kalender

Samling for unge vaksne

Tid:
10. september 2022
Arrangør: Noregs Mållag

Desse samlingane har blitt veldig populære. Dei som er inviterte, er medlemer frå 25 år til 40 år, i tillegg til sentralstyret i Norsk Målungdom. Dette er ei samling med både faglege innleiingar og sosialt opplegg, og siktemålet er å få unge vaksne tillitsvalde til å møtast, og gjerne også unge vaksne vi ynskjer skal bli tillitsvalde.

Seminaret blir på skrivarstova i Oslo laurdag 10. september og sundag 11. september. Deltakaravgift: 500 kroner (Noregs
Mållag dekkjer reise og mat)