norsk tidend

Ny boklov: Usemje om sentrale punkt

Trettebergstuen fotografert med ei Ivar Aasen byste, men boklova innheld ikkje særlege tiltak for nynorsklitteraturen.

Den 18. august la kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) fram høyringsutkastet til ny boklov. Boklova er for dei store forlaga, meiner Skald forlag.

Den nye boklova innheld mellom anna ein ny føremålsparagraf. Denne seier at: «Lovens formål er å legge til rette for bredde, mangfold og kvalitet i norsk litteratur og å sikre god tilgjengelighet til litteraturen for alle i Norge. Loven skal også ivareta forfatter- og leserinteresser og legge til rette for et mangfold av aktører, bidra til å fremme kultur- og kunnskapsformidling og styrke skriftkulturen på bokmål, nynorsk og de samiske språkene.»

Boklova må vere eit verkemeiddel for å få meir nynorsk litteratur ut til folk.

Synnøve Marie stære, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Departementet føreslår til dømes at fastprisen på bøker skal verta rullerande. Det betyr at fastprisen byrjar frå kvar enkelt tittel er gjeven ut, heller enn å gjelda fram til 1. mai året etter utgjevingsåret. Fastprisperioden er også føreslått utvida, der både 12 og 18 månader er aktuelle lengder. Det er også føreslått at fastprisen skal vera sett til kvar tittel, heller enn på kvart format som i dag, og brukarvenlege reguleringar av lydbokmarknaden.

– Boklova må vera eit verkemiddel for å få meir nynorsk litteratur ut til folk, sa Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding 19. august. Dei var også glade for at framlegget inneheld ein språkpolitisk føremålsparagraf.

Usemje om viktige punkt

Forleggerforeningen melder på nettsidene sine at dei ønskjer lengre fastprisperiode velkommen. Dei vil også fjerna fastprisen på læremiddel og pensumbøker, og ønskjer eit makstak på rabattar – såkalla avanseregulering.

– «De beste forutsetningene for å opprettholde mangfoldet av bokhandler og forlag vil være en form for avanseregulering», seier adminstrerande direktør i Forleggerforeningen, Heidi Austlid.

Bokhandlerforeningen åtvarar derimot mot å innføra eit makstak på rabattar og å fjerna fastprisen på læremiddel.

– «Bokhandlerforeningen er som kjent sterkt imot at bokloven skal innføre reguleringer som favoriserer forlagene og svekker økonomien til bokhandelen. Det vil være et paradoks når det er bokhandler som har forsvunnet de siste årene og ikke forlag», skriv dei på nettsidene sine.

– «Vi ønsker en enkel boklov som sikrer forutsigbarhet, men som ikke detaljregulerer og begrenser vår mulighet å gi leserne et stadig bedre tilbud!», legg dei til.

Samlaget: Lova er til for lesarane

Norsk Tidend har tatt kontakt med både Samlaget og Skald Forlag for å høyre meiningane deira om utkastet. Samlaget har gitt svar på spørsmålet over e-post, og svara kjem frå administrerande direktør Edmund Austigard. Han er også leiar i Forleggerforeningen, men har svara på spørsmåla på vegner av Samlaget.

Kan du kort summera oppmeiningane dine om høyringsutkastet?  

– Det er ein styrke at det blir stilt opne spørsmål i dette godt gjennomarbeidde dokumentet. Det betyr ei reell høyring, og det bør det vera når saka er så samansett som denne. Denne lova skal først og fremst tena lesarane. Derfor skal me bruka tid på å forstå kva tiltak som treffer best der høyringsnotatet kjem med fleire alternativ.

NØGD, MEN UROA: Edmund Austigard er stort sett nøgd med framlegget til ny boklov. Samstundes er han bekymra for mangelen på nynorske læremiddel. Foto: Det Norske Samlaget.

– Generelt: Kva er dei beste punkta i høyringsutkastet? Kva ønskjer du at blir endra i høyringsutkastet? 

