Årsmøte

Årsmøtet er det høgste organet i lokallaget og skal haldast éin gong i året.

Her oppsummerer laget året som har gått og vedtek prioriteringar for arbeidet i det nye året. Eit årsmøte skal også vere ein sosial møteplass, med til dømes enkel servering og underhaldningsinnslag.

Før årsmøtet

Sende ut innkalling

De må gjere alle medlemmene kjende med at det skal vere årsmøte. Det kan vere med lysing i lokalavisa, på e-post, post eller annan måte. De kan få oppdaterte medlemslister og adresseetikettar frå mållaget sentralt. Vi legg gjerne inn årsmøtet i kalenderen vår. Fristen for å sende ut innkallinga er ifølgje mønsterlova tre veker før møtedato. Laga kan ha andre fristar i sine eigne vedtekter.

Døme på innkalling

Døme på sakliste

Trygge møteplassar i Noregs Mållag

Førebu val

På årsmøtet skal de gjennomføre val som ei valnemnd skal førebu. Dersom laget er nyoppstarta og ikkje har valnemnd, må nokon ta ansvaret for å førebu vala.

Årsmøtet skal velje

  • nytt styre. Leiar må veljast. I tillegg er det vanleg å velje nestleiar, kasserar, skrivar og éin eller fleire styremedlemer. Fordelen med denne modellen er at kvar enkelt styremedlem har faste arbeidsoppgåver frå starten av styreperioden.
  • utsendingar til fylkesårsmøtet. Det er vanleg med to utsendingar frå kvart lokallag, men sjekk gjerne om det finst reglar for utsendings- og røysterett i vedtektene for fylkeslaget dykkar.
  • utsendingar til landsmøtet (i landsmøteår). Utsendingar med vara må vere valde av årsmøtet, eventuelt kan årsmøtet vedta å delegere valet til eit seinare medlems- eller styremøte. Noregs Mållag må i tilfelle ha kopi av møtebok som viser at vedtaket er delegert.
  • valnemnd. Valnemnda har i regelen tre medlemer. 
  • revisor for rekneskapen. Revisor treng ikkje ha revisorutdanning.

Førebu rekneskap

Revisor må gå gjennom rekneskapen frå kasseraren, som årsmøtet skal godkjenne.

Skrive årsmelding

Styret må skrive årsmelding, som årsmøtet skal godkjenne. Det viktigaste er å gje eit oversyn over aktiviteten i lokallaget i førre kalenderår.

Døme på årsmelding

Setje opp budsjett og arbeidsprogram (valfritt)

Det kan vere nyttig å drøfte kva laget ynskjer å gjere det komande året, og korleis laget kan sikre økonomien for å kunne gjennomføre dei prioriterte oppgåvene. 

Døme på budsjett

Døme på arbeidsplan

Gjere framlegg om lokallagssats (valfritt)

Dei fleste medlemene i Noregs Mållag betalar ein lokallagssats i tillegg til den sentrale satsen på 300 kroner. Vi tilrår at lokallagssatsen er 60 kroner og fylkeslagssatsen 40 kroner, men laga står fritt til å vedta eit anna beløp på årsmøtet. Då får ein meir pengar til aktivitet i laget. Utan vedtak vert den satsen som laget sist vedtok, nytta.

Noregs Mållag krev inn lokallagssatsen som ein del av medlemspengekravet. Han vert utbetalt året etter.

Mønsterlov / vedtak av eigne lover

Kvart lokallag, fylkeslag eller yrkesmållag skal vedta eigne vedtekter / lover. Om laget treng nye nye vedtekter / lover er det årsmøtet som vedtek desse. Noregs Mållag har mønsterlov for lokallag og fylkeslag.

Mønsterlov for lokallag

Mønsterlov for fylkeslag

Vitjing frå Noregs Mållag?

Ynskjer de at Noregs Mållag vitjar årsmøtet i lokallaget dykkar? Ta kontakt med Hege Lothe, så prøver vi å få det til. 

Styret eller skrivarstova i Noregs Mållag vitjar alltid årsmøta i fylkeslaga.

Etter årsmøtet

Sende inn årsmeldingsskjema

De må fylle ut ut årsmeldingsskjema etter møtet, og sende det til oss. Det finst ulike årsmeldingsskjema for lokallag/yrkesmållag og for fylkesmållag. Hugs å lagre skjemaet, og opne på nytt, før de fyller ut.

Årsmeldingskjema for lokallag og yrkesmållag

Årsmeldingsskjema for fylkesmållag

Spørsmål?

Ta kontakt med Hege Lothe.