kalender

Bibelkunnskap som folkeopplysning

Tid:
8. februar 202219:00
Arrangør: Bærum Mållag

Tysdag 8. februar klokka 19 kjem Kari Veiteberg til Bekkestua bibliotek for å snakke.

Biskop Kari Veiteberg fekk Målprisen 2020 frå Noregs Mållag og er no aktuell med boka «Bibelen på 200 sider». Ho vil fortelje om arbeidet med boka med særleg vekt på bibeltekstanes kulturelle betydning. Bibelen er så mykje meir enn ei bok, den er eit heilt bibliotek med bøker som spenner over eit langt tidsrom og tallause sjangrar. Bibelen er den skrifta som er omsett til flest språk og som har den lengste omsettingstradisjonen av alle bøker.

Den har ikkje berre forma tru og kultur, men har også sett avgjerande merke på språket vårt. Det kjem stadig nye bibelomsettingar. Omsettingane skal både ta omsyn til tradisjonen og klare den vanskelege oppgåva det er, å gjera tekstane tilgjengelege og forståelege for dei som omsettinga rettar seg til. Dei nynorske omsettingane har vore særleg viktige for bibelspråket i Noreg.

Som vanleg blir det spørsmål og samtale i etterkant.

Alle er velkomne. No kan vi møtast igjen!

 

Bærum Mållag inviterer i samarbeid med Bekkestua bibliotek.