Landsmøte 2026

Noregs Mållag skipar sitt 104. landsmøte fredag 24. til sundag 26. april 2026.

Møtet er på Radisson Blu Airport Hotel på Gardermoen. Hotellet ligg i gangavstand frå flyplassen. Opning av landsmøtet er fredag klokka 11.00 og landsmøtet sluttar sundag 26. april kl. 15.30.

Landsmøtet er det høgste organet i Noregs Mållag og vedtek både politikk, strategi og økonomien for organisasjonen. Det vert aktuelle innleiingar, politisk ordskifte og val av nytt styre i Mållaget. Det blir gode kulturinnslag og bra målfolk frå heile landet, så dette er absolutt noko å få med seg.

Fristar
Senda inn grunngjevne framlegg for lovendring, fråsegner og andre saker: 24. februar*
Levere påmelding til landsmøtet inkl overnatting: 15. mars
Betale landsmøteavgifta: 15. mars
Levere utsendingsfullmakt: 15. mars
Levere årsmeldingsskjema: 15. mars

Framlegg til saker*
I lov for Noregs Mållag, § 5.3, heiter det: «Når lokallag og fylkeslag (ved styre eller medlemsmøte) sender inn grunngjevne framlegg (lovbrigde, fråsegner og andre saker), og dei er styret i hende seinast to månader før fyrste landsmøtedagen, har styret plikt til å føra sakene opp på saklista, men det er landsmøtet som fastset saklista endeleg.» Frist for å senda inn saker som styret er pliktig å føra opp på saklista, er 24. februar.

Landsmøteavgifta
Landsmøteavgifta er i år sett til kr 2800 for kvar utsending, kr 1400 for utsendingar frå NMU. Avgifta dekkjer dei sentrale kostnadene ved landsmøtetilskipinga (kr 1200) og reisekostnader/reiseutjamning (kr 1600). Betal til konto 3480.13.83582. OBS! Nytt kontonummer. Merk betalinga med landsmøte 2026, namnet på lokallaget og talet på deltakarar de betaler for. Frist for å betala landsmøteavgifta er 15. mars.

Reiseutjamning
Reiseutjamninga utgjer kr 1600 av landsmøteavgifta. Målet med denne ordninga er at det skal kosta like mykje å reisa til landsmøtet, anten deltakaren bur i Suldal, Tromsø eller Oslo. Noregs Mållag samlar desse midlane i ein «pott» og refunderer reiserekningar som deltakarene sender inn etter møtet. Syner det seg at det blir pengar att etter at alle reiser er refunderte, betaler vi attende det overskytande til lokallaga fordelt på kvar utsending. Spør skrivarstova dersom du er usikker på korleis dette fungerer.

Utsendingsfullmakt-skjema
Vi strekar under at laget pliktar å sjå til at utsendingane er valde i samsvar med lov for Noregs Mållag. Utsendingar frå lag som til dømes ikkje kan dokumentera betaling av medlemspengar og påmeldingsavgift, påmelding innan rett tid, at vala har skjedd på årsmøtet eller på medlemsmøte der valet er kunngjort i innkallinga, får ikkje røysterett på landsmøtet. Lag der årsmøtet har gjeve fullmakt til at eit medlemsmøte vel utsendingar, må leggja ved dokumentasjon for dette. Vi strekar under at dette gjeld for alle lag i samskipnaden. Fullmaktsnemnda praksiserer reglane stramt, og slår særleg ned på tilfelle der utsendingane ikkje er valde i samsvar med vedtektene våre.

Frist for å senda inn skjemaet er 15. mars. Laga har fått tilsendt skjemaet, og det ligg ute på nettsida. Medlemstalet dykkar får på e-post i januar. Har de årsmøte etter 15. mars, må de gjera avtale med Erik Grov om sein levering.

Opphald
Utsendingane bur på Radisson Blu Airport hotel. Hotellet ligg 100 meter frå terminalbygningen/utgangen på Gardermoen. Opphald (overnatting og mat) må betalast i tillegg. Utsendingane tingar det dei vil ha av rom, måltid og andre kulturtilbod på eige skjema frå oss. Laga har fått tilsendt påmeldingsskjemaet, og det ligg også her. Frist for å tinga overnatting er 15. mars.

Val av utsendingar
Møtet er ope for utsendingar frå lokallag, fylkeslag og yrkesmållag. Desse vert valde på årsmøta i laga på nyåret. Har du lyst å vera med på årsmøte i laget ditt? Følg med når dei sender innkalling. Du kan også ta kontakt med leiar i laget. Kontaktinfo finn du i lagsoversynet.

Korleis skal me jobba for meir nynorsk?
På landsmøtet skal organisasjonen samla seg om nytt arbeidsprogram for 2026–2030. Fyrsteutkastet er no ute på høyring. Høyringsfristen er 29. januar 2026. Send innspel og endringsframlegg til framlegg@nm.no

Kven skal styra Noregs Mållag?
Alle i styret blir valde for to år og er på val kvart ordinære landsmøte. Valnemnda kjem med nytt framlegg seks veker før landsmøtet.