Nynorsk salmekveld
Publisert:
14. mars 2025
Tid:
23. mars 2025— 19:00
Stad:
Leikanger kyrkje
Arrangør: Herøy Mållag og Leikanger Kyrkje - MR
I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk salmebok vart gjeven ut.
Søndag 23. mars går Leikanger kyrkje og Herøy Mållag saman med lokale bidragsytarar om ei markering av dette jubileet i den vakre kyrkja på Leikong.
Vi får besøk av høgskuleprofessor og kyrkjemålsekspert Per Halse, som vil ta oss med inn i historia om den nynorske salmeboka.
På programmet står også fleire innslag ved Leikong blandakor, leia av dirigent Kjetil Eiksund. Solist Maren Elise Haanes Waagan bidreg med utvalde salmeskattar. Kjell-Roger Isene held andakt og får hjelp av Herøy Mållag til tekstlesing. Bak orgel og piano finn vi Ingrid Nerhoel.
Det blir også allsong, med kjende og kjære salmar, så leit fram songstemma og lesebrillene, ta med deg ein ven eller to og bli med i kyrkja!
Alle er hjarteleg velkomne!
PS! I 2025 vil det verte mange markeringar rundt i heile landet i høve at vi fekk den fyrste nynorske salmeboka.