Nynorsklærar

Solgunn er lærar. Ho underviser på ein skule der elevane skriv nynorsk og undervisninga skal vere på nynorsk.

Skulen ho arbeider ved, har vore nynorskskule i lang tid. Når det kom nye lærebøker, har som regel Solgunn venta litt på at boka skulle kome på nynorsk, men boka kom alltid til slutt. 

No er det andre tider. Det er kome eit større mangfald i læremiddel og ressursar. Til glede for lærarar og elevar, men det skapar også problem. 

Læringsstiar, pedagogiske nettsider, læringsressursar, ekstraark og appar er komne til som suppleringar til den velkjende læreboka. Men suppleringane har ikkje krav på seg til å kome på nynorsk.    

Det gjer at Solgunn må velje mellom eit undervisningsopplegg der ho kan bruke alle dei kjekke nye pedagogiske elementa, eller ei opplæring der ho held igjen på dette og bruker meir av det utdaterte gamle materialet slik at elevane hennar kan møte nynorsk. Ho må velje mellom å gi elevane sine god opplæring i hovudmålet eller ei moderne opplæring.

Om Solgunn hadde arbeidd i ein kommune der dei skreiv bokmål og lærte bokmål på skulen, hadde ho ikkje måtta ta dette valet. 

Regjeringa seier at dei ikkje vil ha nynorskkrav på læringsressursane fordi det kan påverke det faglege og pedagogiske handlingsrommet til lærarar og skular. Men for Solgunn er det nettopp mangelen på dette kravet som påverkar det faglege og pedagogiske handlingsrommet ho har. 

Heldigvis har Stortinget no moglegheit til å endre situasjonen hennar. Denne våren skal dei vedta ei ny opplæringslov. I den lova kan dei lage paragrafen som gjer at Solgunn kan gi nynorskelevane sine ei like god opplæring som bokmålselevane får.