Nynorskveka

Dei siste åra har Noregs Mållag og Norsk Målungdom hatt suksess med å markere nynorskdagen 12. mai, både lokalt og nasjonalt. I år har vi lyst til å prøve noko nytt.  Vi utvidar til ei heil nynorskveke!

Med utgangspunkt i merkedagane 6. og 12. mai, lagar vi til ei nynorskveke med søkjelys på språk og folkestyre. 

12. mai 1885 vedtok Stortinget å jamstille landsmål (seinare nynorsk) med dansk (seinare bokmål) gjennom «jamstillingsvedtaket». 140 år seinare er nynorsk eit nasjonalt språk som alle lærer i skulen.

6. mai 2014 vedtok Stortinget ein fornya versjon av Grunnlova, éin versjon på bokmål og éin på nynorsk.

Skulane: Kompetansemål allereie frå 2. trinn i norsk peikar på at eleven «skal kunne lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk», og på kvart trinn får ein nye kompetansemål. Nynorskveka kan vere eit godt høve for å nå nokre av desse. Nynorsksenteret kjem til å lage ei tipsliste til undervisningsopplegg med utgangspunkt i kompetansemåla for kvart trinn. www.nynorsksenteret.no

Nokre idear til skulane:
> Nynorsk litteratur. Finn bøker på skulebiblioteket. Anten til høgtlesing eller eiga lesing. 
> Snakke om nynorsk, Ivar Aasen og Grunnlova på nynorsk. Lage debatt i klasserommet?
> Skriv kortare tekstar, dikt, rim og regler som høver for trinnet ditt.
> Kroppsøving: Gå i Ivar Aasen sine fotspor. Gjekk Ivar Aasen gjennom kommunen din? 
> Kva er språket i kommunen? Korleis vart det slik? Kvifor vedtok dei dette språket?
> Språkdebatt i andre land: Kva land i Europa har fleire språk? Kva land har fleire namn på landet sitt?
> Nynorskdagen 12. mai. Nynorsk muffinsfest!

Målferd på ungdomsskular og vidaregåande skular: Norsk Målungdom har ungdomar som gjerne reiser på ungdomsskular og vidaregåande skular for å ta opp tema som språkhistorie, haldningar, dialekt, nynorsk og bokmål. www.malungdom.no

Barnehagane: Nynorskveka kan vere ein fin inngang til mange slags aktivitetar knytt til nynorsk, dialekt og språkmangfald. Både Nynorsksenteret, Tunkatten og Pirion har gode ressursar.

Bibliotek: Kanskje det lokale biblioteket ditt vil lage eit arrangement (leselønsj, bokkveld, språkkafé eller forfattartreff). Eller kanskje dei kan lage ei utstilling med nynorskbøker?

Oppsummering: Vi har framleis lyst til å feire nynorskdagen. Når vi utvidar til ei heil nynorskveke, er det for å gjere arbeid og tidspunkt for aktivitet meir fleksibelt, slik at vi kan bygge vidare på suksessen nynorskdagen. Det kjem til å kome meir info, og vi kjem til å minne alle skular, barnehagar og bibliotek på veka når det nærmar seg.

Kontakt hjå Mållaget: Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar