Budsjett og rekneskap
Det  er  valfritt  om  ein  ynskjer  å  ha  eit  budsjett  som  blir  lagt  fram  og  vedteke  på  årsmøtet.  Det  er  fullt  mogeleg  å  lata  styret  styra  økonomien  gjennom  året.  Dersom  de  set  opp  budsjett,  er  det  viktig  å  gjera  det  i  samband  med  arbeidsplanen  og  rekneskapen  for  året  før. 
Rekneskapen  skal  godkjennast  av  årsmøtet.  Han  skal  gje  eit  oversyn  over  utgifter  og  inntekter  gjennom  året,  og  kor  mykje  som  står  på  konto  ved  årsslutt,  samanlikna  med  året  før.  Den  som  har  ansvaret  for  pengane  i  laget,  må  ta  vare  på  alle  kvitteringar  for  utlegg  og  inntekter.