forsøk med fritak for sidemålsopplæringa i vidaregåandane skule. Les meir
|
| |