– Det viktigaste er at fastprisen kjem i lovform på ein måte som gjer at han blir reelt gjeldande, det vil sikra like konkurranseforhold. Eg trur også det er viktig at fastprisperioden er lang. Det vil bidra sterkt til forfattarøkonomien og sikra at fleire har råd til å skriva. Dermed blir det meir litteratur, og vil i sum bidra til eit best mogleg litteraturtilbod til lesarane. 

Opplever Samlaget særskilte utfordringar ved å vera eit utprega nynorsk forlag?

– Den gode norske bokhandelen saman med eit suverent biblioteksystem sikrar stort sett at nynorsk skjønnlitteratur for vaksne og sakprosa er tilgjengeleg for dei fleste. Me ser at lesarane lèt seg begeistra av nynorsk litteratur. Den store byrden er det nok barn og unge som må bera. Der er utfordringa samansett. 

Lova er laga for lesarane, deg og meg, ikkje for Samlaget eller andre forlag.

Edmund Austigard

Før skulebiblioteka får si eiga innkjøpsordning med øyremerkte nynorskmiddel, vil barna våre møta eit svært varierande tilbod, og dermed ganske ulike opplæringsvilkår. Det er utruleg at me vaksne ikkje greier å ordna opp i dette og gi barna ein kvalitetsgaranti på noko som er så viktig.

Korleis blir vilkåra for Samlaget om dette utkastet vert vedtatt? Som før, betre, eller verre?

– Lova er laga for lesarane, deg og meg, ikkje for Samlaget eller andre forlag. Blir dette vedteke, vil det gjera arbeidet med litteratur langs heile næringskjeda meir føreseieleg, og dermed bidra til at me som litteraturbrukarar kan venta oss eit minst like godt tilbod i framtida.

Etter di meining: Lever utkastet opp til føremålet om styrkje den nynorske skriftkulturen? Kvifor/kvifor ikkje?

– Boklova i seg sjølv endrar ingenting for nynorsken. Nynorsk treng det som er slege fast i språkmeldinga og dei særskilte tiltaka som er lova. Først og fremst at skulen og Utdanningsdirektoratet tek nynorsk på alvor, t.d. ved å sikra nynorske læremiddel til skulestart. 

Me hentar olje frå botnen av Nordsjøen, det er klart me kan fiksa nynorske læremiddel om me vil.

Edmund Austigard, administrerande direktør i Det Norske Samlaget.

Kva er det viktigaste me kan gjera for å styrkja nynorsk skriftkultur, etter di meining? 

– Me må vera i stand til å sikra barn og unge nynorsk litteratur der dei er – på skulen og i fritida – uavhengig av om dei har nynorsk som opplæringsspråk eller andrespråk. Ei styrking av skulebiblioteka gjennom ei nasjonal kvalitetsnorm som garanterer for formidlingskompetanse og relevant innhald. 

– Er lydbøker eit problem eller ein moglegheit for nynorsklitteraturen? 

– Lydbøker er flott, også for språkutviklinga. Samlaget sin jobb er å sikra at det finst eit rikt utval på nynorsk.

Ei særleg utfordring for nynorsken er mangelen på sakprosa og lærebøker i skulen. Bidreg boklova etter di meining til ei nødvendig styrking av sakprosa og lærebøker på nynorsk? 

– Som eg skreiv over gir boklova større føreseielegheit på allmennfeltet. Skulebøker er ikkje omfatta av lova. Både Kulturdepartementet og leiande kulturpolitikarar har identifisert mangelen på sakprosa for barn og unge. Viljen til å gjera grep ser derimot ut til å mangla.

– I år vil regjeringa argumentera for at pengane må gå til forsvar, tryggleik og straumstøtte. Ei minst like viktig investering i forsvar og tryggleik, er å bruka pengar på oppgradering av skulebibliotek. 

