Inntektskjelder frå Noregs Mållag

Sal av adventskalendrar
Kvart år sel Noregs Mållag adventskalendrar som lokallaga kan kjøpa til redusert pris, og selja vidare til full pris. Kalenderen er eit lotteri, der ein kan vinna fine vinstar kvar dag. Ta kontakt med Per Henning Arntsen.

Sal av tilfang
Noregs Mållag lagar eige tilfang som me sel i Krambua. Lokallaga kan få noko av det til redusert pris for å selja det vidare. Ta kontakt med Gro Morken Endresen.

Søk organisasjonsmidlar
Lokal- og fylkeslag kan søkja organisasjonsmidlar på inntil 100 000 kroner til særskilte tiltak.

De kan søkja om midlar til opne møte, konferansar og samlingar, eller heilt andre ting som lokallaget meiner vil vera organisasjonsbyggjande.

For å få tilskot frå organisasjonsmidlane må laget kunna kryssa av for at tiltaket dekkjer minst eitt av desse krava:

  • styrkjer opplæring av eigne tillitsvalde/medlemer, slik at dei vil vera betre i stand til å ta på seg verv og oppgåver i framtida
  • er eksternt påverknadsarbeid gjort av eigne aktivistar, til dømes besøk for å snakka med pedagogar/lærarar i barnehagar og skular, kommuneleiing eller ha verveaksjonar/stand
  • tek opp målpolitiske emne som har til mål å styrkja den ideologiske/politiske/organisatoriske kunnskapen i organisasjonen
  • tek mål av seg til å påverka samfunnet for å styrkja nynorsken/dialektbruken på staden

Berre unntaksvis gjev vi støtte til kulturelle program, og det må som eit minimum vera informasjon om mållagsarbeidet og korleis ein blir medlem på slike arrangement.

Send søknad til Gro Morken Endresen. Søknadene blir behandla av styret og må sendast inn seinast åtte dagar før neste styremøte for å bli vurderte der.