norsk tidend

Kva no, kulturminister?

Anette Trettebergstuen, kulturminister (Ap). Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Regjeringa har enno ikkje diskutert om dei vil skjerpe den nye språklova, seier kulturminister Anette Trettebergstuen.

TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES

– Nynorskens stilling er viktig for meg, forsikrar kulturministeren til Norsk Tidend.

– Eg er brennande oppteken av norsk språk og språkpolitikk. Vi har eit språk som er truga frå mange hald.

– Skikkeleg skuffa

Våren 2021 fekk Noreg si aller første språklov. Den slår fast at offentlege organ «har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». Likevel var mottakinga av lova lunken, både blant målfolk og den dåverande politiske opposisjonen.

– Lova stadfestar at nynorsk skal ha eit særskilt vern, og det er ein siger. Men sett bort frå akkurat det, er det diverre lite styrking å sjå. Lova greier rett og slett ikkje å leve opp til sin eigen føremålsparagraf. Det er eg skikkeleg, skikkeleg skuffa over, sa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, tidlegare i år.

Kva no?

Anette Trettebergstuen (Ap), som i vår var første nestleiar for Stortingets familie- og kulturkomite, var einig: Språklova gjekk ikkje langt nok i å sikre nynorsk.

– Når vi skal ha to likestilte skriftspråk, kan vi ikkje la marknadskreftene rå, og det offentlege må gå framom for å fremje nynorsk. No har vi fått ei språklov som ikkje har betre reglar enn den gamle mållova, og i tillegg blir tenesteplikta for statstilsette endra frå at «tilsette pliktar» å nytte nynorsk til at statsorgana «kan krevje» at dei gjer det. Då meiner eg heilt klart nynorsk blir svekt, sa ho.

Den nye føremålsparagrafen måtte bli følgt opp av konkrete reglar, meinte ho då. No er Ap- politikaren sjølv blitt kulturminister. Så kva skjer med språklova no?

Kulturminister Anette Trettebergstuen tek eit godt tak i Ivar-bysta under Språkdagen i november. Foto: Oda Malmin

Vil følgje med

– Vi meinte, til liks med mange organisasjonar, at språklova ikkje gjekk langt nok i å sikre nynorsk, og vi fremja ein del skjerpa krav som vi ikkje fekk gjennomslag for i stortingsbehandlinga, seier kulturminister Trettebergstuen til Norsk Tidend.

Arbeidarpartiet kravde mellom anna at:

• ukravet til nynorskkompetanse for tilsette i staten skulle vere slik det var i den gamle mål- lova

• uorganisasjonar framleis skal kunne klage på vegner av enkeltpersonar

• det må stillast krav til dei språknøytrale fylkeskommunane om bruk av nynorsk, av omsyn til nynorskbrukarane i dei fylka det gjaldt

– Står de fast ved dette?

– Det er ein av dei tinga vi må sjå på etter kvart. Vi har ikkje fått sett på det i regjering enno. Men vi vil gjerne ha innspel frå målrørsla og andre.

Språklova er vedteken i Stor- tinget og gjeld frå og med 1. januar 2022. Ifølgje kulturministeren kjem ho til å følgje med på korleis lova vert etterlevd. Men regjeringa har enno ikkje diskutert om dei vil skjerpe lova.

Sanksjonar?

I dag har det ingen konsekvensar å bryte mållova, som ho heiter fram til nyttår. Om ein institusjon til dømes ikkje fyller krava for nynorskbruk, så skjer det ingenting.

– Ser du føre deg at det kan bli aktuelt med sanksjonar ved brot på den nye språklova, Tretteberg- stuen?

– Arbeidarpartiet fremja eit forslag om at det skulle lagast ei utgreiing om dette. Vi må kome tilbake til det, men vi har ikkje gløymt det, forsikrar ho.

– Du seier de ikkje har konkludert om språklova enno, at de må sjå på det. Kva er prosessen vidare no?

– Vi er tre veker inne i arbeidet, og det er ikkje alle ting vi har fått til å løfte fram enno. Eg skal setje meg ned og sjå på det etter kvart, svarar kulturministeren.

Vil lytte

Trettebergstuen vil tenkje språk i alt ho gjer som kulturminister, uansett om det gjeld litteratur, media eller andre område. I tillegg vil ho samarbeide tett med kunnskapsminister Tonje Brenna, og lytte til Språkrådet.

– Språkrådet er jo blitt oversett ved mange tilfelle dei siste åra, som til dømes ved namneval, seier ho.

Her vil den nye språklova vere ei nyttig rettesnor, ifølgje Trettebergstuen.

– Kva forhold har du sjølv til nynorsk?

– Eg er glad i nynorsk. Eg var ikkje så glad i det då eg gjekk på skulen, må eg innrømme, men eg ser verdien av det no.