Liv (10)

Liv kjem frå ein liten plass vest i Noreg. Der brukar heile lokalsamfunnet nynorsk, og det har dei gjort lenge.

Dei siste åra har noko skjedd. Språket ho skal lære seg, blir mindre og mindre synleg i klasserommet. 

Norsk skule er nemleg ikkje lenger berre tavle, lærebok og skrivesaker. No er det kome eit større mangfald i læremiddel og ressursar. Læringsstiar, pedagogiske nettsider, ekstraark og appar er komne til som suppleringar til den velkjende læreboka. Men suppleringane har ikkje krav på seg til å kome på nynorsk. 

Sjølv om Liv kan finne tilbake til den trygge nynorsken i læreboka, vil ho i det store læringsmangfaldet oppleve at nynorsken ikkje er der. Det påverkar både moglegheitene hennar til å bli ein trygg språkbrukar og retten ho har til å få opplæringa si på sitt eige språk. 

Heldigvis har Stortinget no moglegheit til å hjelpe. I juni skal dei vedta ei ny opplæringslov, og i den lova kan dei lage paragrafen som gir nynorskelevane rett på ei fullgod opplæring på sitt eige språk. 

Vi i Noregs Mållag ønskjer eit krav om at alle læringsressursane som er utvikla for at Liv skal bruke dei i skulen, også må vere på nynorsk.