Nynorskdagen

Nynorskdagen er ein nasjonal markeringsdag for nynorsk. Noregs Mållag og Norsk Målungdom inviterer alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai.

Nynorsk er for alle!
Den 12. mai 1885 vedtok Stortinget å jamstille landsmål (seinare nynorsk) med dansk (seinare bokmål) gjennom «jamstillingsvedtaket». 139 år seinare er nynorsk eit nasjonalt språk som alle lærer i skulen. Målet vårt er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og å få sjå meir nynorsk rundt oss, særleg på plassar der me vanlegvis ikkje ser han. Me vonar alle medlemer og lokale lag vert med på å spreie ordet.

I 2022 og 2023 såg vi til dømes nynorsk frå Rema 1000, Gjensidige, DNB, Olje og energi-departementet, Miljødirektoratet, FRI og mange fleire som vanlegvis ikkje brukar nynorsk. Klikk her for å lese meir om nynorskdagen 2023


Korleis markerer vi dagen?

A) Skriv nynorsk på nynorskdagen 
Noregs Mållag og Norsk Målungdom sender utfordringar til statlege verksemder, politiske parti, frivillige organisasjonar, aviser og andre om å skrive nynorsk denne dagen. Dessutan sender me ei eiga oppmoding til barne- og ungdomsskular om å nytte nynorskdagen i undervisninga.

Lokal- og fylkeslaga våre sender oppmodingar til aktørar lokalt. Det kan vere kommunen, biblioteket, skulen eller barnehagen, ulike frivillige organisasjonar eller verksemder som ikkje brukar nynorsk til vanleg.

B) Sosiale medium 
I sosiale medium brukar vi emneknaggen #nynorskdagen. Vi spreier dei beste innlegga i eigne kanalar.

Tips:
➤ Skriv «Eg skriv nynorsk på #nynorskdagen» på X, Facebook, Snapchat eller Instagram. 

➤ Lik eller del nynorsk der du ser han. 

➤ Skriv nynorsk, les nynorsk, eller syng ein nynorsk song. 

➤ Kjøp ei vare på nynorsk. 

➤ Me kan ynskje til lukke med nynorskdagen.

C) Stå på stand / lag tilskiping
Lag dagen akkurat slik de vil. Vi vonar mange lokallag nyttar høvet til å lage ein festdag for nynorsken med å stå på stand, lage språkkafé eller ha ei anna tilskiping (høyrde vi kake?). For fleire av lokallaga kan det vere aktuelt å gå tur i fotspora til Ivar Aasen. Bruk 12. mai til å invitere fleire til å bli frivillige i Mållaget og til å invitere fleire inn i språket. Vi set saman ei stand-pakke med masse flott tilfang, som vi sender gratis til alle lokallag som vil ha. Vi lagar også grafikkar som kan skrivast ut som plakatar, flygarar og på t-skjorter.

Det viktigaste er at Mållaget og Målungdomen er synlege denne dagen og at vi markerer nynorsken på ein positiv måte.

Vi ynskjer alle ein god nynorskdag!

Lurer du på noko? Ta kontakt med
Hege Lothe i Noregs Mållag: 926 48 348 / hege.lothe@nm.no
Norsk Målungdom: Emma Pedersen 97 34 28 64 / norsk@malungdom

Fil til nedlasting: https://www.nm.no/app/uploads/2023/04/Nynorskdagen-1.png