aktuelt

Jon Fosse-feiring i nobelhelga 7.–10. desember

Jon Fosse utanfor Grotten, Oslo. Foto: Det Norske Samlaget

I desember skal vi feira ei hending som ingen målfolk har opplevd før: Vi skal feira at ein nynorskforfattar får nobelprisen i litteratur!

Feiringa byrjar allereie torsdag 7. desember. Då skal Jon Fosse halda det tradisjonsrike nobel-føredraget. Deretter går det slag i slag fram til sjølve prisutdelinga i Stockholm om ettermiddagen sundag 10. desember.

Føredraget kjem til å bli strøyma frå heimesidene til Nobelprisen, kl. 17:00. Føredraget kjem til å vera på nynorsk. Her kan du sjå strøyminga av føredraget. Det vert også ei transkribert utgåve tilgjengeleg her.

Det Norske Samlaget i samarbeid med Litteraturhuset i Oslo inviterer til Fosse-fest tre dagar til ende. Her bør ein vere rask om ein vil få plass.

Heile helga blir det Jon Fosse-maraton på NRK. I 40 timar skal 40 skodespelarar lesa 40 skodespel av Fosse. Dette vert sendt på NRK1 og NRK2, og er eit samarbeid med Det Vestnorske Teateret. For dei som skulle vera i nærleiken av Bergen, er det mogleg å tinga billettar no.

Vi har lagt inn ulike hendingar som skjer rundt omkring i landet i høve nobelhelga i kalenderen vår.

Korleis kan du feira nobelprisen?

Hygg deg
Bak kake, kok kaffi og inviter vener og kjende til å sjå føredraget og/eller nobelseremonien i fellesskap.

Flaggdag
Heis flagget på prisutdelingsdagen sundag 10. desember.

Lik og del
Lik og del alt av Mållaget på Facebook eller Instagram.

15 000 medlemer før Fosse får prisen

Jon Fosse har takka både nynorsken og målreisinga for prisen. Noregs Mållag ynskjer å heidra prisvinnaren med å gje målreisinga og nynorsken eit skikkeleg løft.

Hjelp oss å verva
Spør nokon om å bli medlem. For 200 kroner vert dei medlem resten av 2023 og heile 2024. Nye medlemer kan melde seg inn her. Om det er husstandsmedlemer, kan dei skrive det som melding der.

Del vervepostar
Lik og del vervepostar som Noregs Mållag legg ut på Facebook og Instagram.

Lokallag

Vi har oppmoda lokallaga våre om å markera nobelhelga. Ta kontakt med ditt lokale mållag for meir informasjon. Sjekk også kalenderen for jamlege oppdateringar.

Les Fosse

Les noko av Fosse, og del det i sosiale medium! Bruk emneknaggen #lesfosse i innlegget.

Samlaget gjev ut nobelserien.

Skald trykker opp att Fosse-omsetjingar av norrøne sagaer.

Fonna forlag har gjeve ut pamflett om då dei avviste Fosse.

Norsk Tidend kjem i posten 29.11. Der er leseguiden som kom i siste Norsk Tidend. Der er det også dikt som kan lesast.