– Det er lov å skriva feil!
– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg fram: No får alle lov av Noregs Mållag til å skriva feil, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Sebastian Natvik, leiar i Norsk Målungdom.
Veka mellom 6. og 12. mai er ei spesiell veke for nynorsken. Desse dagane inviterer Mållaget og Norsk Målungdom heile Noreg til å bli med på ei årleg nasjonal markering, der målet er at alle skal få sjå meir nynorsk.
Nynorske merkedagar
Den 6. mai i 2014 vedtok Stortinget Grunnlova på nynorsk, og 12. mai er sjølve nynorskdagen, dagen då Stortinget alt i 1885 fatta jamstillingsvedtaket, som likestilte dei to norske skriftspråka.
– Difor vil Mållaget og Norsk Målungdom få med seg alle i Noreg på å feira nynorsken ei heil veke, seier Peder Lofnes Hauge.
– Me avsluttar veka med nynorskdagen 12. mai, ein stor festdag. Då oppmodar me også alle i Noreg om å ynskja kvarandre til lukke med dagen og å heisa flagget til topps, seier Sebastian Natvik.
Alt er lov i nynorskveka
På nynorskdagen dei to siste åra har store selskap som Vipps og Ruter lansert tenestene sine på nynorsk. Men det viktigaste er at alle kan vera med både å feira og å bruka nynorsken, og at det skal vera låg terskel for å prøva seg fram med språket.
– Me håpar me ser alle slags typar nynorsk denne veka, også i avisene og på sosiale medium. God eller dårleg, seriøs og tullete, alt er lov i nynorskveka!
Kva skjer?
Både lokallag i Mållaget og andre aktørar lagar til feiringar i nynorskveka:
- Oslo domkyrkje skipar nynorsk høgmesse sundag 10. mai, med tidlegare biskop Kari Veiteberg
- Oslo Mållag går i tog med korps (!) på nynorskdagen, frå Nynorsk bokhandel til Ivar Aasen-bautaen på Vår frelsers gravlund. Leiar i Noregs Mållag held appell.
- Forfattar Maria Parr har digital lesestund kl. 10 på nynorskdagen 12. mai, i regi av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. (Nynorsksenteret)
- Skular og barnehagar landet rundt markerer veka med ekstra fokus på nynorsk. Til dette har Nynorsksenteret laga tilpassa undervisningsopplegg til ulike aldersgrupper, som ein fritt kan ta i bruk.
- Bane NOR skiftar til nynorsk på dei store informasjonstavlene sine, der det enkelt går å endra statisk tekst. Togstasjonane Oslo S, Nationaltheatret, Skøyen, Oslo Lufthavn, Stavanger, Bergen, Værnes og Trondheim S får alle nynorsk tekst gjennom nynorskveka.
***
For praktiske spørsmål: Hege Lothe, informasjonsrådgjevar, 926 48 348, hege.lothe@nm.no
