norsk tidend

Borgafjellet-elevane held på nynorsken

INGEN NYNORSK: Maia (12), Anna, (12) Simen (13) og Nicolai (12) er glade i å lesa. Dei saknar nynorskbøker i skulebiblioteket.

Tekst: Vemund Norekvål Knudsen

– Det meste vi les utanom skulen er bokmål, så nynorsk kjennest litt rart, seier fire elevar ved Borgafjellet barneskule. Likevel skal dei ikkje skifta til bokmål på ungdomsskulen.

Kva synest de om opplegget til Åsmund?

– Det var kjekt! seier dei i tur og orden.

Kva synest de var mest interessant med timen?

– Eg hadde ikkje høyrt om Aasmund Olavsson Vinje, som var den fyrste som brukte nynorsk, seier Anna. Eg visste heller ikkje at Bjørnafjorden var kommunen med flest nynorskelevar i Noreg.

– Det var spennande å høyra korleis dansk har utvikla seg, og korleis bokmål vart til, legg Maia til.

– Eg synest nynorsk og dialektar er spennande, korleis folk snakkar forskjellig. Det var også interessant å høyra kvifor vi har to skriftspråk i Noreg, svarar Simen.

Dialekt og nynorsk

– Såpass! Synest de nynorsk er vanskeleg?

– Nokre ord er vanskelege, svarar Maia

– Eg pratar os-mål heime og bergensk når eg er ute. Eg vekslar, altså, seier Anna.

– Opplever du at du ikkje blir forstått?

– Jo, men eg slår over til bergensk utan at eg tenkjer over det, for det er mange andre som snakkar bergensk. Eg snakkar som dei rundt meg.

– Har du døme på nokre dialektord du brukar heime som du ikkje brukar ute?

– Ja, «kyrkjo og stovo», til dømes, dei seier ikkje det på bergensk.

– Det liknar jo veldig på dei nynorske orda kyrkja og stova. Har de døme på ord de synest er vanskelege på nynorsk?

– «Høyre» er rart, vi seier jo «høre». Og så er det meste vi les utanom på skulen, på bokmål. Så nynorsk kan kjennast uvant. Dei andre nikkar stadfestande til dette.

– Og så er noko av grammatikken vanskeleg, seier både Simen og Nicolai. Simen og Nicolai svarar at også dei les mykje på bokmål, og då vert nynorsken lite brukt utanfor skulen. På spørsmål om dei synest dei er gode i nynorsk, svarar alle fire at dei sjølv synest dei er «heilt greie i nynorsk».

Skal ikkje byta hovudumål

– Tyder dette at de skal byta hovudmål når de byrjar på ungdomsskulen?

Alle fire svarar «Nei!» i kor.

– Det ser vi ingen grunn til. Det er bra å læra seg noko ikkje alle kan. Vi har så mykje bokmål rundt oss, seier alle fire.

Møter de negative haldningar til nynorsk?

– Nei, ikkje i klassen, på skulen eller heime, men vi har møtt og høyrt om andre som er negative.

– Vi synest det vi lærte av Åsmund i timen i dag, er noko andre også burde læra om, seier alle samtykkande.

Vanskelegare å vera nynorskelev

Korleis er det med lærebøkene og datamaskina dykkar? Er dei på nynorsk?

– Google er ikkje det beste. Det er ikkje ordentleg på nynorsk, seier Anna og Maia.

– Det er mange ord som blir retta til bokmål. «Ein» eller «eit» får raude strekar, og «eg» blir til «jeg», får Norsk Tidend forklart av Simen og Nicolai.

Synest de at dette gjer skuledagen og lekser vanskeleg?

Det gjer det litt vanskeleg. Vi lèt dei raude strekane stå, og så ser vi gjennom etterpå, er dei alle samde om.

– Øystein [læraren] har vist oss ein nettstad der vi kan sjekka om det er riktig.

Er det vanskeleg å bli sikker på kva som er rett nynorsk?

– Det er litt meir vanskeleg, men det kjem vel til å sitja til slutt. Vi kan retta det manuelt sjølv. Vi har også opplevd at det korrekte nynorske ordet kjem av og til, altså.

– Og så kan vi trykkja oss inn og ta vekk den raude streken manuelt, når det er riktig, svarar dei.

Glade i å lese

De snakkar alle om at de les mykje. Har de ein favorittforfattar?

– Amuletten-serien, seier ein.

– Harry Potter sjølvsagt, svarar ein annan.

Anna seier ho helst les faktabøker.

Norsk Tidend blir med Simen, Nicolai, Maia og Anna til biblioteket for fotografering. Norsk Tidend
ber dei finna ein bok dei likar til å posere til biletet med. Ingen av dei finn fram ei nynorskbok.

Har de nynorskbøker i skulebiblioteket? Eller ein favorittforfattar på nynorsk?

Vi kjenner ikkje til så mange forfattarar som skriv nynorsk, men vi har veldig lyst å lesa meir på nynorsk, svarar dei og er samde om alle saman.

– Me skulle gjerne hatt fleire nynorskbøker på biblioteket.

Det er ingen av dei fire nynorskelevane som har ein favorittforfattar på nynorsk.

– Men den førre boka eg las, var boka til Åsmund om Osmålet, den var på nynorsk, forsikrar Anna.