kalender

Utdeling av Nynorsk litteraturpris 2026 og Nynorsk barnelitteraturpris 2026

Tid:
11. juni 2027— 14.15
Arrangør: Noregs Mållag, Samlaget og Det Norske Teatret

Nynorsk barnelitteraturpris vart fyrste gong delt ut i 1956 på landsmøtet i Noregs Mållag. Vi held fram ein 70 år tradisjon når det vert utdeling av pris til beste barne- eller ungdomsbok for 2026. Prisen er på 50 000 kroner.

Nynorsk litteraturpris vart stifta i 1982 av Noregs Mållag, Samlaget og Det Norske Teatret. Prisen er på 50 000 kroner og har blitt delt ut sidan 1982.

Svært mange av dei viktigaste nynorskforfattarane er tidlegare prisvinnarar.

Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag, står for utdelinga av prisen i Aasentunet i høve Dei nynorske festspela fredag 11. juni klokka 14.15 til 14.45.