Momskompensasjon
Som lokallag kan de søkja om å få kompensert meirverdiavgifta (momsen) de har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med den statlege ordninga er å fremja friviljug aktivitet. Fristen for å søkja er 1. august kvart år, og skjemaet skal sendast til Noregs Mållag.
For å få momskompensasjon må laget
- ha organisasjonsnummer
- vere registrert i Frivilligregisteret (dette er ikkje det same som å vere registrert i Brønnøysundregistera)
- senda inn signert rekneskap for fjoråret
Send søknadssum og signert rekneskap til
Per Henning Arntsen.
Korleis søkje?
Noregs Mållag sentralt sender ein felles søknad for alle lokallaga til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Det einaste lokal- og fylkeslag må gjere, er å melda inn driftskostnadene, og leggja
ved godkjend rekneskap. Det vil seie at rekneskapen må vere revidert av ein revisor eller
annan oppnemnd tilsynsperson, signert og godkjend av årsmøtet. Noregs Mållag reknar ut
søknadsummen.
Kva er grunnlaget for søknadssummen?
Grunnlaget er årsrekneskapen for fjoråret. Søknadssummen er om lag 7 prosent av driftskostnadene.
Det kan søkjast om kompensasjon for alle typar driftskostnader til dagleg drift.
Dei lokallaga som til dømes har kjøpt bokpakker til barnehagar i sin kommune, kan ta med
dette i sin søknad. Andre døme er trykking av blad, eller innkjøp av rekvisita/vinstar.
Finanskostnader skal ikkje reknast med. Døme på finanskostnader er renter, purre- og
saksgebyr. Ein må også trekkja i frå utgifter til bygg og anlegg som ikkje blir nytta til frivillig
verksemd.
Kva er fristen?
Fristen for å senda søknad til oss er 1. august. Utbetaling til lokallaga er i midten av desember.
Spørsmål?
Ta kontakt med Per Henning Arntsen, eller 95 29 32 89.
Her finn du det gamle søknadsskjemaet. Dette er no lagt inn i årsmeldingsskjemaet.