aktuelt

God vervedriv i laga

Me er på god veg mot 14 000 medlemer! Etter 1. oktober har me registrert nær 100 nye medlemer, og er no oppe i 13 175 betalande medlemer.

– Nynorsksatsinga i statsbudsjettet syner at det nyttar å vere mange, dessutan er det klart at dei store sakene om ny læreplan og ny språklov engasjerer, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, som minner om at eit sterkt Mållaget trengst.

Dei siste tre åra har Mållaget hatt over 13 000 medlemer. Det er 3000 fleire enn for ti år sidan, og medlemstalet i 2019 var det høgste sidan 1989. Noregs Mållag vervar nye medlemer over heile landet, og i fjor auka medlemstalet i alle fylkeslaga.

– Eit høgt medlemstal er viktig for å leggje tyngd bak dei politiske krava våre, no i møte med sak om språklova, som Mållaget vil gjere meir offensiv. Me er mange som krev betre vilkår for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge.

Vil du vere med å verve? Les meir om gode råd og tips i vervekampanjen.

20 på topp!
Dei 20 lokallaga som får flest nye medlemer i 2020 vinn bokpakker som kan brukast i det lokale målarbeidet. Dei nye medlemene må ha betalt på slutten av året for å telje. Dette er status no:

LokallagNye i 2020
Bergen Mållag40
Oslo Mållag33
Volda Mållag11
Suldal Mållag10
Senjamållaget9
Jæren Mållag8
Kvam Mållag8
Nidaros mållag8
Stavanger Mållag7
Bjørnafjorden Mållag6
Borgund Mållag6
Etne Mållag6
Juristmållaget6
Kvinnherad Mållag6
Mållaget i Kristiansand6
Stord Mållag6
Vinje Mållag6
Askøy Mållag5
Hareid Mållag5
Marnar Mållag5
Sogndal Mållag5