Nynorskdagen 2024
Nynorskdagen – ein nynorsk festdag
Nynorskdagen er blitt ein fast merkedag for å feire nynorsken. 12. mai er dagen for det historiske jamstillingsvedtaket i 1885, då Stortinget vedtok å likestille landsmål med dansk.
Skriv nynorsk på nynorskdagen
Noregs Mållag og Norsk Målungdom utfordrar alle i heile Noreg til å skrive nynorsk denne dagen. Nynorsk er for alle, men er mindre brukt enn bokmål. Målet vårt er å vise at det ikkje er farleg å skrive nynorsk – og på nynorskdagen er det lov å prøve! Vonleg får me sjå mykje nynorsk på plassar der han ikkje er så vanleg.
#nynorskdagen
Bruk emneknaggen #nynorskdagen i sosiale medium. Klikk her for å lese meir om nynorskdagen.