kalender

Nynorskdagen

Tid:
12. mai 2022
Arrangør: Noregs Mållag og Norsk Målungdom

I høve «Frivilligheitas år» i 2022 har Noregs Mållag og Norsk Målungdom valt 12. mai som vår nasjonale markeringsdag. Dagen kallar vi nynorskdagen, og hovudbodskapen er skriv nynorsk på nynorskdagen!

Nynorsk er for alle!
Nynorsk er eit nasjonalt språk, som alle i Noreg lærer i skulen. Målet vårt er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og elles å vise fram det flotte språket og organisasjonane våre. Vi har valt 12. mai fordi denne dagen i 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål med «jamstillingsvedtaket».

Les meir om korleis markerer vi dagen?