Landsmøte 2024

Fredag 19. april til sundag 21. april 2024 er det landsmøte på Scandic Nidelven i Trondheim sentrum.

Det tek 6-8 minutt å gå til/frå Trondheim sentralstasjon og mellom 32-45 minutt med buss eller tog frå/til Værnes.

Møtestart er fredag 19. april klokka 11 med kjønnsdelte formøte, i samsvar med vedtaket landsmøtet i 2018 gjorde om trygge møteplassar. Opninga av landsmøtet er fredag 19. april klokka 12. Vi vonar dei fleste utsendingane rekk å vera på plass i tide til å få med seg formøta i framkant av landsmøtet. Det vert innsjekking frå fredag morgon kl. 08.30. Møteslutt er søndag 21. april klokka 15.

Sidan det er landsmøte berre annakvart år, vonar vi å sjå utsendingar frå flest mogleg ulike lag denne helga. Vi drøftar dei viktigaste utfordringane for nynorsken og nynorskbrukarane i dag, og vonar å gje kveik til utsendingar frå heile landet. Vi vonar nye tillitsvalde som ikkje har vore på landsmøte før, tek turen.

Sakspapir og årsmelding

Årsmelding 2022–2024Sakshefte til landsmøtet 2024

Høyringsfråsegner i denne landsmøteperioden

Programmet

Fredag 19. april
08.30   Innsjekking – pausebuffet
11.00   Kjønnsdelte formøte ved styremedlemene Inger Johanne Sæterbakk og Anders Riise

12.00  Opning og konstituering
12.55   Utdeling av Nynorsk litteraturpris og Nynorsk barnelitteraturpris for 2023
13.00   Lunsj
14.00   Leiartalen ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
14.30 Ungdomens tale ved Tobias Christensen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom
14.40 Ordskifte
15.30  Årsmelding 2022–2024 ved Kjetil Aasen, styremedlem
15.45 Spørsmål, ordskifte og vedtak med ein gong
16.15  Rekneskapar for 2022 og 2023 ved dagleg leiar Gro Morken Endresen
16.25 Spørsmål og ordskifte
16.45  Godkjenning av fullmakter v/ leiaren av fullmaktsnemnda
16.50  Fråsegner ved Synnøve Marie Sætre, nestleiar
Presentasjon av fråsegnene og røysting over handsaming av seint innkomne framlegg
17.00  Pausebuffet
17.30  Kunstig intelligens og digitale utfordringar for nynorsken ved Erik Bolstad, dagleg leiar og sjefsredaktør i Store norske leksikon
19.00  Slutt for dagen

20.00  Middag og kulturelt program med Microbandet m.fl. på Dokkhuset

Laurdag 20. april

09.00 Personalressursar i organisasjonen ved Espen Tørset, 1. varamedlem til styret
09.50 Gruppeordskifte
10.30 Kaffipause med pausebuffet
10.50 Plenumsordskifte
12.00 Presentasjon av felles digitalt ressursområde for laga ved rådgjevar Frida Pernille Mikkelsen
12.30 Lunsj
13.30 Fråsegner ved nemndsleiar og eventuelle framleggsstillarar
Ordskifte
15.15 Økonomisaker med budsjett for 2025 og 2026 ved Gro Morken Endresen
16.30 Kaffipause med pausebuffet
17.00 Norsk i høgare utdanning ved Oddmund Hoel, forsknings- og høgare utdanningsminister
18.00 Slutt for dagen

20.00 Festmiddag på hotellet
Inger Johanne Sæterbakk er festleiar. Det vert mellom anna utdeling av Målprisen 2024

Sundag 21. april

09.30  Fire seminar (alle får med seg alle seminara)
Aktiv oppfølging av barnehagar og skular ved Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget 
Språkkafear. Gode tips og råd ved Nils Ulvund, leiar i Sunndal Mållag
Inspirasjonsdag for lærarar. Gode råd og tips ved Ellinor Bergli Bustad
Vervearbeid. Alle kan bli ein vervar ved Live Havro Bjørnstad
10.45  Kaffipause med pausebuffet
11.15  Fråsegner. Innstillinga frå nemnda vert lagt fram.
Ordskifte.
12.00  Vedtak personalressursar
12.10  Vedtak budsjett med meir
12.30  Lunsj
13.30  Vedtak fråsegner
14.15  Val ved Øyvind Fenne, leiar i valnemnda
15.00  Avslutning. Heimreise

Landsmøteutsendingar – kva seier lova

Utsendingar til landsmøtet skal som regel veljast på årsmøtet til laget. Årsmøtet kan gje styret eller eit lagsmøte fullmakt til å velja utsendingar. Utsendingane må vera medlemer i det lokallaget dei er valde som utsending for, og dei må ha betalt medlemspengar for 2024 for å få røysterett.
Laget må levera årsmelding for 2023 og ei signert utsendingsfullmakt, i tillegg til å betale landsmøteavgift og reiseutjamning innan 13. mars.

Utsendingsfullmakt

Påmeldingsskjema til landsmøtet

Årsmeldingsskjema for lokallag- og yrkesmållag

Økonomiske støtteordningar til landsmøteutsendingar

Nyskipa lokallag og lokallag med dårleg økonomi kan søkja Noregs Mållag om å få tilskot til reise og opphald. I søknaden må de leggja ved rekneskapen for 2023. Søknadsfrist: 1. mars 2024.

Send søknad til gro.morken@nm.no

I år vert det 2100 kroner i rabatt for dei 3 første utsendingane til fylkeslag og for éin utsending per lokallag. For lag som skal ha utsendingane på enkeltrom og overnatting og opphald heile helga vert reknestykket slik: For fylkesmållag kostar dei fyrste 3 utsendingane 7 500 kroner kvar, og deretter kostar utsendingane 9 600 kroner kvar. For lokallaga kostar det 7 500 kroner for den fyrste utsendingen og deretter 9 600 kroner kvar. Sjå elles prisar på eige ark. Årsmelding og sakspapir vert sende til laga og påmelde utsendingar éin månad før landsmøtet.
OBS! Ting billettar i god tid! Det er viktige (mål)pengar å spare på det. Ta vare på kvittering. Du får reisa refundert etter landsmøtet frå reiseutjamningspotten.

Framlegg frå valnemnda: Peder Lofnes Hauge er innstilt som leiar i Noregs Mållag for tredje gong

Hugseliste til landsmøtet:

Påmeldingsskjema til landsmøtet

Utsendingsfullmakt

Årsmeldingsskjema for lokallag- og yrkesmållag

Årsmeldingsskjema for fylkeslag

Trygge møteplassar i Noregs Mållag

Dersom du treng ei ekstra natt på hotellet frå torsdag til fredag kan du tinge rom via oss. Det kostar 1490 kroner (inkludert frukost).