Medlemspengerefusjon til lokal- og fylkeslaga

Medlemspengane til Noregs Mållag sentralt vert fastsette på landsmøtet. For 2024 er det 310 kroner for hovudmedlemskap og 155 kroner for husstandsmedlemskap.

Noregs Mållag krev i tillegg inn eventuell fylkes- og lokallagssats som ein del av medlemskontingenten. Denne vert automatisk betalt attende til laga året etter, så sant laga leverte årsmelding for året før. Om laget ikkje har levert årsmelding på nokre år, får ein maksimalt utbetalt dei siste tre åra når ein leverer årsmelding. 

Fylkes- og lokallaga vedtek eigne medlemspengesatsar på sine årsmøte, som dei vil at medlemene skal betale til dei. Om laget ikkje vedtek nokon sats, vidarefører me den satsen som laget sist vedtok.

Tilrådd sats for fylkeslaga er 40 kroner, og tilrådd sats for lokallaga er 60 kroner. Laga står fritt til å vedta andre summar. 17 av 18 fylkeslag i Noregs Mållag har eigne satsar mellom 20 og 50 kroner, medan lokallaga varierer mellom 0 og 100 kroner. Nokre vedtek rabatt for husstandsmedlemene i laget.

Døme:
Oppidalen Mållag vedtek 60 kroner i lokallagssats, og halv pris, 30 kroner, for husstandsmedlemer. Oppidalen Mållag ligg i under fylkesmållaget Dalen. Dalen fylkesmållag har 50 kroner i fylkeslagssats, og ingen rabatt for husstandsmedlemer. Reknestykka vert då slik:

Ein hovudmedlem i Oppidalen Mållag betalar
310 kroner til Noregs Mållag, 50 kroner til Dalen fylkesmållag og 60 kroner til Oppiddalen Mållag = 420 kroner.

Ein husstandsmedlem i Oppidalen Mållag betalar
155 kroner til Noregs Mållag, 50 kroner til Dalen fylkesmållag og 30 kroner til Oppidalen Mållag = 235 kroner.