kalender

Den store verveveka 1.–7. oktober

Tid:
1. oktober 2026
til 7. oktober 2026
Arrangør: Noregs Mållag

Frå 1. til 7. oktober er det den store verveveka i Noregs Mållag. Då samlast heile organisasjonen om å verva nye medlemer til Mållaget. Frå 1. oktober vert ein nemleg medlem ut heile 2027 for berre 200 kroner.

Kvifor bli medlem?
Å vera medlem i Mållaget sender ei tydeleg melding til dei som har ansvar for nynorsken: styresmaktene. Noregs Mållag jobbar for tiltak som løftar nynorsken, og med fleire medlemer aukar sjansane for gjennomslag.

Korleis bli ny medlem, eller verva?
Fyll ut skjemaet på www.nm.no/bli-medlem, eller send e-post til medlem@nm.no. Nye medlemer kan også senda NYNORSK til 2490 (200 kroner). Er du under 26 år? Då kan du melda deg inn i Norsk Målungdom.

Målsetnad: 16 456
Når veka startar har om lag 15 780 medlemer betalt medlemspengar. Målet er å gå forbi fjorårstalet, og for å gjera det treng me berre 676 medlemer. Det skal me greia!

Vervetevling
Fem av lokallaga som vervar flest nye medlemer i løpet av veka, vinn bokpakker (me trekkjer).