Vipps og BankID er Årets nynorsbrukar 2025

Vipps og BankID er kåra til Årets nynorskbrukarar 2025 av Nynorsk kultursentrum.
Saman med prisen følgjer ei pengegåve på kr. 100 000. Selskapa har saman avgjort at desse pengane blir donerte til Noregs Mållag, øyremerkt arbeidet for meir digital nynorsk. Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, er godt nøgd med avgjerda til styret i Nynorsk kultursentrum.
– Vipps og Stø er svært verdige vinnarar av Årets nynorskbrukar 2025. At ein no kan bruke Vipps og BankID på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange menneske. Det treng vi i våre bokmålsdominerte digitale kvardagar. At dei vel å gje prispengane til oss er veldig stas. Dei vil kome godt med når vi skal jobbe vidare med digitalisering og språkteknologi på nynorsk! Gratulerer til Vipps og Stø og takk for at de tek ansvar for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge.
– I 2025 er ikkje lenger digitalisering noko nytt. BankID er over 20 år gamalt. Men den digitale sfæren er framleis eit domene der nynorsk er underrepresentert. Difor er det svært viktig at tenester som Vipps og BankID er tilgjengelege på nynorsk, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum.
Vipps og BankID har høvesvis 4,4 og 4,5 millionar brukarar. Vipps blei gjort tilgjengeleg på nynorsk 12. mai 2024 (nynorskdagen), medan BankID blei gjort tilgjengeleg på nynorsk 23. november 2023.
– BankID er for heile befolkninga og det var difor heilt naturleg å gjere tenesta tilgjengeleg på nynorsk. Vi er særs glade for å få denne prisen, seier Øyvind Westby Brekke, administrerande direktør for Stø AS.
– Denne prisen er vi veldig, veldig glade for å få! Å lansere Vipps på nynorsk var noko av det kjekkaste vi gjorde i fjor. Vipps har etter kvart blitt ein kompleks app som rommar over 5 000 tekstar, som betyr at vi må halde nynorsken ved like kvar gong vi gjer endringar. På den måten er kvar dag ein nynorskdag hos oss. Det er triveleg, seier Lars Tore Skau og Ida Nicoline Glosimot i Vipps.
Kvart år deler styret i Nynorsk kultursentrum ut prisen «Årets nynorskbrukar» til personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Til sist: Om eitt år, 12. mai 2026, er det ein ny nynorskdag. Kanskje tida er inne for at finn.no tek steget og blir også ein nynorsk-app?!
Digital nynorsk Her er eit oversyn over dei tenestene, programvarene og appane som finst på nynorsk, med instruksjonar for korleis du får dei på nynorsk!