kalender

Motivasjonsseminar om Nynorskdagen

Tid:
27. april 202219.00
Arrangør: Noregs Mållag

Seminar for heilt nye og meir røynde tillitsvalde i Mållaget. Det vert ein hovudbolk om Nynorskdagen 12. mai og deretter nyttig praktisk informasjon om lagsarbeid.

Påmelding: Det er ikkje påmelding. Det er gratis. 

Stad: Vi møtest på Zoom:
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord.

Møteleiar for kvelden er Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent

19.00 Velkomen til motivasjonsseminar
ved Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag.
Presentasjonsrunde av dei som er med på seminaret.

19.15 Nynorskdagen 12. mai
ved Hege Lothe, Erik Grov, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag og Rebekka Hugøy Hovland, dagleg leiar hjå Norsk Målungdom
Noregs Mållag og Norsk Målungdom har gått saman om å markere Nynorskdagen 12. mai: https://www.nm.no/lokallaga/nynorskdagen/

Vi går igjennom planane frå sentralt og idear til kva som kan gjerast lokalt i laga.
Deretter er det ope for ideutveksling, spørsmål og kommentarar.

20.10 Pause

20.20 Nyttig praktisk informasjon
Medlemskapsordninga vår, medlemspengar, verving og årsmeldingar.
ved Erik Grov
Spørsmål og kommentarar

20.50 Inntektsarbeid på lagsarbeid
Organisasjonsfond, støtte til motivasjonsdagar for lærarar, momsrefusjon, grasrotandel, sal av adventskalendrar, Brønnøysundregisteret, kontonummer
ved Hege Lothe
Spørsmål og kommentarar

21.10 Avslutning og takk for i kveld