aktuelt

Superhelg i Mållaget!

Superhelg i Mållaget (Illustrasjonsfoto: Kristianne Marøy)

Frå 20. september til 22. september inviterer vi til seminar for nye lokallagsleiarar, samling for unge vaksne og styremøte. Til saman vert dette ei superhelg på Mållaget!

Møtestaden er skrivarstova i Dronningens gate 22. Påmeldingsfrist er 12. september. Les meir om det praktiske og påmelding til unge vaksen-samling og til seminar for nye lokallagsleiarar.

Program

Fredag 20. september: Seminar for ny lokallagsleiarar

16.00 Enkel servering til for dei som treng det

17.00 Velkomen ved Hege Lothe. Presentasjonsrunde. 

17.15 Medlemssystemet, medlemsregister, medlemspengar og verving. Årsmeldingar, mållagsåret, økonomi for lokallaga, momsrefusjon og Grasrotandelen med meir
ved Erik Grov, organisasjonsrådgjevar og Per Henning Arntsen, økonomirådgjevar
Spørsmål og ordskifte 

18.30 Korleis bli god på sosiale medium for lokale mållag? 
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag
Spørsmål og ordskifte 

19.30 Seminar slutt 

20.15 Felles middag på skrivarstova (for både styret, tilsette og deltakarar)

Laurdag 21. september

09.30 Kvifor nynorsk? 
– språkhistorie, språkstrid og argument
ved Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom 

10.30 Kvifor Noregs Mållag?
– om historia til målrørsla og mållaget
– kva slags sigrar byggjer vi vidare på?
– korleis er organisasjonen vår bygd opp?
ved Magnus Bernhardsen

11.20 Avslutning av denne delen av programmet. Evalueringsrunde. 

Fellesprogram for seminar for nye lokallagsleiarar og samling for unge vaksne:

11.30 Lunsj 

12.30 Velkomen til felles samling for unge vaksne, nye lokallagsleiarar og styret!
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. Presentasjonsrunde. 

12.45 Kva er utfordringane for nynorsk språk i språkmodellar og kunstig intelligens? 
ved Kristine Eide, seniorrådgjevar i Språkrådet og har ansvar for språkteknologi 
Kva utfordringar ser Mållaget? Førebudd kommentar ved Peder Lofnes Hauge
Ordskifte.

13.45 Pause 

14.00 Korleis få meir nynorsk i fagrørsla? Korleis kan Mållaget styrkje seg i fagrørsla?
ved Tommy Tverdal, leiar i Mållaget i LO-adminstrasjonen og varamedlem til styret i Noregs Mållag. 

14.40 Verving, verving, verving til 16 000!
ved Live Bjørnstad Havro, nestleiar i Noregs Mållag 

15.00 Takk for no! Avslutning av felles samling. 

***
Program for samling for unge vaksne

15.30 Opning av samling for unge vaksne. Presentasjonsrunde. 

15.45 Språk i valkampar med eit særleg blikk på Røldal i 1910
ved Jens Kihl, kulturredaktør i BT 

16.45 Om å vere ung og fersk i Mållaget  
17.30 Vi går saman til Det Norske Teatret 

18:00 Spynorsk. The musical. på Det Norske Teatret
21:00 Middag på Skrivarstova

Sundag 21. september 

10.00 Om å lese tekstar på nynorsk som sidemål
ved Elise Takle, universitetslektor ved Oslo Met 

10.50 Er det ein auka aksept for bruk av nynorsk og dialekt i media?
ved Tonje Thorstad Kildal, kommunikasjonsrådgjevar hjå Mållaget og skreiv oppgåve

11.30 Pause 

11.45 Den nye opplæringslova – eit framhald av språkleg nøytralitetspolitikk? Språklova heimlar differensierte tiltak for å styrkje nynorsken, men har det praktisk innverknad på utviklinga av ny språkpolitikk? Og korleis bør målrørsla arbeide strategisk med å oppnå dei språkpolitiske målsetnadane i språklova?
ved Synnøve Marie Sætre, som nyleg har skrive masteroppgåve om den nye opplæringslova 
Ordskifte 

13.00 Evaluering. Takk for no og lønsj! Slutt om lag 14.