Samlaget gir ut så mange sakprosatitlar me finn økonomisk rom for, men me opplever dessverre årleg at særs gode sakprosabøker for barn og unge ikkje blir kjøpte inn av Kulturrådet. Når ein legg til at ein av Noregs to store bokhandelkjedar ikkje vil kjøpa inn nynorsk litteratur for barn og unge, ser alle at me her snakkar om eit stort strukturelt problem.  Men det skal jo vera rett fram å sikra at alle elevar har skulebøker og digitale læremiddel på sitt språk. Me hentar olje frå botnen av Nordsjøen, det er klart me kan fiksa nynorske læremiddel om me vil.

Skald forlag: Framlegget har manglar

Norsk Tidend har også ønskt å høyre med eit mindre, uavhengig forlag. Valet fall naturleg på Skald forlag, som i all hovudsak gir ut skjønnlitteratur og sakprosa på nynorsk. Me har snakka med forlagssjef Simone Stibbe over telefon.

Kva konsekvensar får boklova for dykk? 
– Boklova lovfester og erstattar Bokavtalen, som var mellom Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen. For oss som ikkje er medlem av Forleggarforeininga vil dette tyde at vi vil bli bundne av ting som til dømes fastprisavtalen. Men når det er sagt, så har vi heile tida halde oss til bokavtalen, med fastprisar og normalkontraktar, og eg er veldig positiv til at det blir ein lovbestemt fastpris for alle. 

IKKJE NOK: Simone Stibbe i Skald forlag er positiv til lovfesta fastpris. Ho synest likevel ikkje framlegget til boklov gjer nok for uavhengige forlag.

Kva er hovudårsaken til at ein har ønska å stå utanfor bokavtalen?

– Hovudgrunnen er nok at vi opplever Forleggerforeningen som ein svak fagorganisasjon for mindre forlag. I tillegg er det mykje dei same folka som sit rundt bordet i Bokhandlarforeininga og Forleggarforeininga. Aschehoug og Gyldendal eig delar av Norli og Ark. Dette vertikale eigarskapet er eit av hovudproblema i bokbransjen. Det gjer til dømes at dei forlaga ikkje er like sårbare ovanfor rabattordningar som forlag som ikkje er medeigar i bokhandelskjedene. Det dei taper på å gi i rabatt, kan dei hente ut igjen i overskot frå sal i butikkane. Slik sett er ikkje konkurransevilkåra like i utgangspunktet.

Kva er det beste med utkastet?

– Formålet om å minske diskrimineringa i bokbransjen. Det er mange gode ambisjonar bak utkastet om boklova, men eg er redd ein har ikkje heilt tenkt ferdig kva konsekvensar den kan få.

Kva konsekvensar tenker du på då?

– Kulturdepartementet ønsker innspel på om det skal vere eit makstak på rabatt for bøker inn til forhandlarleddet, altså bokhandlarane. Eit slikt makstak er eg i grunnen positiv til, men det blir problematisk når ein samstundes slepp fri marknadsstøtta. Denne fungerer slik at forlaga betaler bokhandlarane for å vere ein del i visse felles kampanjar og å framheve utvalde bøker på ein eller annan måte. Det gir dei finanssterke forlaga høve til å betale seg til meir plass og marknadsføring i butikkane.

Kort sagt er det ingenting i boklova som fremmar produksjon av nynorsk litteratur

Simone Stibbe, Skald Forlag

– Eg meiner marknadsstøtta bør vere ein del av rabattsystemet og dermed vere tett knytt opp til kor mykje bokhandlarane satsar på bøkene. I praksis vil det seie at ein blir samd om høgare rabatt ved visse satsingar. Bokhandlarane tar svært liten risiko slik det er i dag. Det er allereie dei som har mest forteneste av kvart sal, mellom 40-50% – tre gongar så mykje som forfattaren får – og det i grunnen berre for å ta inn ei bok utan at det er noko marknadsføring lagt inn i dette.

