Inntektskjelder utanfor laget

Registrering i Grasrotandelen
Medlemer eller andre interesserte kan oppmodast om å gje 7 % av summen dei brukar på spel frå Norsk Tipping, til lokallaget.

Hefte og bøker
Mange lokallag gjev ut bøker og hefte av ymse slag. Julehefte, dialektbøker, namnebøker og songbøker er populære.

Møte og festar
Nokre har faste tilskipingar som kulturkveld eller bokkveldar kvart år, medan andre lag inviterer til samlingar med meir ujamne mellomrom.

Lokale lotteri
Utlodding kan vera eit godt avbrekk under årsmøtet eller på seminar. Somme nyttar vervepremiar frå Noregs Mållag som premiar.

Målgåver
Nokre lokallag sender ut eigne målgåveopprop til medlemene sine.

Studiearbeid
Noregs Mållag er medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon, eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur. Alle lokallag i Noregs Mållag kan få støtte til tilrettelegging av tilbodet og studiestøtte. Her finn de rettleiing.

Tilskot og løyvingar

  • Somme kommunar gjev stønad til lag og foreiningar. Fylkeskommunane gjev ofte støtte til tiltak som femner om fleire kommunar. 
  • Lokale sparebankar har ofte føresegner som seier at dei skal stø lokale kulturaktivitetar. 

I Legathandboka er det ei rekkje fond som gjev tilskot til kultur- og målarbeid.

EAN-kode og ISBN-nummer til sal av produkt?
Noregs Mållag har lisens på både strekkodar og ISBN-nummer, så om lokal- eller fylkeslaga treng dette til eigenprodusert tilfang og/eller bøker, ber vi dykk ta kontakt med Erik Grov.