– I tillegg har ein returordningar. Så under streken er det forlaga som sit att med ein veldig stor del av risikoen. Marknadsstøtta som ein del av rabatten vil vere eit godt insentiv for bokhandlarane om å prøve å selje fleire bøker, og det er den einaste måten eg ser for at det ein kan oppnå målet om meir likestilling i bransjen. 

Som eit nynorsk forlag, skulle de sett fleire tiltak retta mot nynorsken spesielt? Er det noko i boklova som endrar vilkåra for nynorsklitteraturen?

– Kort sagt er det ingenting i boklova som fremmar produksjon av nynorsk litteratur, og eg er usikker på om Boklova er rette plassen for slike insentiv. Det bør heller komma gjennom støtte til utgivarar og forfattarar. Men det er klart at formåla som er formulerte i Boklova kan vere viktige grunnar kvifor ein bør auke midlane til utgiving av nynorsk litteratur. Her har Kulturrådet enda ein veg å gå for å finne gode ordningar.

Er lydbøker eit problem eller ein moglegheit? 

– Lydbøker er absolutt ein moglegheit. Men det er i dag lite insentiv for å gi ut lydbøker, spesielt på nynorsk. Det er også vanskeleg for små forlag å gå inn i dette.

– Med det sagt er eg mykje meir positiv til lydbøker enn e-bøker. Her kan ein gjere kunstnariske grep som gjer at lydbøkene framstår som eigne utgivingar. Det er veldig bra at departementet føreslår eit krav til strøymetenestene om å selje enkeltbøker og dermed gi tilgang til alle lydbøker utgitt i landet.

Kva synest du om tiltaka for lydbøker i boklova?

– Eg skulle gjerne sett meir standardisering. På same måte som alle bokhandlarane har leveringsplikt på dei same bøkene, burde ein krevje lydboktenestene å strøyme dei same bøkene. Det er bra for forbrukarane, forlaga og forfattarane. Så får ein konkurrere på andre måtar slik nettbokhandlarane gjer i dag.

– Eg er elles noko skeptisk til «sperrefristen» på lydbøker. No får ein ikkje lov til å gi ut lydbøker før fastprisperioden er gått ut. Det er jo eigentleg ganske diskriminerande ovanfor folk med lesevanskar, til dømes. Forlaga bør sjølve kunne bestemme kva tid dei vil gi ut ulike utgåver. Dette er fullt kompatibelt med å framleis lovfeste ein fastpris.

Eg er elles noko skeptisk til «sperrefristen» på lydbøker. No får ein ikkje lov til å gi ut lydbøker før fastprisperioden er gått ut. Det er jo eigentleg ganske diskriminerande ovanfor folk med lesevanskar

Simone Stibbe

Bokhandlarforeininga er opptatt av at ein ikkje må fjerne moglegheita til å gi 12.5% rabatt på fastprisbøker, medan Forleggarforeininga er for denne fjerninga. Kva meiner de, som uavhengig forlag? 

– Ved å avskaffe moglegheita til å gi 12.5% rabatt til medlemmar i bok- og kundeklubbar, tek ein bort levebrødet for bokklubbane og abonnementsordningane. Det meiner eg er feil. Vi har sjølve ein liten bokklubb for klassikarserien vår, noko som var heilt essensielt for å få spreidd verdslitteratur omsett til nynorsk. Utanom ein handfull kulturbokhandlarar var bokhandlarane i starten veldig skeptisk til å ta inn klassikarane våre. Så abonnementsordninga har vore svært viktig for å ha ei plattform for å vise fram bøkene. 

– Eg kan skjønne at ein kanskje tenkjer at den gamle bokklubbmodellen er utdatert, men problemet er at ved å fjerne moglegheita for abonnementsordningar og bokklubb, så tek ein vekk moglegheit til å skape nye modellar også. 

– Dessutan er det svært diskriminerande for den fysiske boka. Skal ein vere rettferdig bør ein då også ta vekk grunnlaget for strøyminga. Og det er det nok ingen som vil. Ikkje vi heller.

Forfattar: Vemund N. Knudsen